tirsdag 31. mars 2009

Skam deg (ikkje!)

Det var ei jente på fire år som nyleg hadde flytta med familien sin til ein ny stad. På denne nye staden var det mange ungdomar og vaksne, og ein kveld skulle det vere stor fest. Nokon hadde planlagt ein sketsj, med det var eit problem: det mangla ein aktør, ein liten aktør: eit barn som kunne sprette fram av "tidsmaskina" og liksom vere den gamle kona etter at mannen hadde sveiva litt for mange gonger for å få henne yngre.... Barnet som nettopp hadde flytta dit kunne brukast til dette! God ide - det er jo så enkelt og greit, det klarer ho fint. Barnet gjorde som ho fekk beskjed om, og kom fram frå ein sekk og stod plutseleg overfor eit hav av ansikt som alle var snudd mot henne - og alle lo! Sjokket var stort, og det sårbare barnet forsto ikkje kva dei lo av. Ingen hadde forklart henne dette. Ingen hadde fortalt om alle menneska, alle blikka og den rungande latteren.

I dag klemte fysioterapeuten min til på eit skikkeleg ømt punkt på leggen, og så sa ho at: "du undertrykker impulsen til å si fra når noe gjør vondt, du!" Seier du det, sa den middelaldrande psykologen og tenkte etter på kva som nettopp hadde skjedd. Jo - ho hadde kanskje rett? Eg hadde først følt den brå smerten, og så ein slags lammelse, ein følelse av å vere fanga, og av å vere både energilaus og stum. Det kjendest pinleg å vere i ein situasjon der nokon gjorde meg vondt, og å ikkje "kunne"seie noko.

Nå må eg berre nevne - for ordens skuld - at mange nok ikkje vil kalle meg "stum" når det er noko eg meiner bør seiast frå om, både mannen min og ungane mine vil for eksempel kunne uttale seg her! Eg kan synge ut med brask og bram, og gjer det av og til når eg meiner det er på sin plass. Kva handlar denne "lammelsen" om da?

Det eg trur er at det er den intuitive impulsen til å skrike ut som er hemma. "Eg er veldig impulsiv, berre eg får tenkt meg om", sa mannen. Slik trur eg det er med meg og. Mi evne til å skrike ut, seie frå, markere at nok er nok, må først stansast, så tenkast gjennom - og SÅ kan eg kanskje handle/skrike/reagere, gjerne etter gjentekne smerteopplevingar. Eg snakkar nå ikkje om fysisk smerte, men om psykisk smerte søm følger av andres krenking av mine grenser, dominans eller kjenslemessige utnytting og manipulering. Den naturlege impulsen kjem frå kroppen, og er der uansett om smerten er mental eller fysisk. Fysioterapeuten meiner tydelegvis at det er noko gale med meg som ikkje lar den få sleppe fram. Kva skjer?

Eg trur dette skuldast SKAM, i mitt tilfelle. Dette ordet som er så ekkelt, så fråstøtande og avskyeleg og illeluktande at det vekker avsky berre å skrive det. Denne kjensla som er så smertefull å ha men som er så lite legal å snakke om. Det kjennest skammeleg berre å snakke om skam... Gøym den, ikkje la andre oppdage at du har den. Den er som herpesviruset, som kan ligge latent i kroppen eit heilt liv, og som "kastar seg over deg" med verkande blemmer i eit ubevokta øyeblikk, når du er som mest sårbar. Skammen er den mest invalidiserande kjensla vi har. Er du grundig infisert med skam, kan du få livet ditt øydelagt, og evna til å ta det tilbake er vekke - evna til å gjere opprør er vekke. Det er jo DEG det er noko gale med. Best å ikkje seie noko, best å ikkje skrike. Nokon kunne oppdage at du er så ubrukeleg som du fryktar.....

På slutten av Sigrid Undset si bok "Olav Audunssøn i Hestviken" skildrar ho eit slag som den ellers sympatiske Olav er med i. Han har brynje, skjold og sverd - og viser seg å vere ein drapsmaskin. Han er ein "terminator"! Dette er skjulte sider av han, men han er plutseleg i sitt ess. Han handlar som i transe, han har ein rytme i kroppen der han ikkje tenker men berre handlar. Han sansar alt som skjer, tolkar små rørsler, - han drep gong på gong, og overlever slaget.

Her må vi sjå vekk frå alt det forferdelege krigen står for, og som eg absolutt ikkje vil rettferdiggjere. Det eg vil fram til er kva "krig" står for på eit symbolsk plan. Olav har bevart den eigenskapen eg har mista ein plass på vegen: evna til instinktivt å handle når ein blir påført smerte. Det ironiske er at nokon må jobbe med å få utageringa si innom hjernen før dei handlar, og da snakkar eg om valdsutøvarar som slår før dei oppdagar kva som har skjedd, medan nokon forsyne meg må jobbe med å få naturlege impulsar rett over i handling!

Altså må eg vanlegvis koble inn hjernen før eg handlar, og det er vel eigentleg bra? Kvifor ikkje i tilfelle? Eg trur at det er skilnad på å la kroppen sine naturlege impulsar til spontan reaksjon få fritt utlaup, og det å slå og skade andre. Å stadig hemme dei naturlege impulsane, som vi truleg har for å beskytte oss, er skadeleg på sikt. For min del trur eg det tappar meg for energi. Kvar gong dette skjer kjem eg dessutan borti den smertefulle skammen min, og eg blir effektivt knebla.

Eg leitar etter min indre Olav. Eg vil slåss. Eg vil slåss mot demonane mine som fortel meg at eg ikkje har nokon verdi, og at mine spontane og naturlege responsar må stansast fordi dei kan røpe dette for andre. Eg vil slåss mot Jantelova utanfor meg sjølv og inni meg sjølv. Den siste er aller verst; den lammar meg og hindrar meg i å oppdage at eg tek feil.....

Dersom DU skulle streve med skammen din, og sit tålmodig og ventar på at den ein dag skal forsvinne slik at du endeleg kan våge deg ut i verda og byrje å leve litt; til deg vil eg seie ein ting: IKKJE VENT LENGER. Du må nok dessverre vasse uti den stinkande gjørma og kome deg gjennom og over på den andre sida. Du må slåss. Desse demonane er fulle av gift og svart magi, så slåss må du, og det for livet ditt.

Og ja, om du lurte: den vesle jenta var meg.

1 kommentar:

Sine sa...

Tekst til ettertanke!Jeg fikk frysninger på slutten.