onsdag 23. april 2014

Korleis har du det på jobben din?

Her i landet er det slik at det å ha ein jobb, og å gå på jobben, er avgjerande for at du skal ha det bra. Den såkalla arbeidslinja tilseier at det å få stønadar og ytingar frå det offentlege av ulike slag, er avhengig av at du deltek i arbeidslivet på ein eller annan måte. Du må i det minste delta i eit eller anna sysselsettingsopplegg i regi av NAV, om ikkje anna så for å vise at du er innstilt på å gjere ditt.. Dette kan ramme ulike grupper på ein urimeleg måte, for eksempel studentar som får barn eller blir sjuke.

Om du nå har ein jobb, og har vore så uheldig å bli langtidssjukmeldt, så er det ingen bønn: etter 12 månader må du i gang igjen om du ikkje vil ha inntektene dine sterkt redusert. Dette veit vi kan slå urimeleg ut overfor kreftsjuke for eksempel, jamfør oppslag i avisene det siste halve året. Dersom du er sjuk og har fått deg ei sjukmelding, er legane nå oppfordra til å avgrense sjukmeldingsperioden. Ein tenker at det er "sunt å gå på jobb", og dette er visst også forskingsbasert kunnskap. Det kan godt hende det stemmer for mange, da arbeidsplassen jo også er ein arena for sosiale relasjonar og  følelsen av å vere til nytte mellom anna. Det kan også gjere godt å få tankane over på noko anna enn sjukdom og bekymringar. For andre kan desse krava bli for store, og utgjere ei ekstra bør i tillegg.

Med andre ord er det sterke føringar for oss arbeidstakarar om at vi både bør og må kome oss på jobb. Da tvingar det seg fram eit lite spørsmål hos meg: kor tydelege krav kan vi arbeidstakarar tillate oss å stille til arbeidsplassen vår da? Det er vel ikkje meir enn rett og rimeleg at desse må stå i samsvar med det tydelege "presset" frå samfunnet om å stille på kontoret eller personalrommet om morgonen. Eg har ikkje fått med meg at dette har vore særleg tema i avisene eller fjernsynet. Eg trur for min del dessverre at dei udugelege sjefane, dei lite imøtekomande kollegaene og dei uformelle grupperingane der ikkje alle har innpass får leve vidare i fred - akkurat som før. Det får også jobb-bøllene, mobbarane og dei som ikkje likar forandring. Dei kjende hersketeknikkane til Berit Ås lever fortsatt godt på arbeidsplassane rundt omkring, og er fortsatt like effektive, og like krenkande og sårande, brukt mot både kvinner og menn.

Dersom vi verkeleg vil at "alle" skal jobbe uansett, så må vi vel snart sette eit kritisk søkelys på arbeidsplassane våre, og sjekke om dei fyller krava til ein helsefremjande stad å vere? Eg meiner at vi må stille mykje større krav til både leiarar og arbeidstakarar enn vi gjer i dag dei fleste stader. Vi veit veldig mykje om kva som skal til. Innanfor psykologien er det eit fagområde som heiter arbeidspsykologi, der det finst kunnskap om kva faktorar som fremmar både jobbeffektivitet og trivsel, og indirekte også fremmar god psykisk helse. Nå synest eg det er på tide å ta denne kunnskapen meir i bruk. Kanskje ikkje minst i norske kommunar?

Skal vi sjå litt framover, så må kommunane dei neste 10 åra ta på seg ansvaret for nye, store oppgåver når det gjeld alt frå psykisk og fysisk helse, skule, barnehage og barnevern. Vi skal både forebygge, sette inn tiltak tidleg og behandle. Alt dette vil krevje gode, solide arbeidsmiljø der vi ser på oppgåvene våre i fellesskap, og der det ikkje lenger blir plass til "småkongane" som sit og forvaltar eit bestemt lovverk, og som i kraft av det har tillete seg å danne ei eiga "øy" i den kommunale "fjorden". Samhandlingsreforma krev av oss at vi bygger bruer og besøker kvarandre på øyene våre, heller enn at vi tviheld på dei gamle grensene. Desse nye krava vil til de grader sette oss på prøve, og utan meir offensive og klare krav til arbeidsmiljøa rundt omkring trur eg ikkje vil vil greie å oppfylle forventningane.

Kva er eit godt arbeidsmiljø da? Vi skil mellom dei fysiske tilhøva på jobben, og det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er klart at i våre dagar er det ikkje arbeidsstilling, belysning og tunge løft som er det mest avgjerande på dei fleste stader, sjølv om det også framleis er viktig i til dømes pleie og omsorg. Nei, eg tenker nok at den mellommenneskelege samhandlinga er enda viktigare trass alt. Dersom du føler deg trygg, respektert og sett pris på av kollegaer- og i tillegg har ein sjef som hører på deg og hjelper deg om du har eit problem, så har du eit godt arbeidsmiljø. Da har du trekt vinnarloddet i arbeidslivet, og bør kjenne deg både takksam og glad!

Som med så mange andre ting her i livet kokar det altså ned til nokre temmeleg grunnleggande menneskelege behov. Ein kjem faktisk ganske langt med sunt bondevett og god folkeskikk, men nokon må nok sjå det som si oppgåve å sørge for at vi brukar denne kunnskapen også på jobb. 

fredag 11. april 2014

Om å ha klasserommet som arbeidsplass

Nei, eg snakkar ikkje om lærarane nå. Eg tenker faktisk på dei som er i fleirtal på skulen: elevane. Eg sat og snakka med ein relativt ung person ein dag, og vi kom inn på det med at skulen var hennar arbeidsplass, slik mamma hadde sin og pappa sin. Først hadde vi vore inne på ting som denne personen hadde opplevd på skulen, som det å ikkje få vere med i leiken, det å få nedsettande kommentarar, det å bli gløymt og oversett og det å faktisk oppleve kvardagen som ganske skummel. Eg sa at det finst reglar for korleis ein skal oppføre seg mot andre, og det finst reglar og lover som seier at vi har rett til å oppleve arbeidsplassen vår som ein god og trygg stad å vere. Denne vesle personen ville ikkje heilt tru meg når eg forklarte dette, for vedkomande hadde opplevd å ikkje bli trudd av dei vaksne når ho prøvde å beskrive det vonde som skjedde.

Etter å ha jobba ei stund med barn og unge må eg seie at eg ser for meg ei endelaus rekke av barn og ungdom som har fortalt liknande historier. Den eine beretninga etter den andre kjem fram i minnet, om utestenging, sinte lærarar, plaging og hatefull håning, slag, spark og skjellsord. Ofte har ikkje dei vaksne klart å oppdage eller gjere noko særleg med dette, trass i at eg veit at dei fleste verkeleg har prøvd.

I opplæringslova §9A står det at står det at "Så lenge eleven har en subjektiv oppfatning av at det psykososiale miljøet ikke fremmer hans/hennes helse, trivsel eller læring, har skolen en plikt til å rette dette".

Hmmm, her er det ein diskrepans så vidt eg forstår. Ut frå dette kan ikkje læraren slå seg til ro med at alt egentleg er greit, så lenge eleven si subjektive oppleving seier noko anna.

Da trur eg vi må ta ein runde til med lærarane til denne eleven, og enda ein gong gå gjennom kva tiltak som kan vere til hjelp. Eg tenker også på at eg ved neste høve skal prøve å formidle til dei noko av den stille, triste fortvilinga eg har sett så mykje av. Om den kjem frå ein hybelbuande 17-åring som har bruk for å bearbeide ting som skjedde for lenge sidan, eller det er nokon som sit midt oppi det nå, og som det framleis er muleg å skåne for nokre sår og skrammer.

Eg tenker også på at vi aldri må gløyme at for den utstøtte og sårbare vil også små teikn på avvising og forakt såre veldig, og at det er himmelvid skilnad på korleis den robuste og trygge eleven oppfattar desse ofte subtile signala, og korleis dei blir tolka og oppfatta av den som er utanfor frå før .

Da er det godt at Opplæringslova faktisk tek vare på denne skilnaden, og held fram kor individuelt det faktisk er om ein opplever skulekvardagen som god eller farleg.

mandag 10. februar 2014

Nytt år - igjen!


Dette blogginnlegget om beslutningsvegring traff meg midt i solar pleksus, så da får det bli litt blogging igjen her. Har tenkt på det ei stund, men så er det det med å gjere det ein har tenkt da.... "Passiviteten gjør at påstander, intensjoner og motiver ikke blir satt på prøve". "Beslutningens åpenbarende karakter gjør oss derfor sårbare". Treffande sagt, og det treffer eit ømt punkt hos meg i alle fall.

Derfor blir det litt skriving igjen. Veit ikkje om eg har så mykje meir elevert å kome med i dag, anna enn at eg i det siste har blitt enda meir klar over kor kort dette livet er, og kor fort tida vår her på jorda er oppbrukt. Det å gjere ting er noko ein må sette i gang med før det er for seint med andre ord!

Det eg har saksa er skreve av Paul Otto Brunstad i bloggen hans som du finn her: http://www.pobrunstad.no/


BESLUTNINGSVEGRING

Når jeg nå velger å ta opp igjen skrivingen av denne spalten, har begrepet beslutningsvegring fått fornyet aktualitet. Det er om denne vegringen dette mitt første blogginnlegg i denne runden skal handle om.
Beslutninger har en avslørende karakter. En ny runde med skriving i denne spalten kan jo avsløre at jeg ikke hadde noe særlig å fare med lenger. Dette dilemmaet kunne vært unngått ved å forbli taus, ikke la meg friste til å skrive nye bidrag. Kunne da leve med det jeg har gjort av skriving, uten risiko for å gå på en ydmykende smell.
Våre handlinger forteller altså noe om vi har kontroll eller ikke, om vi har gjennomføringskraft eller ikke, om vi har noe å fare med eller ikke. Vi kan si mye, men i det vi velger å handle, kommer det for en dag om det hele var bare ord eller om det var hold i det. Så lenge en bare sier at en kan gjøre noe, har en sitt på det tørre. Passiviteten gjør at påstander, intensjoner og motiver ikke blir satt på prøve. Passivitet, det ikke å gjøre noe, etterlater en paradoksal mulighet for at jeg faktisk kan mestre det jeg hadde tenkt.belsutningsvegring Beslutningens åpenbarende karakter gjør oss derfor sårbare. Noe av det beskyttende panseret som inaktiviteten og ubesluttsomheten bidrar med, blir i handlingens øyeblikk svekket og slår sprekker. Sprekkene avdekker sannheter om våre liv. Det å ta en beslutning er å stikke hode frem. Vi blir synlige og sårbare, vi blir mulig å angripe eller anklage. Ikke rart at vi kan falle i beslutningsvegringens beskyttende grøft.
Hannah Arendt er opptatt av handlingers eller beslutningers åpenbarende karakter. Våre valg avdekker noe av vår identitet, de sier noe om hvem vi er som mennesker, hevder hun i boken The Human Condition. Noe av vårt skjulte eller sanne jeg blir gjennom beslutningen gjort synlig for verden og menneskene rundt oss. Blir vi værende i vår passivitet, blir vi utydelige for våre omgivelser. Straks vi beslutter å gjøre noe, etterlater vi oss spor, spor som forteller  noe om karaktertrekk, egenskaper, ferdigheter, gaver, talent, men også noe om svakheter som ligger skjult under handlingsvegringen passive fremtoning.
Valg røper oss, og noen ganger mer enn vi skulle ønske. Her er vi kanskje ved beslutningsvegringens kjerneproblem.  Vi vil ikke risikere den posisjon eller «standing» vi har bygget opp gjennom det vi tidligere har gjort. Ved å gå opp til en ny eksamen, skifte jobb, skrive en ny bok, ta på seg krevende oppdrag eller ta opp igjen en gammel blogg, utsetter vi oss for en reell risiko, en sjanse for å mislykkes. Frykte for å mislykkes, for  ikke innfri forventinger til oss selv og fra andre, er trolig noen av beslutningsvegringens dypeste grunner. Dette er ingen byggende frykt, tvert om, den frarøver oss noe av livsutfoldelsen. Slev om beslutningsvegring kan beskytte oss fra å feile, vil den samtidig også hindre oss fra å vokse som mennesker og vinne ny innsikt og forståelse. Dristigheten fordamper og med den også gleden av å kunne oppdage nytt land, forstå nye sammenhenger og oppleve nye gleder.
I-can-do-300x198Samtidig taper vi pittelittegrann noe i oss selv som menneske. Vi former og blir selv formet gjennom våre valg. I passivitetens behagelige døsighet er det denne formende og nyskapende kraften som stiller visner og fisler bort.Det er i møte med denne bedrøvelige mulighet, at jeg nå velger å agere contra , altså aktivt ta et lite oppgjør med min egen iboende passivitet. På den måten: Velkommen til en ny sesong med bloggbidrag fra en delvis forløst beslutningsvegrer.
Share|Når jeg

torsdag 12. januar 2012

Nyttårsdikt (reprise)

Kom over dette diktet som eg må ha skreve ved årsskiftet for tre år tilbake, og tenkte det kunne brukast omatt. Høver bra ved starten på eit nytt år synest eg!

KRAFT
Pila si reise mot blinken
er det eg vil.

Om eg så treffer veggen - var turen dit ein jamn boge av
gull og stål.

Tvilen ligg på bakken og rotnar.

Ynskjer alle eit GODT NYTT ÅR i 2012!

tirsdag 10. januar 2012

Kristin Ribe om sjølvskading

Har hørt Kristin Ribe snakke om sjølvskading, og fekk ny innsikt av det! Ho er god til å formidle. Jo da, vi ber om kognitiv terapi, og kjappe teknikkar mot psykisk smerte og liding.... Eg for min del kjem stadig tilbake til dei to mest verksame faktorane i terapi: RELASJON og TID. Men når det er sagt, så er det ikkje noko gale med kognitive teknikkar heller, berre at dei av og til må kome i tillegg.

Les og bli klok, og kanskje berørt:-) Ha ein fin dag!

tirsdag 8. mars 2011

Skulle ønske eg kunne trylle.....

...da skulle eg nemleg ha trylla fram ein ny medisin. Den skulle ha verka på folk sin sjølvtillit, og skulle ha teke vekk skam ("eg er ikkje god nok"), overflødig skuldkjensle og redselen for å ikkje prestere bra nok.

Eg er i den unike posisjonen at eg brukar store delar av dagen til å snakke med folk som strevar med liva sine, og det er mange! Felles for nesten alle desse er at dei ikkje greier å tru at dei er gode nok, flinke nok eller verd å elske! Det paradoksale er at dette gjeld folk som sett utanfrå kan vere både pene, snille og flinke - , men som likevel har eit så negativt syn på seg sjølv at dei er djupt fortvila og ikkje greier å sette pris på livet.

Eg blir fortvila over kor mykje liding som finst i verda, men verst er det å tenke på at ein stor del av den er "unødvendig"...

Vi menneske treng ein del ting for å vere glade: vi treng å bli sett og bekrefta av nokon, vi treng å oppleve meistring og vi treng draumar og håp. Skulle ønske eg kunne trylle.....

onsdag 24. november 2010

Bør psykologar uttrykke frustrasjon?

I dag har eg fått vite at det er nokon som har reagert på bloggen min. Eg veit ikkje kven. Først vil eg difor be om unnskyldning dersom eg uforvarande skulle ha kome til å skrive noko som kan takast ille opp. Det har ikkje vore mi meining. Forrige innlegg handla om min frustrasjon som psykolog i BUP etter snart 18 års virke. Eg vil presisere at dette IKKJE handlar om nokon enkelt sak, pasient eller familie, men om kjensler og tankar som er ein sum av alt som har føregått desse 18 åra. Det handlar heller ikkje om at eg har ei negativ oppfatning av nokon av samarbeidspartnarane våre i kommunane, eller kritiserer nokon som arbeider der. Eg opplever å ha fått mange venner gjennom samarbeidet mitt med dykk, og tenker at det i alle kommunar finst mengdevis med flinke og oppriktige og iherdige menneske som eg har hatt stor glede av å bli kjent med. Igjen handlar det om summen av mange erfaringar, og tankar eg i etterkant har gjort meg om tida vi lever i, og uuttalte idear og oppfatningar som er så implisitte i alt vi les, hører og tenker at vi ikkje legg merke til det. Mange av desse tankane kjende eg berre som eit ordlaust ubehag heilt til eg hadde bestemt meg for å slutte i jobben. Da greide eg omsider å få nok avstand til det til å sette ord på noko av det.

Å skrive ned tankane mine har også ein mentalhygienisk funksjon for meg. Det er slik at til og med psykologar kjenner på eiga dugløyse i jobben av og til, og kan gå i den fella at ein tenker at alt negativt som skjer tyder på at eg ikkje er flink nok. Å sette ord på kjenslene og tankane mine i bloggen har fungert som ein måte å sortere på, slik at eg skal sleppe å ta ansvar for alt som har gått skeis, og alt som eg ikkje har lykkast med. Sjølvsagt er det ting eg skulle ha gjort betre, som det er med dei fleste, men både eg og mine komande pasientar har best av at eg greier å finne att min eigen kompetanse midt oppi alt dette. Eg har samtidig prøvd å halde meg på eit generelt plan, og meiner eg peikar på idear og prinsipp som gjeld for alle, men har muligens ikkje lykkast heilt med det?

Så til tittelen på blogginnlegget. Mitt svar på spørsmålet er ja. Det avgjerande er sjølvsagt kva slags frustrasjon det er snakk om. Eg prøver å halde meg innanfor rammene av det som er etisk forsvarleg ved å sette ord på frustrasjon i høve til system og samfunn, og ikkje i høve personar. Det å skrive denne bloggen er viktig for meg personleg, men eg vil også vere så ubeskjeden å hevde at ei stemme frå ein behandlarkvardag kanskje kan vere nyttig for andre også? Vi er ikkje så mange i mi yrkesgruppe som driv med slikt. Forrige blogginnlegg har eg i alle fall fått positiv respons på frå kollegaer som seier dei kjenner seg igjen i det eg skriv, men at dei ikkje har tenkt på det før... Da har det kanskje vore til litt nytte likevel da?