søndag 18. oktober 2009

7 x 7 = 49 = visdom&klokskap...?

Det heiter seg at når ein blir 49 år skal ein visst bli både vis og klok... Kvar dette kjem frå opprinneleg veit eg sanneleg ikkje, men forstår at det har noko med det magiske talet 7 å gjere, og at 7 gange 7 blir ekstremt kraftfullt. Eg er nå svært nær min 49. gebursdag, og er spent! Veit ikkje heilt kva som skjer med meg for tida, men noko er det.

"Magisk tenkning" lærte eg om i mine studiedagar, og det var ikkje bra. Det var eit teikn på manglande bakkekontakt og kanskje ein personlegdom som ikkje tålte dagens lys..? Det var i same kategori som "selvhenførelse", som var noko styggedom ein måtte vere veldig merksam på når ein tok Rorschach-testar. Altså den derre blekk-klatt-testen som du sikkert har hørt om.... Nå er det ikkje så ofte eg har brukt Rorschach i mitt virke, må eg innrømme. Det er liksom litt lettare å berre snakke med folk, det går det og.

Kvar gong eg les horoskopet mitt og blir oppslukt av alle mulighetene eg ser at ligg der og ventar på meg, tenker eg litt skamfull på dette med den lite anerkjende "magiske tenkninga".... Kanskje det er det eg driv med nå? Huff, kva slags høgt utdanna, akademisk skulert person er eg eigentleg. Ein liksom-akademikar sikkert. Fake. Ikkje så oppteken av teori, men veldig oppteken av kjensler, magefølelse og gleda ved å bli kjent med andre menneske. Først tenkte eg at eg må ikkje seie det til ein levande sjel, at eg faktisk les horoskopet mitt kvar månad. Så flaut!! Så er det andre sider ved meg som tek over, og eg blir oppteken av å kringkaste det til alle som vil høre på: må provosere litt, må utfordre litt - ingen skal tru dei veit alt om meg, nei!

Men så er det altså slik, at eg snart fyller 49, og får vite at NÅ er det mi tid har kome. Klokskap, visdom og oversikt. Eg er i mål, liksom. Løyndomar skal bli avslørt for meg, eg skal endeleg sjå og forstå!

Eg som stadig havnar i selvhenførelses-grøfta, og nærast dyrkar mi magiske tenkning?! Som ein fjortis som har forlese seg på ukeblad-retorikk?

Eg kjenner etter. Eg sit i bilen, på veg til eit møte. Eg tenker, og kjenner, og tenker igjen. Eg er litt nervøs, pust roleg nå. Eg må få dei til å forstå at eg kan noko! Eg må formulere meg klokt og helst litt imponerande, så dei innser at dei har teke feil, og må gjere ting annleis. Det er irriterande så eigenrådige folk er, kan dei ikkje fatte at eg har viktige ting å kome med, kan dei ikkje ha litt meir respekt!?

Så er det liksom eg skiftar gir. Eg tenker: det er greit uansett. Eg gler meg til å kome heim til mannen min, vi skal ha noko godt til middag. Å, så fin den melodien i radioen er, og jammen er det nydelege haustfargar her! Nordfjord er vakkert, tenk å få sjå alt dette vakre ein vanleg arbeidsdag. Eg lurer forresten på kva dei har å seie på møtet i dag, er verkeleg spent på korleis det gjekk med.... ? I grunnen kjenner eg at eg likar desse folka eg skal møte, dei er så "seg sjølv" på ein måte - sjarmerande. Tenk så mange søte, sympatiske folk det er i verda. Eg likar folk, alle slags folk, nesten da. Det er spennande å sjå alt det rare og fine som skjer, tenk at kvar dag er heilt ny. Ingen dagar er like, det er eit under i seg sjølv....

Eg er plutseleg ein doggfrisk fjortis full av undring over livet inni - og ein moden, snart-femti-person utanpå. Tenk på det du! Merkeleg alt saman. Livet er herleg:-)

Ha ein fin dag - er det ikkje det det heiter?

2 kommentarer:

June sa...

Eg trur kanskje at eg elska dette innlegget! Og så håpar eg at du ikkje sluttar å blogge. Skal kose meg med alle postane eg enno ikkje har lese imens; har nettopp kome over denne bloggen :)

Herdis sa...

Tusen takk for det, June!