mandag 9. februar 2009

Vintersol



Det er mange som slit tungt med depresjon og motløyse på denne tida av året. Mange unge strever med liva sine, med relasjonane til sine næraste og med det å finne sin plass og sin veg i livet. Da trengs det noko som kan gje håp, og som kan gje ei kjensle av at nokon bryr seg og set pris på akkurat DEG. Du er unik, og du har verdi! Sola er eit symbol på desse gode, livgjevande kreftene i eit menneskeliv.

For oss på den nordlege halvkule står sola symbolsk for liv, kjærleik, glede, nærleik og menneskeleg varme. Da kjennest det ekstra meiningsfylt å kjenne dei første varmande strålene frå Februarsola i fjeset. Det er som om livet får ny glans, og opplevinga av meininga med alt kjem gradvis tilbake. Ta deg ein tur ut i sola, og kjenn etter kor levande og glad du blir. Gå deretter heim og gje nokon du er glad i ein god klem. Finn du ingen å klemme, så skal du GJE DEG SJØLV ein klem i tankane dine. Fordi du fortener det:-)

fredag 6. februar 2009

Krise, vi manglar psykolog!!!?

Nå har det skjedd: psykisk helsevern for vaksne i Nordfjord er fullstendig psykologfritt! BUP har fem, Familiekontoret har to, og det er fleire privatpraktiserande i området. - Men ingen i den offentlege vaksenpsykiatrien.

Kvifor ingen ropar KRISE!!!, veit ikkje eg. Eg kan forestille meg ein del om det, men veit ikkje kva dei karane tenker som styrer med dette, på NPS og i administrasjonen i Helse Førde.

At det er lite populært blant psykologar å jobbe i det offentlege psykiske helsevernet for vaksne (både sengepostar og poliklinikkar) er eit faktum, i alle fall her i fylket. Denne tenesta er sterkt dominert av legar, altså psykiatrar. Legar tenker ofte annleis enn meg, har eg oppdaga. Har det med dette å gjere?

Eg kan gå inn i ein samtale med ein lege med dei beste intensjonar om åpenhet, velvilje og ei positiv innstilling til det han har å seie - men merkar likevel etter kort tid at dette går ikkje! Nå tenker eg ikkje på alle legar, eg kjenner mange eg har stor respekt for og som eg likar godt. Det gjeld nokre innimellom, og vi snakkar om gradsforskjellar.

Eit eksempel: i går ringte eg til ein skulelege i samband med at han hadde tilvist ein 17 år gamal deprimert pasient. Eg ville at legen skulle drøfte bruk av antidepressiva med vedkomande, fordi eg meinte han var så sjuk at han kunne trenge det, men eg overlot vurderinga til legen. Paseinten sjølv var motivert for dette.

Eg hadde da snakka med ungdommen to gonger, og det kom fram at det var få eller ingen vaksne å spele på. Dette gjorde meg ekstra bekymra, sjølvsagt. Legen svarte kjapt at han hadde ikkje lyst til å medisinere vedkomande, fordi personen hadde enten den eine eller andre av to alvorlege personlegdomsforstyrrings-diagnoser! Eg vart perpleks, for eg tenker at å slenge rundt seg med så tunge diagnoser utan grunnlag er rett og slett ikkje noko ein gjer.

Når det gjeld tenåringar må slike diagnoser settast med den største varsemd. Det finst sjølvsagt 16-18-åringar i BUP som må ha desse diagnosene, men da først etter at det har gått ei viss tid, og ein har svært god dokumantasjon på at det er rett. Det kan vere nødvendig å ha desse diagnosene på papiret for å få den behandlinga og tiltaka du treng. Strever du med identiteten din og relasjonane dine til andre blir du veldig sårbar. Da kan det bidra til den store skilnaden at du blir møtt med forståing og omtanke. Men, det stormfulle og omskiftelege som kjenneteiknar ungdomstida kan lett forvekslast med uroa og dramatikken som følger med ei ustabil personlegdomsfortyrring. Dermed må vi vite at det stikk djupare enn som så, før diagnosen i det heile blir nevnt. (Nokre diagnoser klistrar seg liksom fast!?)

For det andre seier det seg sjølv at diagnosene depresjon og personlegdomsforstyrring er vesensforskjellige. Den første lidinga er ei liding for statsministrar og berømte kunstnarar og artistar. Den seier ingen ting om deg som person, men berre at du "har" eit problem. Den andre diagnosen beskriv "deg". Du er ustabil, kjenslestyrt, svart/kvitt-tenkande og dramatisk, eller avflata og utan evne til å gå inn i djupe relasjonar til andre. Du har dårleg prognose, og ligg an til å trenge kostbare ressursar i helsevesenet i årevis framover.

Eg hadde snakka med vedkomande ungdom to gonger som sagt, og det anar meg at ein lege ville rive seg i håret om han fekk vite kva eg har snakka med pasienten om..... Eg har nemleg IKKJE brukt desse to samtalene til å
-vurdere konkrete depresjonssymptom og skåre på MADRS eller BECK slik at vi får eit eksakt mål, eller
-intervjua pasienten med sikte på å sette ei korrekt diagnose - grad av depresjon, hatt det før etc.

Desse tinga ville ein lege ha gjort, og sikkert mange psykologar for den del.... Muleg eg får helsemyndighetene på nakken her!?

Det eg valgte å fokusere på desse timane var å bli kjent med pasienten så fort som råd. Eg såg ein ungdom med eit slokt blikk, men som likevel hadde bedt om hjelp. Eg oppfatta at her er det ikkje mange støttande vaksne å finne. Eg vurderte det slik at OM det skulle vere alvorlege sjølvmordstankar til stades, så måtte eg NÅ FRAM til ungdommen å fort som råd, - eg måtte gje ei oppleving av

-å bli teken på alvor
-å bli oppfatta og respektert som eit individ
-å bli forstått, eller i det minste få eit håp om å kunne bli det
-at det er håp

Om vi har å gjere med ei personlegdomsforstyrring også, får vi ta seinare. Det er ikkje viktig akkurat nå.

Desse tankane raste rundt i hovudet mitt under samtalen med skulelegen. Eg kjende ei stor avmakt i høve til at våre fagsyn, verdssyn og menneskesyn ikkje såg ut til å ha eit einaste berøringspunkt. Eg orka ikkje prøve å forklare kva eg tenkte, avmakta lamma meg! Eg har opplevd dette alt for mange gonger.

Nytt eksempel: etter å ha hatt samtaler med ein ungdom ei viss tid, forsto vi at vedkomande måtte leggast inn. Dette måtte gjerast i vaksenpsykiatrien, fordi vi ikkje hadde noko anna tilbod i Sogn og Fjordane den gongen. Vedkomande hadde rikeleg med dokumenterte, blytunge psykososiale belastningar med seg frå år tilbake, og vi sette depresjonen i samband med desse. Samtalene var smertefulle for pasienten, trass i mykje omtanke frå terapeuten. BUP og sengeposten er rett ved sida av kvarandre, så det låg godt til rette for å halde fram med terapien samtidig som vedkomande var innlagt. Det som skjedde var at behandlande lege la fram sin forklaringsmodell på depresjonen: den var eit resultat av gener. Bestefar og mor hadde også vore deprimert, så genetikken styrte dette. Pasienten avslutta resolutt psykoterapien. Nå kan jo du tenke at kanskje ho ikkje følte det var noko særleg, og opplevde i tillegg at det gjorde vondt å snakke om opplevingane sine. Kanskje ho berre leitte etter eit påskudd for å avslutte? Det er godt muleg. Eg meiner uansett at bearbeiding av dei psykiske såra ho hadde med seg var avgjerande for at dette unge mennesket skulle få eit rimeleg godt liv, men ikkje om det var ved hjelp av meg eller nokon andre.

Det kan jo hende at legen oppfordra pasienten til å halde fram, men eg trur det ikkje. Eg har opplevd for mange gonger at det blir tenkt "enten -eller" i vaksenpsykiatrien, når eg meiner alt tilseier "både - og".

Nytt eksempel på mi undring over ulike måtar å tenke på: Eg vart spurt (med stort alvor, og eit direkte blikk) av ein komande legekollega/sjef på ein ny arbeidsplass: "Er du prosessorientert?" Eg var ung og usikker, og vart temmeleg perpleks av spørsmålet. Eg hugsar ikkje kva eg mumla til svar, men fekk ei forståing av at om eg hadde sagt "ja", så hadde det vore "feil svar".

Eg tenker at all modning, personleg vekst, innsikt og erkjennelse av typen som det tek tid å ta inn over seg, og ikkje minst utvikling av relasjonar mellom menneske er fenomen prega av prosessar. Er ikkje slike ting viktige for psykisk sjuke folk? Går det på nokon måte an å jobbe i psykisk helsevern og IKKJE vere prosessorientert??? Dette har eg nå grubla på i 16 år, og veit svaret. Dessverre, psykisk helsevern er fullt av folk som i alle fall i handlingane sine, om enn ikkje i festtalene, ser vekk frå slike ting.

Eg veit også kva eg meiner svaret burde vere, og det er mi innerste og mest inderlege overbevisning at vi psykologar må halde fram med å slåss for prosessane, for møta mellom menneske, enkeltindividet, opplevingane, kjenslene og livet.

Det er synd da, at Nordfjordpasientar som nyttar det offisielle helsetilbodet, eller treng innlegging, aldri møter ein psykolog. Eg meiner ikkje at psykologane har svaret på alt. Eg meiner at psykologar og psykiaterar I LAG ideelt sett burde kunne sette saman eit godt, fornuftig og breispektra behandlingstilbod også i Nordfjord......

I have a dream.......