torsdag 15. november 2007

Ingen svar på innlegget

Nei, det kom ingen reaksjonar på innlegget i Fjordabladet. Eg var ikkje så overraska over det. Det eg vart overrraska over var at eg fekk MANGE positive munnlege reaksjonar på innlegget frå folk i bygda. Reaksjonane kom frå ulike personar, dei fleste med ei eller anna tilknytning til helsevesenet. Eg har inntrykk av at mange kjenner seg igjen i det eg beskriv. Så seint som i dag fekk eg ein positiv kommentar, over ein månad etterpå!

Eg har skreve eit nytt innlegg. Denne gongen lurer eg på om eg skal sende det til alle lokalavisene i Nordfjord, i alle fall dei tre største som er Fjordenes tidende, Fjordabladet og Fjordingen.

(Eg meiner forresten det er ille at Nordfjord ikkje har ei lokalavis som dekker heile distriktet med ca. 30000 innbyggarar! Det ville bidra til å binde oss saman, slik at vi sluttar å isolere oss i kvar våre kommunar, men kan byrje å bygge opp ein "Nordfjord-identitet". Det er nå mi meining.....)

Ingen kommentarer: