tirsdag 24. november 2009

Diagnoser i psykisk helsevern - viktig tema å diskutere

Nå er eg på jobb, og har ikkje tid til noko langt innlegg. Måtte likevel legge ut nokre lenker som de BØR lese!

Etter blogginnlegget som heiter "Narsissistisk personlegdomsforstyrring" den 01.april 09 vart det litt debatt. Sigrun har skreve ein kommentar i dag, og lagt att ei lenke til ein kommetar i Morgenbladet av Anders Johan W. Andersen.

Vil verkeleg anbefale å lese desse.

fredag 6. november 2009

BUP-pasientar kontra blindtarmar?

Situasjonen når det gjeld lokala ved Førde-BUP er katastrofalt dårlege, og det har dei vore lenge. I dag gjekk psykologane sin hovudtillitsvalde Eli Føleide, ut med kritikk av tilhøva.

Her i fylket er det slik at vi alltid har dilta langt bak dei andre i landet når det gjeld tilbod av ulike slag til pasientane våre, altså dei mellom 0 og 18 år med psykiske vanskar. Heilt til for nokre få år sidan hadde vi tre (3) poliklinikkar å hjelpe oss med, og trengte vi å legge inn nokon måtte vi fri til vaksenavdelingane i fylket, eller Haukeland eller Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri (SSBU) i Oslo. Om ungdommen da fekk eit tilbod i det heile, eller eit tilbod som var til hjelp, var fullstendig ute av vår kontroll og heilt tilfeldig. Så fekk vi omsider ungdomsavdelinga i Førde, den som nå er i krise og manglar både barnepsykiater og psykologspesialistar. Vi har framleis IKKJE nokon plass å legge inn barn, og vi har heller ikkje noko dagtilbod til barn, evt. mødre og barn. Nå eksisterer ikkje SSBU lenger heller, og Haukeland har for lengst stengt dørene sine for Sogn og Fjordane-pasientar. Dette er situasjonen slik vi er vant med at den er, og det har vi langt på veg godteke. Befolkninga i fylket finn seg også i det, for dei har ikkje aning om kva som finst andre stader sjølvsagt.

Førde-BUP er den største av poliklinikkane våre, og er plassert på sentralsjukehuset. Dei har fylkesdekkande ansvar for (den somatiske) barneavdelinga og Familiehuset også, i tillegg til at dei er distriktspoliklinikk for 13 komunar i Sunnfjord og delar av Sogn.

Poenget mitt er at vi i dette fylket historisk sett har basert psykisk helsevern for barn og unge på det polikliniske tilbodet. Det er poliklinikkane i Førde, Sogndal og på Nordfjordeid som er RYGGRADEN i tenesta for målgruppa vår. Når vi nå står så svakt med omsyn til andre typar tenester enn dei polikliniske, så blir det desto meir vanvittig at vi ikkje ein gong greier å halde desse oppe. Det er nå noko så prosaisk som huset, lokala, det handlar om. Tidlegare har vi mangla fagfolk, noko som i grunnen er vanskelegare å gjere noko med.

Her på Eid står det eit nesten ferdig, men tomt bygg - rusinstitusjonen. Den som ein hadde råd til å bygge, men ikkje til å drive..... Lenge før ein i det heile teke hadde kome på tanken om å bygge rusinstitusjonen, visste ein at Førde-BUP-lokala var sprengt, og at ei krise var under oppseiling. Eg gjentek: lenge før! Likevel greide enkelte sterke røyster i fagmiljøet vårt, pluss nokre millionar i av statlege, lokkande kroner, å forlede oss til å satse på dette luftslottet av eit byggverk, som nå står der spøkelsesaktig og tomt, og fullstendig til inga nytte.

Eg lurer berre på ein ting, og det er om desse Helse-Førde-pasientane sitt ve og vel blir teke med i kveldsbønna til nokon helseaktivist? Kan eg aldri tenke meg. Nei, det er blindtarmar og hjerteinfarkt som har forrang her hos oss, dei andre veit ikkje folk flest ein gong at eksisterer. Eg skulle ønske at brukarorganisasjonane kom på banen her, og for ein gongs skuld drog fram storslegga. Vi kan gjerne trenge eit fakkeltog vi også!