onsdag 23. april 2014
Korleis har du det på jobben din?
Om du nå har ein jobb, og har vore så uheldig å bli langtidssjukmeldt, så er det ingen bønn: etter 12 månader må du i gang igjen om du ikkje vil ha inntektene dine sterkt redusert. Dette veit vi kan slå urimeleg ut overfor kreftsjuke for eksempel, jamfør oppslag i avisene det siste halve året. Dersom du er sjuk og har fått deg ei sjukmelding, er legane nå oppfordra til å avgrense sjukmeldingsperioden. Ein tenker at det er "sunt å gå på jobb", og dette er visst også forskingsbasert kunnskap. Det kan godt hende det stemmer for mange, da arbeidsplassen jo også er ein arena for sosiale relasjonar og følelsen av å vere til nytte mellom anna. Det kan også gjere godt å få tankane over på noko anna enn sjukdom og bekymringar. For andre kan desse krava bli for store, og utgjere ei ekstra bør i tillegg.
Med andre ord er det sterke føringar for oss arbeidstakarar om at vi både bør og må kome oss på jobb. Da tvingar det seg fram eit lite spørsmål hos meg: kor tydelege krav kan vi arbeidstakarar tillate oss å stille til arbeidsplassen vår da? Det er vel ikkje meir enn rett og rimeleg at desse må stå i samsvar med det tydelege "presset" frå samfunnet om å stille på kontoret eller personalrommet om morgonen. Eg har ikkje fått med meg at dette har vore særleg tema i avisene eller fjernsynet. Eg trur for min del dessverre at dei udugelege sjefane, dei lite imøtekomande kollegaene og dei uformelle grupperingane der ikkje alle har innpass får leve vidare i fred - akkurat som før. Det får også jobb-bøllene, mobbarane og dei som ikkje likar forandring. Dei kjende hersketeknikkane til Berit Ås lever fortsatt godt på arbeidsplassane rundt omkring, og er fortsatt like effektive, og like krenkande og sårande, brukt mot både kvinner og menn.
Dersom vi verkeleg vil at "alle" skal jobbe uansett, så må vi vel snart sette eit kritisk søkelys på arbeidsplassane våre, og sjekke om dei fyller krava til ein helsefremjande stad å vere? Eg meiner at vi må stille mykje større krav til både leiarar og arbeidstakarar enn vi gjer i dag dei fleste stader. Vi veit veldig mykje om kva som skal til. Innanfor psykologien er det eit fagområde som heiter arbeidspsykologi, der det finst kunnskap om kva faktorar som fremmar både jobbeffektivitet og trivsel, og indirekte også fremmar god psykisk helse. Nå synest eg det er på tide å ta denne kunnskapen meir i bruk. Kanskje ikkje minst i norske kommunar?
Skal vi sjå litt framover, så må kommunane dei neste 10 åra ta på seg ansvaret for nye, store oppgåver når det gjeld alt frå psykisk og fysisk helse, skule, barnehage og barnevern. Vi skal både forebygge, sette inn tiltak tidleg og behandle. Alt dette vil krevje gode, solide arbeidsmiljø der vi ser på oppgåvene våre i fellesskap, og der det ikkje lenger blir plass til "småkongane" som sit og forvaltar eit bestemt lovverk, og som i kraft av det har tillete seg å danne ei eiga "øy" i den kommunale "fjorden". Samhandlingsreforma krev av oss at vi bygger bruer og besøker kvarandre på øyene våre, heller enn at vi tviheld på dei gamle grensene. Desse nye krava vil til de grader sette oss på prøve, og utan meir offensive og klare krav til arbeidsmiljøa rundt omkring trur eg ikkje vil vil greie å oppfylle forventningane.
Kva er eit godt arbeidsmiljø da? Vi skil mellom dei fysiske tilhøva på jobben, og det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er klart at i våre dagar er det ikkje arbeidsstilling, belysning og tunge løft som er det mest avgjerande på dei fleste stader, sjølv om det også framleis er viktig i til dømes pleie og omsorg. Nei, eg tenker nok at den mellommenneskelege samhandlinga er enda viktigare trass alt. Dersom du føler deg trygg, respektert og sett pris på av kollegaer- og i tillegg har ein sjef som hører på deg og hjelper deg om du har eit problem, så har du eit godt arbeidsmiljø. Da har du trekt vinnarloddet i arbeidslivet, og bør kjenne deg både takksam og glad!
Som med så mange andre ting her i livet kokar det altså ned til nokre temmeleg grunnleggande menneskelege behov. Ein kjem faktisk ganske langt med sunt bondevett og god folkeskikk, men nokon må nok sjå det som si oppgåve å sørge for at vi brukar denne kunnskapen også på jobb.
fredag 11. april 2014
Om å ha klasserommet som arbeidsplass
Etter å ha jobba ei stund med barn og unge må eg seie at eg ser for meg ei endelaus rekke av barn og ungdom som har fortalt liknande historier. Den eine beretninga etter den andre kjem fram i minnet, om utestenging, sinte lærarar, plaging og hatefull håning, slag, spark og skjellsord. Ofte har ikkje dei vaksne klart å oppdage eller gjere noko særleg med dette, trass i at eg veit at dei fleste verkeleg har prøvd.
I opplæringslova §9A står det at står det at "Så lenge eleven har en subjektiv oppfatning av at det psykososiale miljøet ikke fremmer hans/hennes helse, trivsel eller læring, har skolen en plikt til å rette dette".
Hmmm, her er det ein diskrepans så vidt eg forstår. Ut frå dette kan ikkje læraren slå seg til ro med at alt egentleg er greit, så lenge eleven si subjektive oppleving seier noko anna.
Da trur eg vi må ta ein runde til med lærarane til denne eleven, og enda ein gong gå gjennom kva tiltak som kan vere til hjelp. Eg tenker også på at eg ved neste høve skal prøve å formidle til dei noko av den stille, triste fortvilinga eg har sett så mykje av. Om den kjem frå ein hybelbuande 17-åring som har bruk for å bearbeide ting som skjedde for lenge sidan, eller det er nokon som sit midt oppi det nå, og som det framleis er muleg å skåne for nokre sår og skrammer.
Eg tenker også på at vi aldri må gløyme at for den utstøtte og sårbare vil også små teikn på avvising og forakt såre veldig, og at det er himmelvid skilnad på korleis den robuste og trygge eleven oppfattar desse ofte subtile signala, og korleis dei blir tolka og oppfatta av den som er utanfor frå før .
Da er det godt at Opplæringslova faktisk tek vare på denne skilnaden, og held fram kor individuelt det faktisk er om ein opplever skulekvardagen som god eller farleg.
mandag 10. februar 2014
Nytt år - igjen!
Dette blogginnlegget om beslutningsvegring traff meg midt i solar pleksus, så da får det bli litt blogging igjen her. Har tenkt på det ei stund, men så er det det med å gjere det ein har tenkt da.... "Passiviteten gjør at påstander, intensjoner og motiver ikke blir satt på prøve". "Beslutningens åpenbarende karakter gjør oss derfor sårbare". Treffande sagt, og det treffer eit ømt punkt hos meg i alle fall.
Derfor blir det litt skriving igjen. Veit ikkje om eg har så mykje meir elevert å kome med i dag, anna enn at eg i det siste har blitt enda meir klar over kor kort dette livet er, og kor fort tida vår her på jorda er oppbrukt. Det å gjere ting er noko ein må sette i gang med før det er for seint med andre ord!
Det eg har saksa er skreve av Paul Otto Brunstad i bloggen hans som du finn her: http://www.pobrunstad.no/
BESLUTNINGSVEGRING
Når jeg nå velger å ta opp igjen skrivingen av denne spalten, har begrepet beslutningsvegring fått fornyet aktualitet. Det er om denne vegringen dette mitt første blogginnlegg i denne runden skal handle om.
Beslutninger har en avslørende karakter. En ny runde med skriving i denne spalten kan jo avsløre at jeg ikke hadde noe særlig å fare med lenger. Dette dilemmaet kunne vært unngått ved å forbli taus, ikke la meg friste til å skrive nye bidrag. Kunne da leve med det jeg har gjort av skriving, uten risiko for å gå på en ydmykende smell.
Våre handlinger forteller altså noe om vi har kontroll eller ikke, om vi har gjennomføringskraft eller ikke, om vi har noe å fare med eller ikke. Vi kan si mye, men i det vi velger å handle, kommer det for en dag om det hele var bare ord eller om det var hold i det. Så lenge en bare sier at en kan gjøre noe, har en sitt på det tørre. Passiviteten gjør at påstander, intensjoner og motiver ikke blir satt på prøve. Passivitet, det ikke å gjøre noe, etterlater en paradoksal mulighet for at jeg faktisk kan mestre det jeg hadde tenkt.
Hannah Arendt er opptatt av handlingers eller beslutningers åpenbarende karakter. Våre valg avdekker noe av vår identitet, de sier noe om hvem vi er som mennesker, hevder hun i boken The Human Condition. Noe av vårt skjulte eller sanne jeg blir gjennom beslutningen gjort synlig for verden og menneskene rundt oss. Blir vi værende i vår passivitet, blir vi utydelige for våre omgivelser. Straks vi beslutter å gjøre noe, etterlater vi oss spor, spor som forteller noe om karaktertrekk, egenskaper, ferdigheter, gaver, talent, men også noe om svakheter som ligger skjult under handlingsvegringen passive fremtoning.
Valg røper oss, og noen ganger mer enn vi skulle ønske. Her er vi kanskje ved beslutningsvegringens kjerneproblem. Vi vil ikke risikere den posisjon eller «standing» vi har bygget opp gjennom det vi tidligere har gjort. Ved å gå opp til en ny eksamen, skifte jobb, skrive en ny bok, ta på seg krevende oppdrag eller ta opp igjen en gammel blogg, utsetter vi oss for en reell risiko, en sjanse for å mislykkes. Frykte for å mislykkes, for ikke innfri forventinger til oss selv og fra andre, er trolig noen av beslutningsvegringens dypeste grunner. Dette er ingen byggende frykt, tvert om, den frarøver oss noe av livsutfoldelsen. Slev om beslutningsvegring kan beskytte oss fra å feile, vil den samtidig også hindre oss fra å vokse som mennesker og vinne ny innsikt og forståelse. Dristigheten fordamper og med den også gleden av å kunne oppdage nytt land, forstå nye sammenhenger og oppleve nye gleder.
Share|Når jeg
torsdag 12. januar 2012
Nyttårsdikt (reprise)
KRAFT
Pila si reise mot blinken
er det eg vil.
Om eg så treffer veggen - var turen dit ein jamn boge av
gull og stål.
Tvilen ligg på bakken og rotnar.
Ynskjer alle eit GODT NYTT ÅR i 2012!
tirsdag 10. januar 2012
Kristin Ribe om sjølvskading
Les og bli klok, og kanskje berørt:-) Ha ein fin dag!
tirsdag 8. mars 2011
Skulle ønske eg kunne trylle.....
Eg er i den unike posisjonen at eg brukar store delar av dagen til å snakke med folk som strevar med liva sine, og det er mange! Felles for nesten alle desse er at dei ikkje greier å tru at dei er gode nok, flinke nok eller verd å elske! Det paradoksale er at dette gjeld folk som sett utanfrå kan vere både pene, snille og flinke - , men som likevel har eit så negativt syn på seg sjølv at dei er djupt fortvila og ikkje greier å sette pris på livet.
Eg blir fortvila over kor mykje liding som finst i verda, men verst er det å tenke på at ein stor del av den er "unødvendig"...
Vi menneske treng ein del ting for å vere glade: vi treng å bli sett og bekrefta av nokon, vi treng å oppleve meistring og vi treng draumar og håp. Skulle ønske eg kunne trylle.....
onsdag 24. november 2010
Bør psykologar uttrykke frustrasjon?
Å skrive ned tankane mine har også ein mentalhygienisk funksjon for meg. Det er slik at til og med psykologar kjenner på eiga dugløyse i jobben av og til, og kan gå i den fella at ein tenker at alt negativt som skjer tyder på at eg ikkje er flink nok. Å sette ord på kjenslene og tankane mine i bloggen har fungert som ein måte å sortere på, slik at eg skal sleppe å ta ansvar for alt som har gått skeis, og alt som eg ikkje har lykkast med. Sjølvsagt er det ting eg skulle ha gjort betre, som det er med dei fleste, men både eg og mine komande pasientar har best av at eg greier å finne att min eigen kompetanse midt oppi alt dette. Eg har samtidig prøvd å halde meg på eit generelt plan, og meiner eg peikar på idear og prinsipp som gjeld for alle, men har muligens ikkje lykkast heilt med det?
Så til tittelen på blogginnlegget. Mitt svar på spørsmålet er ja. Det avgjerande er sjølvsagt kva slags frustrasjon det er snakk om. Eg prøver å halde meg innanfor rammene av det som er etisk forsvarleg ved å sette ord på frustrasjon i høve til system og samfunn, og ikkje i høve personar. Det å skrive denne bloggen er viktig for meg personleg, men eg vil også vere så ubeskjeden å hevde at ei stemme frå ein behandlarkvardag kanskje kan vere nyttig for andre også? Vi er ikkje så mange i mi yrkesgruppe som driv med slikt. Forrige blogginnlegg har eg i alle fall fått positiv respons på frå kollegaer som seier dei kjenner seg igjen i det eg skriv, men at dei ikkje har tenkt på det før... Da har det kanskje vore til litt nytte likevel da?
mandag 13. september 2010
Arbeidsforvirra helsearbeidar
Ellers er dette ein både plutseleg og sporadisk oppdatert blogg som det heiter. Det må de leve med...
Noko eg ikkje kan leve med lenger er jobben min. Eg har ikkje tenkt å gjere som ho Pia i Østlandssendingen og annonsere min avgang på bloggen, men eg har sagt til sjefen min at eg kjem til å seie opp.... Kvifor det? Har bra jobb på hyggeleg arbeidsplass, det er ikkje der det ligg.
Denne avgjerda handlar om mange ulike ting, nokre har med meg å gjere og nokre har med andre ting å gjere. EIT av dei mange momenta handlar om dagens psykologrolle.
Eg høyrer til ei yrkesgruppe som seilar i medvind, og har gjort det ei stund. Det er etterspørsel etter oss, og faget vårt. Folk har stor tru på at psykologar kan og veit ting som er viktig, og delvis skjult for andre? Dette fell også saman med behandlings-samfunnet som vi lever i, der vi trur at det aller aller meste av problem og plager kan behandlast vekk. I denne tidsånda er det eg dei siste sytten åra har vore psykolog i psykisk helsevern for barn og unge.
Kva så? Jo, eg merkar ein slitasje. Ein ganske stor slitasje i høve til dei forventningane samarbeidspartnarar, kollegaer, pasientane sine foreldre og kanskje også eg sjølv har til kva eg kan klare å få til! Det blir jo forventa at ein psykolog med seks års tung fagutdanning skal kunne utrette under. Vi bør kunne trylle, vi bør ha ein poste med magisk pulver som vi kan drysse rundt oss. Ikkje minst når du jobbar i "BUP" blir desse uuttalte forventningane merkbare. Vi jobbar hovudsakleg med klientar i dei tyngste gruppene. Dn støste leverandøren til oss av pasientar er barnevernet. Kven havnar først i barnevernet og så på BUP? Jo, dei aller mest skadeskotne og skada ungane, dei med alkoholiserte foreldre, fem flyttingar før dei var ti og oftast fysisk og psykisk omsorgssvikt. Vi har brotne relasjonar svært tidleg, vi har med andre ord tilknytningsskader på alle mulege nivå og alvorsgradar. Kve GJER ein med desse pasientane? Hjelper det med dei gode gamle behandlingsmetodane som leiketerapi og samtaleterapi? Hjelper det med kognitiv terapi som er så anbefalt for tida? Hjelper det med Marte Meo, FNT, ART eller flipovermetoden? NEI! Eg har lyst til å rope det ut: NEI det gjer dessverre ikkje det. Synd å seie det, eg trur ikkje på under eller magi! Kva hjelper da? Jo, igjen ber eg om unnskyldning for å seie noko så formasteleg, men det er
1. Grunnleggande endringar i miljøet rundt barnet (er det endringspotensiale?)
2. Tett samarbeid mellom miljø (foreldre etc.), skule, barnevern og BUP og andre (må ha nok tid!)
3. Langvarige tiltak (dyre!)
4. Tunge nok tiltak (dyre!)
5. Fleire tiltak samtidig (treng kompetente folk!)
5. Ei felles forståing av alvoret og vanskegraden, og ingen lefling med kjappe lettvinte løysingar. (Krever stor sjølvdisiplin og evne til å halde ut!)
Dette er det eg meiner trengs. Beklageligvis er dette upopulært i dag. Kommunane, som er forventa å skulle stille med ressursar i form av pengar og folk er fattige. Barnevernet er for tida prega av en "kjapp og lettvint"-tankegang, og er ofte i utakt med seg sjølv. Da tenker eg på det kommunale nivået på den eine sida, og dei som styrer institusjonar og ungdomsheimar og ulike heimebaserte behandlingsformer på den andre. (BUF-etat, staten). Samfunnet, og BUP, fløymer over av hjelpetrengande barn og ungdom, truleg mykje på grunn av moderne livsstil med lite stabilitet og kontinuitet, og stort ønske om umiddelbar behovstilfredsstillelse hos foreldregenerasjonen.
Vi druknar i arbeid, og blir frista av amerikanske sertifiseringsmetodar der du kan blir ekspert på å løyse alle slags problem berre du går på kurs i to år, filmar alt du gjer på video, går i veiledning, tek eksamen og svergar på bibelen at du aldri aldri skal gjere eit einaste avvik frå den strenge behandlingsprosedyra du har lært. For å behalde sertifiseringa di må du også følge opp med ei viss mengde rettleiing og kursing. Alt til ein ublu pris, sjølvsagt (dette er ein eigen industri), og sjefen din må reikne med at du ikkje får gjort meir enn 30% av arbeidet ditt dei to åra du driv med dette.
Eg har ikkje ei einaste sertifisering. Ikkje vil eg ha det heller. Det er sjølvsagt ein stor mangel ved meg som psykolog. Eg trur heller ikkje på under. DET er ein om muleg enda større mangel ved meg som psykolog. Eg burde har trudd at eg var ein par steg under gud, og levd opp til dei store og ganske infantile forventningane eg blir møtt med i jobben min. Det er mykje legedom i sterk tru og håp, blir det sagt. Jo da, eg veit det. Det er berre det at det finst visse grenser for både bedrag og sjølvbedrag. Eg sel ikkje sjela mi, og eg går ikkje på akkord med det eg VEIT om menneske og kva dei treng etter desse sytten åra. Difor er eg nå i ferd med å seie opp jonbben min på Nordfjord-BUP, og finne på noko anna. Fortsettelse følger...
onsdag 18. august 2010
Mange+barn+blir+feildiagnostisert+med+ADHD
Det "nye" nå, er at også vaksne gjerne vil ha sjekka om dei har ADHD. Det er det sjølvsagt psykisk helsevern for vaksne som må gjere. Kva statistikken seier om forekomst her, og evt. auke i tal diagnoser veit eg ikkje, men eg vil tippe det er råd å sjå ein kraftig auke om ein set seg ned om studerer tala. Så får vi berre håpe da, at vi ikkje får eit liknande problem med desse vaksne ADHD-arane om nokre år. Da kan det kanskje bli rettssystemet som må belage seg på å gjere ein jobb? Barn er som kjent ikkje så flinke til å klage på feilbehandling dei....
Mange+barn+blir+feildiagnostisert+med+ADHD
søndag 25. april 2010
Å google navnet sitt.....
Lenke 1
Lenke 2
Har saksa litt av teksten frå heimesida til Huskeberta, med link til "Svartelista", der mitt navn står:
"Personer med tilknytning til barnevern og andre aktører som medvirker til psykisk terror mot familier som der igjen fører at barn blir tvangsfjernet fra sin biologiske familie, vil få sitt navn oppført på denne eksklusive hjemmesiden.
Melding av navn som en ønsker inn på disse listene forutsetter medlemsskap i Gruppen til Familiens Selvstendige Rett (GFSR).
Navn som er meldt inn til listene og er blitt antatt, vil under ingen omstendigheter bli fjernet igjen.
Alle handlinger relatert til andre menneskers rettigheter, hvis maksime ikke lar seg forene med publisitet, er urettmessige."
Det er "Gruppen Til Familiens Selvstendige Rett" som har laga denne lista. Dei skriv på sine sider: "Oversikt over fagfolk vi og våre medlemmer ikke kan anbefale grunnet selvopplevde negative erfaringer. Varslingslisten er et redskap for mennesker som utsettes for det de opplever som overgrep fra ulike instanser.
At eg kjem i selskap med folk som Magne Raundalen, lærebokforfattar Hilchen Sommerschild og barneombud Reidar Hjermann er jo ei lita trøst. Likevel må eg seie at eg blir ganske sint, oppgitt og lei meg. Eg forstår at folk som har opplevd harde rundar med barnevernet og avgjerder dei ikkje har vore enige i, blir fortvila og sinte. Eg forstår at desse menneska kanskje ikkje føler at dei har så mange kanalar dei kan bruke for å slå tilbake på det dei opplever som eit overgrep. Det som gjer meg bekymra er at menneske som faktisk treng barnevernet og psykologar til å hjelpe seg, blir unødig skeptiske og mistenksomme av dette. Det å ikkje greie å bruke den hjelparen du faktisk har tilgjengeleg kan også bli eit problem for nokon. Det trur eg ikkje dei som har laga desse listene har tenkt nøye nok igjennom.
I samband med kva slags sak eller saker eg har havna på denne lista anar eg ikkje. Eg har prøvd å gjere jobben min til barnets beste i 17 år nå. Det at det er barnet vi skal sjå, og ikkje først og fremst dei vaksne, gjer at vi av og til kjem i konflikt. Å jobbe med barnevernssaker er noko av det vanskelegaste og mest fagleg utfordrande du kan drive med som psykolog. Eg er ofte i opposisjon til både foreldre og barnevernstilsette i dei sakene der temperaturen er høgast. Det er ikkje ein einaste alvorleg barnevernssak som er slik at du kan velge den optimale løysinga eller tiltaket. Ofte har du berre nokre få valg på nederste hylle å forhalde deg til. Det finst ikkje nokon alternativ igjen på dei øverste hyllene! Det er smertefullt å ta inn over seg dette, og lite å gjere med det. Heldigvis gjer alder og erfaring noko med ein slik at ein kan klare å romme andre, med andre meiningar, andre forståingar og andre haldningar enn ein sjølv. Det er ofte heilt avgjerande og nødvendig for i det heile å få til noko som helst av betydning for ungen eller ungdommen.
Når konfliktene er prega av svart/kvitt-tenkning og ein deler folk inn i djevlar eller englar, da er det på tide å ta fram dei psykologbrillene ein møysommeleg har skaffa seg opp gjennom åra; dei som syner nyansane og gråsjatteringane i verda...... Det viser seg at desse brillene rett og slett er til forveksling like menneskebriller med same effekt. Altså: det å vere "ein klok, gamal psykolog" er om lag det same som å vere "ei klok, (litt) gamal dame" - pluss dei faglege kunnskapane og erfaringane sjølvsagt. Men det forunderlege er at det er den menneskelege erfaringa som er den viktigaste når alt kjem til alt.
søndag 7. mars 2010
Rapping mot vald i familiar
Musikkvideoen Vendepunkt
Eg var der på siste konserten på fredag, og må innrømme at eg sat med klump i halsen medan desse modige gutane fortalde kvar si historie frå sitt eige liv. Kenneth hadde frå han var fødd til han var seks år levd i lag med ein far som var rusmisbrukar, og brukte både piller og alkohol. Han heldt den vesle familien i eit jerngrep av terror og psykisk vald. Til slutt greide mora å rømme ut av det. Hakan sin biologiske far kom frå Tyrkia, medan mora er norsk. Da ekteskapet rauk flytta han tilbake til Tyrkia, og mora fekk ein ny mann som vart stefar for Hakan og broren hans frå han var 7 til han var 17. Han drakk, og brukte alle midlar for å straffe og plage og kontrollere stesønen og kona si på den mest sadistiske måten du kan tenke deg. Det er rett og slett vanskeleg både å forstå at folk kan oppføre seg så hjartelaust mot barn, men også vanskeleg å begripe at ein forlder som er ved sine fulle fem let ungane sine vekse opp i noko slikt. Likevel veit vi jo at dette ikkje er lett, og at det er mange sterke krefter som bidreg til at slike relasjonar varer.
Kenneth var den einaste med psykiske vanskar av dei, i alle fall som han har fått behandling for. Han hadde sosial angst, fortalde han - noko som hadde gjort livet hans temmeleg vanskeleg fram til han fekk hjelp.
Det er nærliggande for meg å reflektere litt over fenomenet resiliens, særleg fordi eg tirsdag 2.3. var på Aasen-tunet i Volda og hørte psykolog Anne Inger Helmen Borge halde eit dagsseminar om akkurat dette. Ho er professor på universitetet i Oslo, og forskar på nettopp resiliens. Ho sa mellom anna at det å overleve, eller fungere rimeleg bra, etter å ha opplevd ting som kan få andre til å bukke under har med mange ulike faktorar å gjere. Noko av det ho drog fram var spesielle evner, f.eks. kreativitet og fantasi. Det å ha noko du meistrar, som gir deg glede og meining, kan vere viktig i slike marginale situasjonar. Hakan fortalde om alle gongene han fekk innestraff: nemleg vart straffa for dei mest bagatellmessige ting ved å bli nekta å gå ut. Han sat da på rommet sitt og hørte på musikk, og etter kvart skreiv rappetekstar. Han beskreiv den store gleda han opplevde ved dette, og kor viktig det var for han. Kenneth maler bilder, og det vart vist nokre eksempel på bileta hans under foredraget.
I tilleg har det sikkert hatt veldig mykje å seie at begge gutane høyrdest ut til å ha oppegåande mødre som ga god omsorg når dei hadde sjansen til det. All resiliens handlar til sjuande og sist om relasjonar, sa Anne Inger..... (som er Granasokning, og gamal togpendlar til Blindern som meg, samt gift med min gamle tannlege:-))
Til slutt vil eg berre nevne (med ein anelse falsk beskjedenhet) at det var underteikna og Nordfjord-BUP som tok initiativet til å få Tonna Brix til Nordfjord. Tanken kom etter at eg hadde lese om dei i Magasinet her i fjor haust, og eg såg for meg at vi kanskje kunne "treffe" nokon av dei tause gutane med dette. Nokre gutar som lever med grov mishandling, psykisk og fysisk vald og anna omsorgssvikt blir ofte litt rufsete og aggressive i stilen, og får dermed stort sett kjeft og lite forståing og hjelp..... Det å snakke om slike problem, det å "vere eit offer", er tabubelagt for gutar. Det er liksom ikkje forenleg med rolla som (tøff) mann. Dermed kan det av og til ende med sjølvmord for enkelte - svært, svært ofte når vi på BUP får høyre om ein ung mann som har teke livet sitt, så har vi aldri hatt han som pasient. Dette er for meg tankevekkande. Å teie stille kan for nokre vere det som fører dei i døden.
Da er det faktisk LIVSVIKTIG at desse tause gutane kan ha forbilder og rollemodellar som Kenneth og Hakan. Flott levert - og musikken er ikkje så aller verst den heller!
Kikk innom heimesida deira!
tirsdag 24. november 2009
Diagnoser i psykisk helsevern - viktig tema å diskutere
Etter blogginnlegget som heiter "Narsissistisk personlegdomsforstyrring" den 01.april 09 vart det litt debatt. Sigrun har skreve ein kommentar i dag, og lagt att ei lenke til ein kommetar i Morgenbladet av Anders Johan W. Andersen.
Vil verkeleg anbefale å lese desse.
fredag 6. november 2009
BUP-pasientar kontra blindtarmar?
Her i fylket er det slik at vi alltid har dilta langt bak dei andre i landet når det gjeld tilbod av ulike slag til pasientane våre, altså dei mellom 0 og 18 år med psykiske vanskar. Heilt til for nokre få år sidan hadde vi tre (3) poliklinikkar å hjelpe oss med, og trengte vi å legge inn nokon måtte vi fri til vaksenavdelingane i fylket, eller Haukeland eller Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri (SSBU) i Oslo. Om ungdommen da fekk eit tilbod i det heile, eller eit tilbod som var til hjelp, var fullstendig ute av vår kontroll og heilt tilfeldig. Så fekk vi omsider ungdomsavdelinga i Førde, den som nå er i krise og manglar både barnepsykiater og psykologspesialistar. Vi har framleis IKKJE nokon plass å legge inn barn, og vi har heller ikkje noko dagtilbod til barn, evt. mødre og barn. Nå eksisterer ikkje SSBU lenger heller, og Haukeland har for lengst stengt dørene sine for Sogn og Fjordane-pasientar. Dette er situasjonen slik vi er vant med at den er, og det har vi langt på veg godteke. Befolkninga i fylket finn seg også i det, for dei har ikkje aning om kva som finst andre stader sjølvsagt.
Førde-BUP er den største av poliklinikkane våre, og er plassert på sentralsjukehuset. Dei har fylkesdekkande ansvar for (den somatiske) barneavdelinga og Familiehuset også, i tillegg til at dei er distriktspoliklinikk for 13 komunar i Sunnfjord og delar av Sogn.
Poenget mitt er at vi i dette fylket historisk sett har basert psykisk helsevern for barn og unge på det polikliniske tilbodet. Det er poliklinikkane i Førde, Sogndal og på Nordfjordeid som er RYGGRADEN i tenesta for målgruppa vår. Når vi nå står så svakt med omsyn til andre typar tenester enn dei polikliniske, så blir det desto meir vanvittig at vi ikkje ein gong greier å halde desse oppe. Det er nå noko så prosaisk som huset, lokala, det handlar om. Tidlegare har vi mangla fagfolk, noko som i grunnen er vanskelegare å gjere noko med.
Her på Eid står det eit nesten ferdig, men tomt bygg - rusinstitusjonen. Den som ein hadde råd til å bygge, men ikkje til å drive..... Lenge før ein i det heile teke hadde kome på tanken om å bygge rusinstitusjonen, visste ein at Førde-BUP-lokala var sprengt, og at ei krise var under oppseiling. Eg gjentek: lenge før! Likevel greide enkelte sterke røyster i fagmiljøet vårt, pluss nokre millionar i av statlege, lokkande kroner, å forlede oss til å satse på dette luftslottet av eit byggverk, som nå står der spøkelsesaktig og tomt, og fullstendig til inga nytte.
Eg lurer berre på ein ting, og det er om desse Helse-Førde-pasientane sitt ve og vel blir teke med i kveldsbønna til nokon helseaktivist? Kan eg aldri tenke meg. Nei, det er blindtarmar og hjerteinfarkt som har forrang her hos oss, dei andre veit ikkje folk flest ein gong at eksisterer. Eg skulle ønske at brukarorganisasjonane kom på banen her, og for ein gongs skuld drog fram storslegga. Vi kan gjerne trenge eit fakkeltog vi også!
onsdag 21. oktober 2009
Meditasjon
Eg hugsar at læraren vi hadde var ein kar som kom reisande til Hadeland frå Oslo, og som eigentleg var bokhandlar, altså ein forretningsmann med god greie på tal og kroner og øre, men som kanskje mangla litt på den pedagogiske og psykologiske sida. Derfor tok det laaaang tid før eg forsto skikkeleg korleis eg skulle takle alt dette strevet med å få metodelyden til å høyrast for mitt indre øre; mjukt og lett og elegant. Eg bevegde leppene, og det var ikkje bra. Eg sa lyden hardt og fast for å halde på den, men det var visst heller ikkje bra. Eg gløymde den i lange periodar, og det skulle eg absolutt ikkje. Ikkje rart eg ga opp! Først i ettertid har eg forstått POENGET med heile greia: du skal akseptere dine eigne tilkortkomingar, strev, feil og sidespor der du tenker på kva du skal ha til middag i morra. Det gjer ingen ting. Det er greit. Det er ikkje krise å gjere feil. Du SKAL gjere feil. Du tek ganske enkelt oppatt lyden så lett og uanstrengt du kan, og så tenker du at alt er greit.... Ingen sjølvkritiske tankar, ingen følelse av å ville gi opp fordi du ikkje greier nokon ting. Eller - nettopp slike tankar, men du fortsetter likevel, lar tankane vere der, tek berre oppatt metodelyden så lett og uanstrengt du kan.... Forstår du? Det er eigentleg genialt... Du har alltid ein ny sjanse, du har alltid ein mulighet til å sleppe taket i det du driv med og nullstille deg. Ikkje ved å fjerne tankar og kjensler med makt, men rett og slett ved å roleg og mildt konsentrere deg om noko anna. La tankane vere der, men flytt fokuset ditt....
Mindfullness er det visst noko som heiter. Eg innbiller meg at det handlar om noko av dette. Dei timane eg har meditert til saman er ynkeleg få. Av og til har eg gjort det litt om natta når eg ikkje har fått sove. Det fungerer faktisk enkelte gonger. Likevel har det eg lærte om meditasjon tidleg på 80-talet vore veldig nyttig for meg.
Når eg nå prøver å jobbe med meg sjølv for å få kontroll på stresset mitt, og for å finne igjen litt meir energi, seier fysioterapeuten at det er det viktig at eg får hjernen min til å fokusere på her-og-nå. Kjenner at eg sit på eit underlag, evt. står, eg er her, nå, og kviler i meg sjølv. Det er noko av det same. Metodelyden gir eit her-og-nå-fokus. Det er det mentale haldepunktet, som gjer at ein kan la tankar og kjensler og stress berre vere der, men kome i bakgrunnen.
I same slengen skaffar du deg perspektiv. DU bestemmer om du vil vere midt oppi alt saman, eller om du vil stå litt på sidelinja og sjå på det som er der. Når "det som er der" er sterk fortviling, angst eller raseri er det jo ein anelse meir vanskeleg sjølvsagt. Eg seier ikkje at det er lett.... Likevel: her ligg det ei løysing faktisk. Ein slags veg ut, ein liten mulighet for kontroll. Litt fridom?
Eg vurderer av og til å prøve å få til å meditere regelmessig. Dessverre trur eg ikkje at eg vil få det til nå heller. Eg har ikkje blitt så mykje meir sjølvdisiplinert sia 80-talet. Eg må nok nøye meg med små stunder i kvardagen med den mentale øvinga "nullstilling", men eg har blitt flinkare til det i det minste. Eg kjenner av og til fysisk korleis stresset slepper taket, og eg får ein liten fornemmelse av eit stort hav av fridom og glede ein stad, som eg ein dag skal svømme i....
søndag 18. oktober 2009
7 x 7 = 49 = visdom&klokskap...?
"Magisk tenkning" lærte eg om i mine studiedagar, og det var ikkje bra. Det var eit teikn på manglande bakkekontakt og kanskje ein personlegdom som ikkje tålte dagens lys..? Det var i same kategori som "selvhenførelse", som var noko styggedom ein måtte vere veldig merksam på når ein tok Rorschach-testar. Altså den derre blekk-klatt-testen som du sikkert har hørt om.... Nå er det ikkje så ofte eg har brukt Rorschach i mitt virke, må eg innrømme. Det er liksom litt lettare å berre snakke med folk, det går det og.
Kvar gong eg les horoskopet mitt og blir oppslukt av alle mulighetene eg ser at ligg der og ventar på meg, tenker eg litt skamfull på dette med den lite anerkjende "magiske tenkninga".... Kanskje det er det eg driv med nå? Huff, kva slags høgt utdanna, akademisk skulert person er eg eigentleg. Ein liksom-akademikar sikkert. Fake. Ikkje så oppteken av teori, men veldig oppteken av kjensler, magefølelse og gleda ved å bli kjent med andre menneske. Først tenkte eg at eg må ikkje seie det til ein levande sjel, at eg faktisk les horoskopet mitt kvar månad. Så flaut!! Så er det andre sider ved meg som tek over, og eg blir oppteken av å kringkaste det til alle som vil høre på: må provosere litt, må utfordre litt - ingen skal tru dei veit alt om meg, nei!
Men så er det altså slik, at eg snart fyller 49, og får vite at NÅ er det mi tid har kome. Klokskap, visdom og oversikt. Eg er i mål, liksom. Løyndomar skal bli avslørt for meg, eg skal endeleg sjå og forstå!
Eg som stadig havnar i selvhenførelses-grøfta, og nærast dyrkar mi magiske tenkning?! Som ein fjortis som har forlese seg på ukeblad-retorikk?
Eg kjenner etter. Eg sit i bilen, på veg til eit møte. Eg tenker, og kjenner, og tenker igjen. Eg er litt nervøs, pust roleg nå. Eg må få dei til å forstå at eg kan noko! Eg må formulere meg klokt og helst litt imponerande, så dei innser at dei har teke feil, og må gjere ting annleis. Det er irriterande så eigenrådige folk er, kan dei ikkje fatte at eg har viktige ting å kome med, kan dei ikkje ha litt meir respekt!?
Så er det liksom eg skiftar gir. Eg tenker: det er greit uansett. Eg gler meg til å kome heim til mannen min, vi skal ha noko godt til middag. Å, så fin den melodien i radioen er, og jammen er det nydelege haustfargar her! Nordfjord er vakkert, tenk å få sjå alt dette vakre ein vanleg arbeidsdag. Eg lurer forresten på kva dei har å seie på møtet i dag, er verkeleg spent på korleis det gjekk med.... ? I grunnen kjenner eg at eg likar desse folka eg skal møte, dei er så "seg sjølv" på ein måte - sjarmerande. Tenk så mange søte, sympatiske folk det er i verda. Eg likar folk, alle slags folk, nesten da. Det er spennande å sjå alt det rare og fine som skjer, tenk at kvar dag er heilt ny. Ingen dagar er like, det er eit under i seg sjølv....
Eg er plutseleg ein doggfrisk fjortis full av undring over livet inni - og ein moden, snart-femti-person utanpå. Tenk på det du! Merkeleg alt saman. Livet er herleg:-)
Ha ein fin dag - er det ikkje det det heiter?
tirsdag 18. august 2009
Ekstrem bloggtørke
Eg har tenkt på bloggen i det minste. Med ein viss porsjon ulyst, dessverre. Eg har prøvd å analysere dette fenomenet, og har funne ut at eg igjen har lagt lista for høgt. Dette har eg sjølv skreve om tidlegare, og til dels flirt litt av andre som eg har meint har gjort akkurat det, nemleg lagt lista for høgt. Hmmmm - det ER lettare å sjå flisa i den andre sitt auge enn bjelken i sitt eige, hermed er det bevist, og denne gongen bør eg ikkje gløyme det, synest eg....
Å legge lista for høgt - så høgt at ein aldri får hoppa, er typisk meg. Eg øver meg og øver meg på å få den ned nokre hakk, men det er ikkje lett. Som Nordfjordpsykolog vil eg jo gjerne bli oppfatta som seriøs, forstår de vel. Å berre skrive i veg om små, daglegdagse trivialitetar går vel ikkje an da? Det bør vere høg fagleg kvalitet, gjerne skulle ein ha lese ein artikkel eller to først, eller kanskje ei bok? Jo, helst ei bok eller to. Men, kor ofte skulle eg ha fått blogga da? Og så er det den hersens ULYSTA.
Eg trur eg etter eit langt (psykolog)liv har opparbeidd meg allergi mot mine eigne forventningar om å vere så inderleg og irriterande seriøs heile tida! Er livet seriøst? Ikkje alltid, det veit da vel alle. Dessutan kjem ein ikkje unna slike inderleg trivielle ting som oppvask, tannpuss eller "mamma, eg er ferdig - kom og tørk"! Livet har vi jo kjært dei fleste av oss, men ofte tenker vi vel på dei "store" hendingane i liva våre når vi tenker på kva livet eigentleg er. Den dagen vi gifta oss, eller den dagen da vi lærte å sykle eller fekk vårt første barnebarn? Men så er det alt det andre som skjer da, det kvardagslege og ubetydelege...
Nokon hevdar at livslykke mellom anna handlar om å vere glad i dei små tinga: kaffekoppen om morgonen eller den flotte soloppgangen. Det er berre det at vi ikkje alltid SER ting. Ikkje eg i alle fall. Eg hastar i tankane mine, til det eg gjorde i går, eller burde ha gjort i går (!!), eller det eg skal gjere ein gong, eller evt. i dag. Akkurat NÅ verkar liksom så stakkarsleg og ubetydeleg, sjølv om det er godt med kaffe.
Når eg skal vere ærleg har eg gjort ein oppdagelse: mi livsglede ligg gøymt inni opplevinga av "akkurat NÅ". Eg er nok litt treg, for sjølv om eg alltid har visst dette i teorien, har eg egentleg aldri før skjønt det med kjenslene mine. Eg har liksom aldri før følt inni kroppen at det er sant. Det gjer eg nå, i alle fall av og til. Noko har skjedd med meg omsider, det var omtrent som å sleppe ein mynt på ein automat. Truleg har du som les dette funne det ut for lenge sidan. Eg er nok litt treg, men kjenner ei stor glede over å omsider ha gjort denne store oppdaginga! Dessutan forstår eg noko anna nå, som eg aldri skikkeleg har forstått før: det der med "å ha eit stille punkt inni seg". Det har tidlegare berre vore tomme ord når eg har lese om det, og eg har tenkt at så heldig for dei som har det slik, og det høyrest fint ut, men eg forstår det ikkje skikkeleg. NÅ forstår eg det, og det følest akkurat slik: som å ha eit stille punkt inni seg, sjølv om det er kaos rundt!
Eg trur at i det punktet er det ikkje berre stille, men det er trygt der, ingen ting kan true meg der - og eg kan sjå og høyre og oppfatte alt som skjer; musikk, soloppgangar og koppar med nytrekt kaffe. Dessutan kan eg oppfatte DEG der. Du som er medmennesket mitt, og som er så viktig for meg som også er eit menneske, og difor grunnleggande sosial.
Hmm - dermed skal lista senkast for kva som er viktig å blogge om, og heretter skal det bloggast om både små og store ting. Skal i alle fall love å prøve.
P.S. Leif Kennair har skreve ein kjempelang og bra kommentar på eit tidlegare innlegg. Les det gjerne! Eg ber deg vere tålmodig med meg, Leif - du skal få svar ein dag!
onsdag 1. april 2009
Narsissistisk personlegdomsforstyrring
Her er nokre sitat:
"Narsissistisk personlighetsforstyrrelse handler om overdreven selvdyrkelse"
"Mange har en sjarm, som hvis den er koblet sammen med en viss intelligens, sosiale ferdigheter og utadvendthet, kan medføre at omgivelsene undervurderer alvorlighetsgraden av personlighetsforstyrrelsen."
"Angivelige synspunkter og meninger kan være vanskelige å følge presentasjonen av, kan ha dårlig innbyrdes sammmenheng og til og med avvike grunnleggende ifra personens faktiske handlinger og livspraksis."
"Oppførsel som kan se respektfull og/eller empatisk ut er motivert av mål styrt av bevisste/ubevisste behov for selv-bekreftelse. Det vil si at tilsynelatende respektfull og empatisk fremferd fra en person med denne forstyrrelsen er et virkemiddel som blir brukt aktivt i en slags svindel for å manipulere omgivelsene."
"Personen føler seg berettiget til å bli spesielt beundret, til suksess og særbehandling både fra andre enkeltpersoner og fra samfunnsinstitusjoner."
"Han/hun er opptatt av at de han/hun omgås må være ekstraordinære, enestående og ha høy status, fordi det bare er disse som fortjener hans/hennes samvær."
"En narsissist forventer å få spesialbehandling og at andre følger hans eller hennes beskjeder og oppfyller forventningene."
"All kritikk blir en krenkelse av deres grandiose selv. I tilfeller der andre ser på vil de avvente reaksjonen til de er alene eller et sted ingen vitner kan se dem. Reaksjonene kan spenne fra et fryktelig raseri til mindre aggressive reaksjoner."
"Sort/hvitt, han skjønnmaler sine egne og de han bruker og svartmaler alle andre, spesielt de han ikke har bruk for mer, de oppbrukte, de som ikke lenger tjener formålet å fylle selvkjærlighetskrukken."
Til slutt eit eventyr:
av H. C. Andersen
tirsdag 31. mars 2009
Skam deg (ikkje!)
I dag klemte fysioterapeuten min til på eit skikkeleg ømt punkt på leggen, og så sa ho at: "du undertrykker impulsen til å si fra når noe gjør vondt, du!" Seier du det, sa den middelaldrande psykologen og tenkte etter på kva som nettopp hadde skjedd. Jo - ho hadde kanskje rett? Eg hadde først følt den brå smerten, og så ein slags lammelse, ein følelse av å vere fanga, og av å vere både energilaus og stum. Det kjendest pinleg å vere i ein situasjon der nokon gjorde meg vondt, og å ikkje "kunne"seie noko.
Nå må eg berre nevne - for ordens skuld - at mange nok ikkje vil kalle meg "stum" når det er noko eg meiner bør seiast frå om, både mannen min og ungane mine vil for eksempel kunne uttale seg her! Eg kan synge ut med brask og bram, og gjer det av og til når eg meiner det er på sin plass. Kva handlar denne "lammelsen" om da?
Det eg trur er at det er den intuitive impulsen til å skrike ut som er hemma. "Eg er veldig impulsiv, berre eg får tenkt meg om", sa mannen. Slik trur eg det er med meg og. Mi evne til å skrike ut, seie frå, markere at nok er nok, må først stansast, så tenkast gjennom - og SÅ kan eg kanskje handle/skrike/reagere, gjerne etter gjentekne smerteopplevingar. Eg snakkar nå ikkje om fysisk smerte, men om psykisk smerte søm følger av andres krenking av mine grenser, dominans eller kjenslemessige utnytting og manipulering. Den naturlege impulsen kjem frå kroppen, og er der uansett om smerten er mental eller fysisk. Fysioterapeuten meiner tydelegvis at det er noko gale med meg som ikkje lar den få sleppe fram. Kva skjer?
Eg trur dette skuldast SKAM, i mitt tilfelle. Dette ordet som er så ekkelt, så fråstøtande og avskyeleg og illeluktande at det vekker avsky berre å skrive det. Denne kjensla som er så smertefull å ha men som er så lite legal å snakke om. Det kjennest skammeleg berre å snakke om skam... Gøym den, ikkje la andre oppdage at du har den. Den er som herpesviruset, som kan ligge latent i kroppen eit heilt liv, og som "kastar seg over deg" med verkande blemmer i eit ubevokta øyeblikk, når du er som mest sårbar. Skammen er den mest invalidiserande kjensla vi har. Er du grundig infisert med skam, kan du få livet ditt øydelagt, og evna til å ta det tilbake er vekke - evna til å gjere opprør er vekke. Det er jo DEG det er noko gale med. Best å ikkje seie noko, best å ikkje skrike. Nokon kunne oppdage at du er så ubrukeleg som du fryktar.....
På slutten av Sigrid Undset si bok "Olav Audunssøn i Hestviken" skildrar ho eit slag som den ellers sympatiske Olav er med i. Han har brynje, skjold og sverd - og viser seg å vere ein drapsmaskin. Han er ein "terminator"! Dette er skjulte sider av han, men han er plutseleg i sitt ess. Han handlar som i transe, han har ein rytme i kroppen der han ikkje tenker men berre handlar. Han sansar alt som skjer, tolkar små rørsler, - han drep gong på gong, og overlever slaget.
Her må vi sjå vekk frå alt det forferdelege krigen står for, og som eg absolutt ikkje vil rettferdiggjere. Det eg vil fram til er kva "krig" står for på eit symbolsk plan. Olav har bevart den eigenskapen eg har mista ein plass på vegen: evna til instinktivt å handle når ein blir påført smerte. Det ironiske er at nokon må jobbe med å få utageringa si innom hjernen før dei handlar, og da snakkar eg om valdsutøvarar som slår før dei oppdagar kva som har skjedd, medan nokon forsyne meg må jobbe med å få naturlege impulsar rett over i handling!
Altså må eg vanlegvis koble inn hjernen før eg handlar, og det er vel eigentleg bra? Kvifor ikkje i tilfelle? Eg trur at det er skilnad på å la kroppen sine naturlege impulsar til spontan reaksjon få fritt utlaup, og det å slå og skade andre. Å stadig hemme dei naturlege impulsane, som vi truleg har for å beskytte oss, er skadeleg på sikt. For min del trur eg det tappar meg for energi. Kvar gong dette skjer kjem eg dessutan borti den smertefulle skammen min, og eg blir effektivt knebla.
Eg leitar etter min indre Olav. Eg vil slåss. Eg vil slåss mot demonane mine som fortel meg at eg ikkje har nokon verdi, og at mine spontane og naturlege responsar må stansast fordi dei kan røpe dette for andre. Eg vil slåss mot Jantelova utanfor meg sjølv og inni meg sjølv. Den siste er aller verst; den lammar meg og hindrar meg i å oppdage at eg tek feil.....
Dersom DU skulle streve med skammen din, og sit tålmodig og ventar på at den ein dag skal forsvinne slik at du endeleg kan våge deg ut i verda og byrje å leve litt; til deg vil eg seie ein ting: IKKJE VENT LENGER. Du må nok dessverre vasse uti den stinkande gjørma og kome deg gjennom og over på den andre sida. Du må slåss. Desse demonane er fulle av gift og svart magi, så slåss må du, og det for livet ditt.
Og ja, om du lurte: den vesle jenta var meg.
torsdag 12. mars 2009
Ytringsfridom på internett
Eg er oppteken av alle former for ytringsfridom; frå retten til å sette ord på kritiske meiningar om måten eit land blir styrt på, til vanlege familiar og arbeidsplassar sine uuttalte reglar for kva som er "lov" å seie høgt, og kva slags erfaringar du må halde for deg sjølv.
Eg har tidlegare blogga om ytringsfridom, i samband med Muhammed-karikaturane, og i samband med leiarar som nyttar maktstrategiar for å kontrollere medarbeidarane sine.
På ein måte kan psykoterapi fungere som ein systematisk metode for å finne ord for det som ingen før har sett ord på. Det er ei fantastisk, frigjerande kraft som ligg i det å først finne orda, og så få seie dei til nokon som prøver å forstå.
Eg har saksa to setningar frå ein artikkel som Christian Moltu og Marius Weseth har skreve. Artikkelen heiter "Fra det fastlåste til det forløsende - om å skape rom for endring i terapi":
"Tohet er en måte å være sammen på hvor begge deltakere er fanget i et samspill der den ene gjør noe og den andre blir gjort noe med."
"Når man møtes i toheten kan deltakernes subjektivitet ikke anerkjennes samtidig. Man tvinges inn mot et enten/eller der man har to valg: å underkaste seg den andres virkelighetsoppfatning eller å kjempe frem sin egen.
(Det er Jessica Benjamin desse tankane opprinneleg kjem frå)
All samhandling der det berre er plass til den eine parten sine opplevingar, meiningar, tankar, haldningar, verdiar og behov kan karakteriserast som undertrykking.
At alle skal ha fridom til å snakke fritt er ein grunnverdi som er absolutt, og som må ligge til grunn for all menneskeleg samhandling: frå parforholdet, til familien, til arbeidsplassen, til nasjonen og verdssamfunnet.
onsdag 11. mars 2009
Hage er moro, sunt og sosialt
Les HER kva ein hagekollega har skreve om dette;-)
Å arbeide med jord, frø og plantar gir ro i sjela, kvile for tankane og små glimt av lykke....