tirsdag 30. desember 2008

Nyttårsdikt

KRAFT

Pila si reise
mot blinken
er det eg vil.

Om eg så traff
veggen -
var turen dit ein jamn boge
av gull og stål.

Tvilen låg
på bakken
og rotna.

Ynskjer alle eit GODT NYTT ÅR i 2009!

3 kommentarer:

Sine sa...

Flott dikt. Jeg gir deg et i retur som går på det samme.

Mange års røynsle med pil og boge - av Olav H. Hauge

Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men net der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka opp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirra:
Her er og eit midpunkt.

Sine sa...

Godt nytt år til deg óg!

Herdis sa...

Så fint dikt, Sine! Tusen takk for det. Ønsker deg også eit verkeleg GODT NYTT ÅR:-D