torsdag 25. september 2008

Softgun-hysteri

Hørte i radioen i dag at ein ungdomsskuleelev frå Florø hadde vore så uheldig å ta med seg ein softgun på skulen. Det skulle han aldri ha gjort, og truleg angrar han veldig på det nå! Du veit vel kva ein softgun er? Eit leikeskytevåpen av plast, som rett nok ser ut som eit skikkeleg våpen, men som berre kan skyte bittesmå plastkuler. Dei fleste unge gutar som kjenner nokon som har vore i syden, eller som har vore der sjølv, har ein slik liggande.

Det at han tok med seg softgunen sin på skulen dagen etter skytetragedia i Finland var truleg der den verste uflaksen kom inn i bildet. For nå skal jo alle vere obs. på, og "slå hardt ned på", tendensar til vald, og skyting, i skulen sjølvsagt. Og skal ein slå hardt ned på noko, så kan ein vel ikkje samtidig tenke fornuftig - eller?

Eg synest synd på han som truleg heilt uvitande om ulykka i Finland, bestemte seg for å ta med våpenet sitt og vise fram til kameratane akkurat den dagen. Han sit sikkert igjen nå (etter å ha blitt "slått hardt ned på") og er både forvirra og sint. Dei som tok med seg rollerblades eller skateboard på skulen, fekk sikkert berre ein advarsel og ei påminning om at dette er det ikkje lov å ha på skulen. Kanskje det hadde vore greit nok her også?

Avvergar vi skytetragediar som den i Finland med å ringe politiet når vi ser ein leikepistol? Trur ikkje det, nei! EG trur derimot, at ungdom, oftast gutar, som endar med å skyte klassekameratar, lærarar og vanlegvis seg sjølv, ikkje er kven som helst. Skal vi avverge at slike ting skjer, må vi faktisk SJÅ kven ungane er. Vi må prøve å oppfatte kva dei strever med, og korleis dei opplever skulekvardagen, kontakten med kamaratar og tilhøvet til foreldra. EG trur nemleg at desse gutane

  • har opplevd mange nederlag på skulen
  • har opplevd at dei blir avvist av venner
  • har opplevd ein eller annan form for omsorgssvikt heime, kanskje blitt slått
  • har ikkje blitt "sett" av nokon på veldig, veldig lenge, om dei nokon gong har blitt det
  • har eit lenge oppdemt raseri i høve til omverda

Når ein slik avvist, einsam og truleg i eigne auger mislykka gut, byrjar å bli ekstremt våpeninteressert (da snakkar eg ekstremt altså, ikkje normal unggutt-interesse, som også kan vere stor), og han har liten eller ingen kontakt med jevnaldrande, men sit heime og spelar valdelege data/TVspel, ser valdsfilmar og legg ut valdsforherligande videoar og anna stoff på nettet. Når dei vaksne som har omsorgen for han eigentleg ikkje veit eller bryr seg om kva han driv med, og når lærarane kjenner at dette er ein kar som ikkje trivst eller utfaldar seg slik dei andre gjer, ja DA kan vi byrje å reagere. Men vi spring ikkje til politiet det første vi gjer. Tru det eller ei, det er kanskje det som er til minst hjelp i ein slik situasjon.

Autoritetar som truar med straff, oppfører seg aggressivt og utøver makt overfor ein slik kar heller truleg berre bensin på bålet.

I vårt land har vi, som Atle Dyregrov så klokt sa det på frokostTV i dag, ein varmare og meir omsorgsfull skule enn i Finland. Akkurat det skal vi vere glade for. Akkurat det er kanskje ein kvalitet som vi skulle verdsette meir, og hugse på kvar gong vi fell for freistinga å hylle dei fantastiske skuleprestasjonane i Finland. Skal vi nå slutte å gremme oss over kor "dårleg og ubrukeleg" den norske skulen er samanlikna med den finske og så vidare? Det er muleg at det ikkje berre er skuleprestasjonar som tel, når alt kjem til alt. La oss berre unngå å rote det til for oss før det er for seint, og vi har ofra dei kvalitetane vi har i skulen i dag, til fordel for ein "flinkare" elite.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, prøver nå om det er greit å legge in kommentarar

Herdis

Anonym sa...

Denne gongen må eg innrømme at eg er enig med psykologen...faktisk:-)Vår norske skule er verdibasert, der omsorg,trivsel og elevmedverknad er svært viktig. Kunnskapsreformen prøver å ta kvelertak på akkurat det, men eg trur ikkje vi er i stand til å leve med ein finsk skulekultur. Finske skulefolk er sjølv kritiske og meiner den svensk/norske skulen skapar betre samfunnsborgarar enn den finske.
Men softgun i vgs har eg ikkje så mange meiningar om. Det er typisk at det blir overreagert etter slike hendingar...og dessutan er det ein kjent sak at dei beste pedagogane er i barneskulen.....;-)

Herdis sa...

Fint at du er enig med psykologen! Kunnskapsreformen veit eg dessverre for lite om, men blir bekymra når du seier at den kan bira til undergraving av det vi har som er positivt. Vi som jobbar med ungdom med psykiske vanskar veit i alle fall at det er absolutt nødvendig å halde fast på omsorg, trivsel og elevmedverknad som du skriv. Det er vanskeleg nok likevel....