Viser innlegg med etiketten fag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fag. Vis alle innlegg

fredag 10. oktober 2008

Haustbukett



Ein liten haustbukett til oppmuntring ein sur oktoberdag.

onsdag 1. oktober 2008

Psykologer - foren eder!

OK, da. Eg får vel berre innrømme det:
  • ja - eg er på facebook

  • ja - eg er oppe i tre (3) bloggar nå


  • ja - kjøkkenet mitt er bomba, og skittentøykorga er full (!)

For to år sia var det ikkje slik. Da tenkte eg at "facebook er noko tull for folk som har for lite innhald i livet sitt!" og "blogging er noko som notoriske kverulantar driv med, sånne som absolutt må meine noko om abslutt alt, og som plagar vettet av dei dei bur i lag med slik at dei må skrive det på internett i staden, fordi ingen gidd å høre på dei meir!"

Nå tenker eg ikkje slik lenger, men kva er det egentleg som har skjedd? Jo, når eg tenker meg om, så er det noko som har endra seg: før var eg på eit vis "aleine" på internett. Nå har eg utallige venner, kjente og sjelefrender der ute som eg utvekslar kommentarar med, diskuterer hobbyar med og deler nokre av livets opp- og nedturar med. DET gjer den store skilnaden for meg. Nettet har blitt sosialt i tillegg til at eg kan hente informasjon der.

Eg har til og med nyleg funne diverse grupper på facebook der psykologar kan melde seg inn. Nyleg fekk ein ny facebook-venn frå Harstad. Ho er psykolog, og ville bli vennen min av den grunn. Ho kalte det "nettverksbygging" visst...

Vi psykologar er litt rare (det er jo mange som skuldar oss for det, og som oftast protesterer eg heftig og indignert på den påstanden!). Men, eg må vel inrømme det: vi ER litt rare på enkelte område. Det er liksom ikkje slik akkurat, at vi søker saman i yr glede over å ha same fagbakgrunn og tilhøyre same profesjon. Nei, det må vi vel innrømme at vi ikkje gjer. Her i fylket er det vel heller sånn at vi lurer på kven er det nå som er psykologar på Førde BUP, sist eg helste på nokon der var for tre år sia...

Det er litt synd at det er slik, tenker eg. For min del hadde eg i alle fall hatt bruk for eit psykolognettverk. Eg hadde hatt bruk for å høyre til i ei faggruppe som eg identifiserer meg med, og der eg kjenner andre personleg som jobbar med det same som meg. Identiteten min som fagperson hadde hatt godt av det! EG hadde hatt godt av det! Det hadde kjentes tryggare og hyggelegare ut liksom. Eg hadde hatt fleire å søke råd hos, fleire å dele erfaringar med, fleire å diskutere med og fleire å ha det kjekt i lag med.

Nokre psykologar bloggar også. Det er fint! Psykologar er kloke folk, det skal vere sikkert! (men, mellom oss sagt: treng alt å vere så inderleg kjedeleg for det???). Det går an å bli overseriøs og. Er det det som er problemet tru? At vi er så redde for å ikkje vere faglege nok, kloke nok og vitskapelege nok, at vi rett og slett blir alt, alt for kjedelege? (både for oss sjølv og andre) Desse bloggarane som du finn på tenke.no-bloggen, har problem med motivasjonen. Dei analyserer sine eigne vanskar med å følge opp bloggen sin, og begrunnar det med at dei har gått over frå å vere sisteårs-studentar, til å bli førsteårs-klinikarar, og at dei følgeleg har mista den faglege oversikten dei hadde. Og som eit resultat av det skulle det bli mindre interessant å blogge???!!

Det der var litt rart, altså. Kunne dei ikkje stille alle spørsmåla sine på bloggen da? Neeei, for da står du i fare for å røpe at det er ting her i verda du ikkje forstår...... hyyyysj!!

Kjære kolleger: eg har eit stort ønske, og det er at vi skal bli litt mindre redde for å verke dumme, for å gje uttrykk for kjensler, vere meir spontane, og ikkje minst: bli meir (psyko)sosiale!






tirsdag 16. september 2008

Eg blir sint


- når eg treffer på kollegaer som tråkkar over etiske, moralske og faglege grenser, og som gjer det gong på gong! Ja, nå skyt eg på eiga yrkesgruppe her, det får våge seg. Som notorisk hissigpropp må eg få lufte ut litt frustrasjon når eg gong på gong ser spora etter andre psykologar ute i verda som ikkje berre har vore over gjerdet, men langt inn på naboen sitt jorde......

I dag hørte eg igjen referert at ein sakkyndig psykolog skal ha uttalt seg om den faglege gehalten av andres arbeid.... -til klienten. Det er jammen ikkje første gongen eg høyrer om slikt, og eg blir ikkje berre sjokkert, eg blir sint! I og for seg er det greit å uttale seg kritisk, det må vi tåle, og ofte er vi for utydelege når vi er uenige med kollegaer. Det er greit dersom

a) den som kritiserer har belegg for at det kollegaen har gjort/skreve/sagt er faktisk feil, og ikkje berre er fagleg uenig med han

b) den som uttaler seg er nøytral i saka, slik at han eller ho ikkje sjølv har ei rolle som faktisk krev nøytralitet (sakkyndige psykologar i rettssystemet eller barnevernet for eksempel)

c) den som blir kritisert får sjansen til å korrigere påstandane, forklare samanhengen, syne til vitskapeleg grunnlag osv.

Psykisk helsevern for barn og unge og barnevern er to faglege landskap som kan vere noko utfordrande å ferdast i. Dei er fulle av bratte bakkar, krokete stiar og skumle skogar der GPS-en ikkje verkar..... For å seie det mindre kryptisk: når ein arbeider med barn, har ein mange personar å forhalde seg til, og klienten og oppdragsgjevaren din (foreldra) kan ha motstridande interesser. Som oftast går dette heilt greit, foreldra tek ansvar for ungen, og er rimeleg bra i stand til å syte for det barnet treng. Det er ikkje desse sakene eg snakkar om nå. Eg snakkar om dei sakene der barnet sitt beste ikkje samsvarer med det dei vaksne meiner er viktig, eller greier å syte for. Dette kan, men treng ikkje vere, barnevernssaker, det er alvorsgraden som avgjer det.

Dersom vi nå sender desse til BUP, og psykologen der kritiserer dei vaksne og stiller krav til dei om å endre seg, vil det raskt opplevast som ubehageleg for dei vaksne. Da er det vi ser at ønsket om å shoppe fagleg bistand dukkar opp. "Ja, psykologen på BUP har jo ikkje forstått nokon ting, men du er sjølvsagt mykje flinkare og snillare". Dei fleste av oss som har vore ute ei vinternatt før, gjennomskuar dette. Det er sjølvsagt behageleg å bli sett på som den store guruen ei stund, men det behaget er oftast på linje med å tisse i buksa for å halde varmen. Det varer nemleg berre heilt til du set ord på noko ubehageleg overfor klienten, eller stiller krav til han. Da er ofte tida moden for vidare psykolog(s)hopping, og denne gongen sit du att som "den dumme psykologen".

Er du i ei rolle der du "droppar innom" saker i avgrensa oppdrag (les: sakkyndig, eller av og til privatpraktiserande) blir du sett på ei prøve her. Du har ofte ikkje full oversikt over saka; du manglar informasjon, du har ikkje fulgt saka over tid og du har ikkje tilgang på komparentopplysningar frå for eksempel skule eller barnehage. Men: du møter eit intenst ønske om støtte og medhald, og devaluering av kollegaen som var så dum er alltid kjærkome..... Skulle det slumpe til at du faktisk ikkje likar denne kollegaen, eller er rivande uenig med han fagleg, er freistinga enda større. For ei lita stund kan du kjenne deg som verdsmeister - og det beste av alt: ingen kan ta deg for det! Du er fullstendig beskytta, og kan i praksis seie kva du vil! At du samtidig undergrev tilliten til ein kollega, di eiga faggruppe og til hjelpeapparatet generelt er kanskje ikkje så lett å sjå der og da?

Eg vil sette søkelyset på dette, fordi eg meiner det er på høg tid at vi snakkar om det. Det er IKKJE til klientane sitt beste at vi driv på slik, og eg meiner det bør reagerast på med inderleg og sterk fordømming.

onsdag 27. februar 2008

"Lykkepiller" med bismak

Ein kollega sendte meg for ei tid tilbake denne artikkelen. Den er skreve av forfattaren av læreboka mi i psykiatri frå studietida, og eg må seie at den vesle artikkelen gjorde dermed enda større inntrykk på meg enn om den var skreve av kven som helst ellers.

Den handlar om at det ser ut som at SSRI-preparata (Moderne antidepressiva som Fontex, Cipramil etc.) ikkje har særleg stor effekt, ut over placeboeffekten som vi jo veit går på trua du har, og ikkje på preparatet.

Det er ikkje sånn å forstå at dette er gode nyheter for alle dei som er sjuke og som treng hjelp. Sjølvsagt ikkje. Dei har mi sterke medkjensle, og eg unner dei verkeleg behandling som verkar. Det som er oppsiktsvekkande er i kva grad medisinindustrien (som på same måten som anna industri har eit mål:å tene pengar) har styrt oss inn i eit forbruk av slike tablettar som er enormt - på eit sviktande grunnlag. Denne kyniske utnyttinga av sjuke menneske er det som opprører meg.

Eg har i mi tid som psykolog i Psykisk helsevern for barn og unge ein gong i blant opplevd at ungar ned i 10-12-årsalderen har fått SSRI-preparat av legen sin. Ofte har dette skjedd utan at den behandlande psykologen er informert om det, og om ein prøvde å kome med nokre motførestellingar vart ein gjerne avfeid ganske kjapt. Eg hugsar godt den tida det var Seroxat som var det mest brukte preparatet. Plutseleg var det "ingen" som fekk det lenger, i motsetnad til "alle" før. Kva hadde skjedd? Jo, ein hadde oppdaga at det kunne ha nokre utrivelege biverknader, som at folk tok livet sitt etter å ha byrja på Seroxat, og at ein kunne bli avhengig av det. Ja, ja - Psykologen tenker sjølvsagt sitt.

Noko som har forundra meg er at enkelte stader, og av enkelte legar, får uvanleg mange bestemte diagnoser. Nokre stader er det depresjon, andre stader er det bipolar liding eller noko anna som i all hovudsak plager folk, og det er ofte denne diagnosen du sit att med etter legebesøket. Når ein psykolog prøver å ta opp dette fenomenet til drøfting, møter ein gjerne ei haldning hos legane som argumenta, innvendingane og undringa liksom ikkje bit på: "Ja, men vi kan da ikkje la store grupper av befolkninga gå "ubehandla". (les: umedisinerte, det har ingen betydning om dei går til samtalebehandling). "Vi veit jo at denne lidinga er underdiagnostisert, det er vår oppgåve å finne og behandle fleire!" Ein får inntrykk av at det er ein slags menneskerett å få medisin, på linje med at det er ein menneskerett å ha tilgang på reint vatn eller vitaminar.

Det er berre det at vi anar den mektige medisinindustrien i bakgrunnen her, som ein mørk skugge. Kven har fortalt legane kor viktig det er å finne "alle" deprimerte og gje dei medisin tru? Eg har også ofte lurt på kvar den moralske indignasjonen kjem frå, når ein skarve psykolog stiller nokre undrande spørsmål. Du anar at den andre tenker: "Vil du ikkje at lidande menneske skal få hjelp?!"

Jo, det vil eg sjølvsagt - -

Kanskje har eg nokre tankar om kva slags hjelp som kan vere bra også, om nokon vil høyre litt på meg?

tirsdag 18. desember 2007

"Åpenhet er betydningsfullt"

Overskrifta er eit sitat, og det er henta frå Mental Helse si nettside. Her seier dei også at "Informasjon og opplysning skaper holdningsendringer". Mental Helse er landets største organisasjon for brukarar av psykisk helsevern. Difor har ein nå i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Førde lagt opp til at ein representant for brukarorganisasjonane deltek på Klinikkrådsmøta. Dette er møter der alle dei sju avdelingssjefane og klinikkdirektøren drøftar administrative og faglege problemstillingar.

Dette er jo flott! Klart det er viktig å ha med ein brukarrepresentant i eit slikt forum der så mykje makt er samla, og så mange viktige tema skal drøftast og avgjerder skal takast. Eg er oppriktig glad for at vi på denne måten prøver å ta alvorleg det sitatet i overskrifta seier: "Åpenhet er betydningsfullt"

Eg har nyleg gått ut i lokalavisene her i Nordfjord med det eg meiner er saklege innspel om Psykisk helsevern her i regionen. Dette har eg fått kraftig kritikk for. Ikkje i form av at nokon har teke seg bryderiet med å svare meg, og har gått inn i argumenta og påstandane mine. Nei, eg har fått kritikk for at eg i det heile har tillete meg å meine noko i avisene!

Kva handlar dette om? Er ikkje "åpenhet betydningsfullt" da? Eg let spørsmålet henge i lufta......

Vi diskuterer somatisk helse dag ut og dag inn, i spaltemeter på spaltemeter meiner folk noko om fødeavdelingar, tilbodet av urologar, ortopedi og eg veit ikkje kva. Eg lurer på kvifor vi aldri diskuterer psykisk helsevern? Kan det vere tabubelagt? Lever vi ikkje i eit moderne samfunn tufta på demokratiske prinsipp og ytringsfridom? Er vi ikkje etter kvart så opplyste at vi i si tid til og med tålte å ha ein deprimert statsminister?

Eg har lagt ut avisinnlegga mine i bloggen, så alle som vil kan dømme sjølv om dei er usaklege eller utidige på nokon måte. Eg meiner dei ikkje er det. Kva er det som er så provoserande med at dette blir sagt høgt? Skal vi ha sjans til å få til reell brukarmedverknad må vi da vel diskutere åpent det vi driv med? Informasjonen må ut, vi kan ikkje sitte på kontora våre, godt lønna av offentlege kroner, og tru vi skal få vere fullstendig i fred!

Eit argument eg har blitt presentert for er at "dette må vi da kunne diskutere internt". Og "dette fører ikkje til nokon dialog". Til det vil eg svare: for å få til ein dialog må begge partar vere mottakeleg for den andre sine synspunkt. Eg trur det må andre verkemiddel til enn ein "liksomdialog" nå. Dette er for alvorleg for meg til at eg kan la det ligge, så får det heller bli litt rabalder.

Eg vil verkeleg ynskje brukarrepresentanten i Klinikkrådet i Helse Førde lykke til!

mandag 17. desember 2007

Slutt å vere perfekt

Å bli utbrent, eller kanskje vi heller skal kalle det utlada, er det mange som opplever. Vi som jobbar i psykisk helsevern er truleg spesielt utsette. Mange kjenner att symptom som utmatting både fysisk og emosjonelt, konsentrasjonsvanskar, at ein kjenner seg nedstemt og ineffektiv og opplever jobben som eit ork.

Dr.Erik Falkum har forska på dette, og har kome fram til at det er ein kombinasjon av personlege, individuelle faktorar og jobbmessige, organisatoriske faktorar som fører til "utbrenthet".

Av jobbfaktorane nevner han

-KRAVA i jobben. Arbeidsmengde og kompleksitet står ikkje i samsvar med tilgjengeleg kapasitet og ressursar.

-KONTROLL over eige arbeid, at du for eksempel ikkje blir hindra av (byråkratiske) reglar i å vere kreativ for å finne gode løysingar

-BELØNNING. At du føler innsatsen din blir verdsett, enten lønnsmessig eller ved anerkjennelse

-FELLESSKAP på arbeidsplassen, at du opplever at du har støtte frå kollegaer og leiar, ingen skjulte konflikter

-RETTFERD, at fordelinga av belønning og andre goder er rettvis, og blir gitt etter innsats og ikkje ut frå andre, kanskje skjulte prinsipp

-VERDIAR i bedrifta. Er det manglande samsvar mellom dei etiske krava i bedriften og den tilsette sine eigne etiske normer, bil dette føre til emosjoenll utmatting og distansering

Falkum er oppteken av forebygging, og meiner det har vore fokusert for lite på kva arbeidsmiljøfaktorane har å seie her. Organisatoriske tiltak som fokuserer på krav, støtte og kontroll vil vere effektive, meiner han.

I arbeid med pasientar i psykisk helsevern er det viktig at behandlaren er åpen og aksepterande i høve til det akkurat DENNE pasienten strever med. Vi må nytte oss av vedtekne "sanningar" i faget med sunn skepsis og evne til å tenke nyansert. Sjølvsagt er det meir strevsomt å jobbe i eit fag der du ikkje har full kontroll over produktet, enn der du kan servere maten du har laga eller overlevere huset du har bygd!

Eg vil stemme for at vi blir mindre MÅLFIKSERTE, og meir PROSESSORIENTERTE. Eg ønsker meg meir fokus på relasjon og jamstelling på arbeidsplassen, og mindre perfeksjonisme. Å kjenne seg trygg og respektert på ein arbeidsplass som vår vil eg tru er nøkkelen til å kunne møte brukarane med respekt og aksept. Eller?

mandag 10. desember 2007

Nokre tankar om makt

I relasjonen mellom behandlar og pasient er MAKT eit viktig men lite omsnakka aspekt. Den som skal hjelpe den andre er ein eller annan slags ekspert, og har kunnskap og ressursar den andre treng. Slike relasjonar blir ofte beskreve som USYMMETRISKE, i den forstand at makta er ulikt fordelt mellom deltakarane. Eksperten kan sette "merkelapp" på den andre (diagnose), han kan definere den andre sine behov, og han kan fortelje den andre kva han eller ho må gjere for å bli frisk.
I tillegg til dette kan vi jo ha andre faktorar som for eksempel ulikskapar i kjønn, kultur og rase.

Berre tenk på kor liten og ynkeleg du kan kjenne deg på ein heilt vanleg legetime. Når du treffer behandlaren som skal hjelpe deg med dei psykiske vanskane dine må du blottstille deg på ein heilt annan måte. Tenk deg at du må snakke om noko du skammar deg over, noko du kanskje aldri har fortalt nokon før. Ofte har den som søker hjelp for psykiske vanskar det også veldig vondt.

Alle behandlarar møter liding og nød, det seier seg sjølv. Den som er midt i sitt livs krise, er sjølvsagt svært åpen for det behandlaren har å tilføre. Dette gir behandlaren stor makt, og gjer at vi må stille svært store krav til at vedkomande fullt ut tek ansvar for at alt ein gjer i høve til pasienten er prega av kva PASIENTEN treng, ikkje noko anna. Å ha respekt for den andre si oppfatning av SIN røyndom er nødvendig: "Eg kan ikkje vite sikkert korleis du har det. Det er det berre du som gjer". Det er viktig å reflektere rundt dette.

Å møte nød og liding ofte vil gjerne få fram eit sterkt behov for å hjelpe og lindre. Det er tilfredsstillande å kunne gjere det. Dessutan er det godt å vere den som har "svaret" den andre leiter etter. Det gir ei kjensle av å vere til nytte, av å vere dyktig og verdfull. Ein får gjerne mykje takksemd tilbake, og ofte beundring. Hjelparen blir sett opp til, og oppfatta som eit heilt spesielt menneske med spesielle eigenskapar. Vi er ikkje større enn at dette gjer godt, sjølvsagt. Klart det er ei god oppleving å kunne hjelpe nokon som har det vondt!

Det må likevel ikkje vere styrande for korleis hjelparen møter pasientane sine.

Kanskje ein hjelpar er best i stand til å gje god hjelp om han ikkje er særleg oppteken av SI rolle, SITT bidrag eller SI ekspertise når han møter pasientane? Eigne behov for å vere flink og få beundring må erkjennast, og så parkerast!

I siste nummeret av Tidsskrift for Norsk Psykologforening har generalsekretæren i Rådet for psykisk helse (Sunniva Ørstavik) eit innlegg. Ho er oppteken av faggruppene si makt, og at både psykiaterar og psykologar har stor makt innanfor Psykisk helsevern.

Ho skriv: "Makt betyr innflytelse og muligheter, muligheter til å gjennomføre det som er godt. Men makt handler også om materielle forhold som lønn og posisjon. Og makt og prestisje dreier seg ikke minst om retten til å definere hva som er sannhet."

Hennar bodskap til lesarane av psykologtisskriftet er at om ein søker makt ut frå feil motiv, så spelar det ingen rolle kva for profesjonsgruppe som har mest makt. Det blir feil. Ho hevdar at "Profesjonene kan like det eller ikke, men i framtidas psykisk helse-arbeid vil bare profesjonsgrupper som slåss for brukernes rett og brukernes beste, ha legitimitet".

Dette er eg enig i. Vi får håpe at vektlegginga av brukarmedverknad etter kvart vil tvinge fram større audmjukskap enn vi av og til ser i dag.

mandag 3. desember 2007

Det er stille......

Innlegget kom i Fjordabladet sist tirsdag, men ikkje i dei andre tre avisene. Fjordingen ga tilbakemelding om at det var for langt, men dei andre har ikkje gitt lyd frå seg. Det VAR jo eit langt innlegg, skal innrømme det. All ære til Fjordabladet som trykte det. Men dette viser at det er veldig vanskeleg å nå ut til alle i Nordfjord via avisene, og det er vanskeleg å få til debattar om ting som vedrører alle i Nordfjord. Det er synd, for vi hadde trengt å auke samkjensla trur eg. Vi blir så små som enkeltkommunar, og Nordfjord er frå før ein utkant i Sogn og Fjordane. Eg ser fram til den dagen da vi har EI avis, men det kan muligens bli ei stund å vente.

Ja ja. Det ser ikkje ut som om det er nokon der ute som vil debattere med meg uansett, så det er kanskje ikkje så farleg.....

Kollega Berit Aas beskreiv i 1979 noko ho kalte "Hersketeknikkar"

USYNLEGGJERING er ein av dei fem hersketeknikkane, og er slett ikkje berre brukt av menn for å undertrykke kvinner. Den viser seg å vere effektiv i andre samanhengar også.

lørdag 24. november 2007

Nytt avisinnlegg sendt!

I dag har eg sendt dette innlegget til alle dei fire lokalavisene i Nordfjord:

PSYKOLOGEN SIN PLASS I PSYKISK HELSEVERN I NORDFJORD

I lovverket som regulerer Psykisk helsevern i landet vårt er det sagt at alle behandlingsinstitusjonar MÅ ha tilgang til kunnskapane til både legespesialistar (psykiatrar) og psykologspesialistar. Det er lagt vekt på tverrfaglighet, fordi helsestyresmaktene meiner det er nødvendig å sikre at vi kjem pasientane i møte med størst mogleg fagleg breidde. Dette har som mål å sikre pasientane ei best mogleg vurdering og behandling, og skal fungere som ei kvalitetssikring.

Det er mange som lurer på kva som er skilnaden på ein psykiater og ein psykolog. Eg skal prøve å kome med ei forklaring.

For å ta psykologen først: Det er ein person med seks års universitetsutdanning i psykologi. Han må ha autorisasjon for å få praktisere, og er den einaste ved sida av legen som har eit sjølvstendig behandlingsansvar. Det tyder at dersom legen eller psykologen gjer noko ulovleg i jobben sin, så har dei sjølve juridisk ansvar for det. Dei kan med andre ord for eksempel ikkje dekke seg bak at dei handla på ordre frå sine overordna.

Psykologi da, kva er det? Det er ikkje det same som psykiatri. Psykologi er læra om normale menneskelege mentale prosessar og eigenskapar. Psykologar kan mykje om ting som tankeprosessar, minne, evner, kjensler og korleis omgivnader og hendingar påverkar oss. Utviklingsspykologi handlar mellom anna om korleis mennesket utviklar seg på desse områda.

Når ein psykolog blir tilsett i psykisk helsevern må han spesialisere seg i klinisk psykologi, og lære seg å behandle menneske med psykiske lidingar. Ei slik spesialistutdanning tek om lag fem år, og krev mellom anna praksis frå fleire andre arbeidsområde enn der ein er tilsett. Ein barne- og ungdomspsykolog må mellom anna ha røynsle med vaksne pasientar, og frå sengepost.

Kva er ein psykiater da? Jo, han har ei seks år lang medisinsk utdanning bak seg (er ”doktor”), og har deretter valgt å spesialisere seg i psykiatri, altså læra om psykiske sjukdomar. Eg veit ikkje så mykje om denne spesialiseringa anna enn at den er temmeleg omfattande, inneber mykje og variert praksis, og tek minst fem år.

Når det gjeld Psykisk helsevern på spesialist-nivå har vi i Nordfjord i dag Nordfjord psykiatrisenter(NPS), og Psykisk helsevern for barn og unge (”BUP”). NPS omfattar to sengepostar og ein poliklinikk, og målgruppa er dei frå 18 år og oppover. BUP er ein poliklinikk for barn og ungdom. (Ein poliklinikk er ein stad der du får behandling på dagtid medan du bur heime, ein sengepost er ein stad der du får behandling medan du bur på staden. Det er ikkje lenger så skarpe skiller mellom desse behandlingsmåtane, fordi ein del behandling også kan gå føre seg i eller nær heimen til pasienten)

NPS gir som eg sa eit tilbod til dei i aldersgruppa 18 og oppover, og har både poliklinikk og sengepostar. Det seier seg sjølv at dei har eit mykje større pasientgrunnlag enn BUP. Spørsmålet eg vil fram til er: burde det ikkje vere atskilleg fleire psykologar ved NPS enn ved BUP, og kvifor er det ikkje det?

Eg vart tilsett som relativt nyutdanna psykolog ved Nordfjord-BUP i 93. Det er på grunnlag av mi etter kvart lange fartstid i Psykisk helsevern i Nordfjord at eg dristar meg til å ta opp desse problemstillingane. Eg vil nå lufte nokre tankar eg har gjort meg om psykologen sin posisjon og rolle i institusjonane våre.

Eg oppfattar det slik at den faglege filosofien som ligg bak alt pasientarbeidet som blir gjort av dei leiande psykiatrane ved NPS er basert på følgande:

-Trua på at psykiske sjukdomar i all hovudsak har med genetikk å gjere, er altså arvelege
-Trua på at oppveksttilhøve, nære relasjonar og sosiale faktorar ikkje er avgjerande for utvikling av eventuelle psykiske sjukdomar
-Trua på at det berre er medisinsk behandling (tablettar), kognitiv (tankemessig) behandling eller ECT (elektrosjokk), som hjelper mot psykiske sjukdomar

Det viktige er med andre ord:

a) Å sette rett diagnose
b) Å finne rett medisin - i rett dose
c) Å eventuelt nytte kognitive teknikkar og ulike treningsprogram etter strenge prosedyrer, for å lære pasienten korleis han skal/ikkje skal tenke og handle for å halde seg frisk.

Ut frå dette meiner ein truleg at å snakke med pasientar om kjensler, opplevingar og tankane dei har om livet, andre og seg sjølv, ikkje har noko for seg som ein del av ei behandling. Å ha ”barndommen” som tema i samtalebehandling blir truleg på bakgrunn av dette oppfatta som direkte latterleg.

Det er grunn til å tru at når leiarane står for ein slik tenkemåte, så fargar det det meste av arbeidet ved institusjonen, sjølv om det skulle finnast andre der som tenker annleis.

Korleis er det å vere psykolog på ein arbeidsplass der denne forståinga er innarbeidd? Eg vil tru at det er vanskeleg å nå fram med argumentasjon tufta på psykologisk fagkunnskap, og det er jo det ein psykolog først og fremst har å bidra med. Truleg vil ikkje dette opplevest som fagleg tilfredsstillande etter seks års universitetsutdanning. Vi må også hugse at psykologen står fullt ut ansvarleg for si eiga verksemd, og kan kome i vanskelege dilemma om han blir underlagt for snevre føringar definert av nokon med eit heilt anna fagsyn. Det er stor etterspørsel etter psykologisk kunnskap over heile landet, og ein kan som psykolog velge og vrake i jobbar. Ingen treng å bli på ein arbeidsplass ein ikkje trivst på.

I Nordfjord er vi i dag åtte psykologar i det offentlege systemet, og fem som driv privatpraksis. Av desse åtte er fire tilsett ved BUP. Dei har til saman 32 års fartstid på denne arbeidsplassen.(Høvesvis 14, 8, 6 og 4 år). Tre av dei fire er spesialistar, og det er tilsett nokon i alle stillingane. NPS har tre psykologar. Dei har samanlagt ca.12 års fartstid på NPS. (Høvesvis 3, 3 og 6 år). Ein er spesialist. NPS har fleire ledige stillingar. Fire av dei fem privatpraktiserande er spesialistar. Ein psykologspesialist arbeider i Familievernet.

Nå er det jo også slik at det er planlagt bygging av ny ruspost på Eid. Den er tenkt lagt til NPS, og kjem i tillegg til dei to dei har frå før. Det blir det første eigne rusbehandlingstiltaket i Sogn og Fjordane, og det er vi svært glade for. Likevel har eg nokre spørsmål i samband med denne nyetableringa. Korleis vil for eksempel dei nevnte vanskane med å rekruttere og behalde psykologar på NPS verke inn her?

Gjennom den store rusreforma i 2004 vart ansvaret for ruspasientar lagt til dei regionale helseforetaka, og forankra i spesialisthelseteneste-lovgjevinga. Dette skjedde mellom anna fordi ein tok på alvor at rusmisbruk og psykiske vanskar ofte heng saman. I moderne rusbehandling erkjenner ein at rusrelaterte problem er samansette, og at behandlinga må møtast med både psykologiske, sosiale og medisinske forståingsmåtar. Omgrepet tverrfagleg, spesialisert rusbehandling blir brukt. Korleis skal ein få til gode, tverrfaglege team på Eid om ei svært sentral yrkesgruppe på langt nær ikkje er til stades?

Det eg har skreve om her er mine private oppfatningar og refleksjonar, og eg er åpen for at eg kan ta feil. Skulle det likevel vere slik som eg trur, eller om det berre er slik til ein viss grad, så er eg svært bekymra for kva slags tilbod pasientane i Nordfjord får, og vil få framover. Eg er også oppteken av at vi må ha dette som eit åpent tema, slik at brukarane våre kan få eit innblikk i kva tenester vi kan (og ikkje kan) tilby, og slik at retten til fritt sjukehusval kan bli meir enn ein fin tanke på papiret.

For at vi i psykisk helsevern best mogleg skal kunne ta vare på det enkelte mennesket som kjem til oss for å få hjelp, må vi legge stor vekt på at alle relevante yrkesgrupper får gje sitt bidrag. Dette handlar ikkje først og fremst om å ta psykologane på alvor, men om å ta pasientane på alvor.


Herdis Bergset
Spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
nordfjordpsykolog.blogspot.com