onsdag 27. februar 2008

"Lykkepiller" med bismak

Ein kollega sendte meg for ei tid tilbake denne artikkelen. Den er skreve av forfattaren av læreboka mi i psykiatri frå studietida, og eg må seie at den vesle artikkelen gjorde dermed enda større inntrykk på meg enn om den var skreve av kven som helst ellers.

Den handlar om at det ser ut som at SSRI-preparata (Moderne antidepressiva som Fontex, Cipramil etc.) ikkje har særleg stor effekt, ut over placeboeffekten som vi jo veit går på trua du har, og ikkje på preparatet.

Det er ikkje sånn å forstå at dette er gode nyheter for alle dei som er sjuke og som treng hjelp. Sjølvsagt ikkje. Dei har mi sterke medkjensle, og eg unner dei verkeleg behandling som verkar. Det som er oppsiktsvekkande er i kva grad medisinindustrien (som på same måten som anna industri har eit mål:å tene pengar) har styrt oss inn i eit forbruk av slike tablettar som er enormt - på eit sviktande grunnlag. Denne kyniske utnyttinga av sjuke menneske er det som opprører meg.

Eg har i mi tid som psykolog i Psykisk helsevern for barn og unge ein gong i blant opplevd at ungar ned i 10-12-årsalderen har fått SSRI-preparat av legen sin. Ofte har dette skjedd utan at den behandlande psykologen er informert om det, og om ein prøvde å kome med nokre motførestellingar vart ein gjerne avfeid ganske kjapt. Eg hugsar godt den tida det var Seroxat som var det mest brukte preparatet. Plutseleg var det "ingen" som fekk det lenger, i motsetnad til "alle" før. Kva hadde skjedd? Jo, ein hadde oppdaga at det kunne ha nokre utrivelege biverknader, som at folk tok livet sitt etter å ha byrja på Seroxat, og at ein kunne bli avhengig av det. Ja, ja - Psykologen tenker sjølvsagt sitt.

Noko som har forundra meg er at enkelte stader, og av enkelte legar, får uvanleg mange bestemte diagnoser. Nokre stader er det depresjon, andre stader er det bipolar liding eller noko anna som i all hovudsak plager folk, og det er ofte denne diagnosen du sit att med etter legebesøket. Når ein psykolog prøver å ta opp dette fenomenet til drøfting, møter ein gjerne ei haldning hos legane som argumenta, innvendingane og undringa liksom ikkje bit på: "Ja, men vi kan da ikkje la store grupper av befolkninga gå "ubehandla". (les: umedisinerte, det har ingen betydning om dei går til samtalebehandling). "Vi veit jo at denne lidinga er underdiagnostisert, det er vår oppgåve å finne og behandle fleire!" Ein får inntrykk av at det er ein slags menneskerett å få medisin, på linje med at det er ein menneskerett å ha tilgang på reint vatn eller vitaminar.

Det er berre det at vi anar den mektige medisinindustrien i bakgrunnen her, som ein mørk skugge. Kven har fortalt legane kor viktig det er å finne "alle" deprimerte og gje dei medisin tru? Eg har også ofte lurt på kvar den moralske indignasjonen kjem frå, når ein skarve psykolog stiller nokre undrande spørsmål. Du anar at den andre tenker: "Vil du ikkje at lidande menneske skal få hjelp?!"

Jo, det vil eg sjølvsagt - -

Kanskje har eg nokre tankar om kva slags hjelp som kan vere bra også, om nokon vil høyre litt på meg?

tirsdag 12. februar 2008

Opprør er av og til nødvendig

I Danmark er det nå nokre modige aviser som vil trykke Muhammed-karikaturane som ein protest mot drapsplanane retta mot teiknaren som opprinneleg laga teikningane.

Det er BRA! Eg er veldig enig med leiaren i Pressens faglige utvalg, Per Edgar Kokkvold når han støttar dette som eit symbolsk opprør mot den undertrykkinga og einsrettinga desse ekstreme undergruppene står for.

I Kina er det også opprør på gang. Der har folk blitt enige om å lage ein samanslutning av nettbrukarar som skal avsløre myndighetene si undertrykking og løgn. Igjen BRA! Verda må snart vakne og oppdage kva slags makt og demokrati-fremmande muligheter som ligg i moderne media.

Når menneske byrjar å snakke åpent med kvarandre om viktige ting blir ikkje undertrykking muleg lenger!

onsdag 2. januar 2008

Er vi vanvittig naive?

Valla-Yssen-saka seier meg noko om det. Korleis kunne dette mennesket få fritt leide i så mange år, og i så mange settingar, utan å bli sett grenser for? Godtek vi kva som helst berre vedkomande oppnår ”resultat”? Er vi så utruleg og gjennomført feige at vi ikkje tør å seie frå om dei mest groteske overgrep i arbeidslivet fordi det kan ramme meg neste gong? Resultat er viktig i mange samanhengar. Eg forstår at ein LO-leiar eller ein næringslivstopp ikkje berre kan vere ”pusekattar” på jobb, for å nytte Valla sine eigne ord. Men når det gjeld for eksempel psykisk helsevern, kvar bør grensa gå der? Vi skal jo ikkje produsere resultat i form av tente kroner eller gjennomførte forslag og lønnsvekst for bestemte grupper. Vi skal produsere psykisk helse. Under kva arbeidsmessige tilhøve gjer vi det best?

Eit eksempel på misforstått, norsk høflighet:
Dette er observasjonar gjort ved frokosten i ein travel spisesal på eit hovudstadshotell, der det er svært trongt mellom borda. Ei lita gruppe med unge damer sit i intens diskusjon ved eit bord. Den eine har ei stor PC-veske, som etter kvart glir ned på golvet og sperrar heile passasjen bort til kaffeautomaten. Dette merkar ikkje eigaren, og veska blir liggande. Eg observerer folk som balanserer koppar fulle av glovarm kaffe, først bort til den stengte passasjen, så ein lang omveg rundt for å kome til bordet sitt. Det kjem eldre med stokk haltande mot veska – før dei med ei oppgitt mine snur og hinkar tilbake og rundt. Minutta går. Først blir eg irritert på eigaren av veska: for ei likeglad haldning, merkar ho ingen ting av det som skjer rundt seg? Så går det eit lys opp for meg: kvifor seier ingen rett og slett ifrå? Det er da så enkelt å gjere eigaren merksam på kva som skjer, så ho får ein sjanse til å rette opp feilen. Ho burde minst hatt eit par vennlege advarslar før ho var berettiga sinne og kritikk. Ingen gjorde det, og eg sat lenge og såg på. Kvifor?

Eg opplever at det er slik i arbeidslivet også. Vi seier ikkje frå, vi tør ikkje kritisere åpent og vi tør ikkje ta til motmæle når nokon gjer eller sier noko vi meiner er feil eller negativt. Vi har ein dumsnill ”nikkedokke”-kultur, som blir påfallande sett opp mot krava til oss om utdanning og høgt fagleg nivå, og dei etter kvart gode lønnene vi blir tilgodesett med. Eigarane våre forventar kvalitet. Eg trur ikkje det er det dei får alltid. Eg har også nokre tankar om kvifor.

Nokre eksempel:
Leiaren som hadde ein ideal-modell for organisasjonen sin, og som ikkje verdsette eksepsjonelt gode resultat fordi dei ikkje var i samsvar med hans modell. Han ikkje berre ikkje verdsette dei, men kritiserte arbeidstakaren som stod ansvarleg. Denne leiaren oppdaga aldri at ingen av dei han var leiar for delte hans visjon. Han spurte ikkje heller.

Leiaren som nytta manipulering som strategi for å få medarbeidarane med seg: skamlaus ros, evt. utfrysing, irettesetting for bagatellar og overdreven og nedverdigande kontroll. Denne leiaren ville ha ein organisasjon som ga hans eigen blankpussa glorie ekstra glans, og nytta dei verkemidla han måtte for å få det til.

Leiaren som tok rolla som den som veit og kan, og som difor kunne dele ut ros og ris til sine lydige undersåttar alt etter eige hovud. Den som opponerte gjorde noko gale, for det var jo berre ein som visste og forsto. Å opponere vart svært farleg, og kvalifiserte for bruk av ulike sanksjonar og hersketeknikkar frå leiaren og hans næraste.

Eksempla høyrest banale ut når ein skriv dei ned slik eg har gjort. Det er liksom så innlysande at slikt kan ein ikkje godta i eit moderne, opplyst og demokratisk samfunn, til og med i avanserte kunnskapsbedrifter som psykisk helsevern i 2008. Ja, men likevel skjer det – igjen og igjen.

Ingen av desse leiarane gjorde noko gale etter lova. Ingen kan ta dei for noko som helst, utan å gå dei svært nøye etter i saumane. Risikoen for at den eine arbeidstakaren som tør å seie noko blir utfrosen er stor, og den som seier seg enig går nok også med i dragsuget.

Lærebøker i organisasjonspsykologi snakkar ofte om leiarutvikling. Vel og bra, seier eg da. Men kva med alle dei leiarane som ikkje har noko utviklingspotensial?

Norske toppleiarar i næringslivet er vi vane med at må gå av stadig vekk. Nokre går av etter å ha gjort ein dårleg jobb, andre berre fordi det høver å ”fornye” fasaden og prøve nye kostar. Av og til blir dette kalla stolleiken, ny jobb ventar nemleg rundt neste hjørne. Vi ser at dei som må gå ofte får ein fallskjerm som gjer at dei kan ta oppseiinga med stor ro og eit dårleg skjult smil i munnvika.

Leiarar på lågare nivå, og i det offentlege, går ikkje ofte nok etter mi meining. Vi stiller ikkje nok krav til at det å vere leiar også skal bety å oppføre seg skikkeleg. Du skal kunne kreve av ein leiar at han har det eg vil kalle alminneleg gode evner til sosial samhandling, empati, nyansert tenking og til personleg og fagleg endring!

fredag 28. desember 2007

GODT NYTTÅR!


Vil berre ynskje alle eit GODT NYTT ÅR 2008!

tirsdag 18. desember 2007

"Åpenhet er betydningsfullt"

Overskrifta er eit sitat, og det er henta frå Mental Helse si nettside. Her seier dei også at "Informasjon og opplysning skaper holdningsendringer". Mental Helse er landets største organisasjon for brukarar av psykisk helsevern. Difor har ein nå i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Førde lagt opp til at ein representant for brukarorganisasjonane deltek på Klinikkrådsmøta. Dette er møter der alle dei sju avdelingssjefane og klinikkdirektøren drøftar administrative og faglege problemstillingar.

Dette er jo flott! Klart det er viktig å ha med ein brukarrepresentant i eit slikt forum der så mykje makt er samla, og så mange viktige tema skal drøftast og avgjerder skal takast. Eg er oppriktig glad for at vi på denne måten prøver å ta alvorleg det sitatet i overskrifta seier: "Åpenhet er betydningsfullt"

Eg har nyleg gått ut i lokalavisene her i Nordfjord med det eg meiner er saklege innspel om Psykisk helsevern her i regionen. Dette har eg fått kraftig kritikk for. Ikkje i form av at nokon har teke seg bryderiet med å svare meg, og har gått inn i argumenta og påstandane mine. Nei, eg har fått kritikk for at eg i det heile har tillete meg å meine noko i avisene!

Kva handlar dette om? Er ikkje "åpenhet betydningsfullt" da? Eg let spørsmålet henge i lufta......

Vi diskuterer somatisk helse dag ut og dag inn, i spaltemeter på spaltemeter meiner folk noko om fødeavdelingar, tilbodet av urologar, ortopedi og eg veit ikkje kva. Eg lurer på kvifor vi aldri diskuterer psykisk helsevern? Kan det vere tabubelagt? Lever vi ikkje i eit moderne samfunn tufta på demokratiske prinsipp og ytringsfridom? Er vi ikkje etter kvart så opplyste at vi i si tid til og med tålte å ha ein deprimert statsminister?

Eg har lagt ut avisinnlegga mine i bloggen, så alle som vil kan dømme sjølv om dei er usaklege eller utidige på nokon måte. Eg meiner dei ikkje er det. Kva er det som er så provoserande med at dette blir sagt høgt? Skal vi ha sjans til å få til reell brukarmedverknad må vi da vel diskutere åpent det vi driv med? Informasjonen må ut, vi kan ikkje sitte på kontora våre, godt lønna av offentlege kroner, og tru vi skal få vere fullstendig i fred!

Eit argument eg har blitt presentert for er at "dette må vi da kunne diskutere internt". Og "dette fører ikkje til nokon dialog". Til det vil eg svare: for å få til ein dialog må begge partar vere mottakeleg for den andre sine synspunkt. Eg trur det må andre verkemiddel til enn ein "liksomdialog" nå. Dette er for alvorleg for meg til at eg kan la det ligge, så får det heller bli litt rabalder.

Eg vil verkeleg ynskje brukarrepresentanten i Klinikkrådet i Helse Førde lykke til!

mandag 17. desember 2007

Slutt å vere perfekt

Å bli utbrent, eller kanskje vi heller skal kalle det utlada, er det mange som opplever. Vi som jobbar i psykisk helsevern er truleg spesielt utsette. Mange kjenner att symptom som utmatting både fysisk og emosjonelt, konsentrasjonsvanskar, at ein kjenner seg nedstemt og ineffektiv og opplever jobben som eit ork.

Dr.Erik Falkum har forska på dette, og har kome fram til at det er ein kombinasjon av personlege, individuelle faktorar og jobbmessige, organisatoriske faktorar som fører til "utbrenthet".

Av jobbfaktorane nevner han

-KRAVA i jobben. Arbeidsmengde og kompleksitet står ikkje i samsvar med tilgjengeleg kapasitet og ressursar.

-KONTROLL over eige arbeid, at du for eksempel ikkje blir hindra av (byråkratiske) reglar i å vere kreativ for å finne gode løysingar

-BELØNNING. At du føler innsatsen din blir verdsett, enten lønnsmessig eller ved anerkjennelse

-FELLESSKAP på arbeidsplassen, at du opplever at du har støtte frå kollegaer og leiar, ingen skjulte konflikter

-RETTFERD, at fordelinga av belønning og andre goder er rettvis, og blir gitt etter innsats og ikkje ut frå andre, kanskje skjulte prinsipp

-VERDIAR i bedrifta. Er det manglande samsvar mellom dei etiske krava i bedriften og den tilsette sine eigne etiske normer, bil dette føre til emosjoenll utmatting og distansering

Falkum er oppteken av forebygging, og meiner det har vore fokusert for lite på kva arbeidsmiljøfaktorane har å seie her. Organisatoriske tiltak som fokuserer på krav, støtte og kontroll vil vere effektive, meiner han.

I arbeid med pasientar i psykisk helsevern er det viktig at behandlaren er åpen og aksepterande i høve til det akkurat DENNE pasienten strever med. Vi må nytte oss av vedtekne "sanningar" i faget med sunn skepsis og evne til å tenke nyansert. Sjølvsagt er det meir strevsomt å jobbe i eit fag der du ikkje har full kontroll over produktet, enn der du kan servere maten du har laga eller overlevere huset du har bygd!

Eg vil stemme for at vi blir mindre MÅLFIKSERTE, og meir PROSESSORIENTERTE. Eg ønsker meg meir fokus på relasjon og jamstelling på arbeidsplassen, og mindre perfeksjonisme. Å kjenne seg trygg og respektert på ein arbeidsplass som vår vil eg tru er nøkkelen til å kunne møte brukarane med respekt og aksept. Eller?

onsdag 12. desember 2007

"TO KLOKE"



Det er ein
som er så klok
at i lag med han
skjønar eg
kor dum eg er.
Så er det
ein annan
som er så klok
at i lag med han
er eg klok
eg og.

Erling Indreeide

(Frå "Eplekosmos", Gyldendal 1990)