onsdag 21. oktober 2009

Meditasjon

Da eg var ung dreiv eg med meditasjon. Eg er født i byrjinga på hippie-tida, og observerte brokker av ungdomsopprøret frå sidelinja, sett med eit litt naivt og storøygd barneblikk på 70-talet. Da eg vart rundt 20 hadde eg med meg nok idealistisk tankegods til å bestemme meg for å lære meg å meditere. Eg såg at Acem annonserte med kurs i lokalmiljøet, og meldte meg på. Nå skal det seiast at eg aldri vart noko iherdig meditatør. Til det vart det for kjedeleg, og krevde ein god del meir sjølvdisiplin enn eg hadde (har). Likevel har eg heile tida hatt sansen for ideen bak, og har faktisk reflektert ein god del over kva for psykologiske prinsipp som faktisk er verksame her. Eg likar svært godt prinsippet med å la alle tankar, kjensler og kroppsopplevingar vere som dei er, utan å prøve å forandre på dei. Samtidig som eg gjentek metodelyden lett og uanstrengt. Det er lettare sagt enn gjort, og gjentakinga av metodelyden (eller mantra som det også heiter) kan bli både hakkete og anstrengt til tider.

Eg hugsar at læraren vi hadde var ein kar som kom reisande til Hadeland frå Oslo, og som eigentleg var bokhandlar, altså ein forretningsmann med god greie på tal og kroner og øre, men som kanskje mangla litt på den pedagogiske og psykologiske sida. Derfor tok det laaaang tid før eg forsto skikkeleg korleis eg skulle takle alt dette strevet med å få metodelyden til å høyrast for mitt indre øre; mjukt og lett og elegant. Eg bevegde leppene, og det var ikkje bra. Eg sa lyden hardt og fast for å halde på den, men det var visst heller ikkje bra. Eg gløymde den i lange periodar, og det skulle eg absolutt ikkje. Ikkje rart eg ga opp! Først i ettertid har eg forstått POENGET med heile greia: du skal akseptere dine eigne tilkortkomingar, strev, feil og sidespor der du tenker på kva du skal ha til middag i morra. Det gjer ingen ting. Det er greit. Det er ikkje krise å gjere feil. Du SKAL gjere feil. Du tek ganske enkelt oppatt lyden så lett og uanstrengt du kan, og så tenker du at alt er greit.... Ingen sjølvkritiske tankar, ingen følelse av å ville gi opp fordi du ikkje greier nokon ting. Eller - nettopp slike tankar, men du fortsetter likevel, lar tankane vere der, tek berre oppatt metodelyden så lett og uanstrengt du kan.... Forstår du? Det er eigentleg genialt... Du har alltid ein ny sjanse, du har alltid ein mulighet til å sleppe taket i det du driv med og nullstille deg. Ikkje ved å fjerne tankar og kjensler med makt, men rett og slett ved å roleg og mildt konsentrere deg om noko anna. La tankane vere der, men flytt fokuset ditt....

Mindfullness er det visst noko som heiter. Eg innbiller meg at det handlar om noko av dette. Dei timane eg har meditert til saman er ynkeleg få. Av og til har eg gjort det litt om natta når eg ikkje har fått sove. Det fungerer faktisk enkelte gonger. Likevel har det eg lærte om meditasjon tidleg på 80-talet vore veldig nyttig for meg.

Når eg nå prøver å jobbe med meg sjølv for å få kontroll på stresset mitt, og for å finne igjen litt meir energi, seier fysioterapeuten at det er det viktig at eg får hjernen min til å fokusere på her-og-nå. Kjenner at eg sit på eit underlag, evt. står, eg er her, nå, og kviler i meg sjølv. Det er noko av det same. Metodelyden gir eit her-og-nå-fokus. Det er det mentale haldepunktet, som gjer at ein kan la tankar og kjensler og stress berre vere der, men kome i bakgrunnen.

I same slengen skaffar du deg perspektiv. DU bestemmer om du vil vere midt oppi alt saman, eller om du vil stå litt på sidelinja og sjå på det som er der. Når "det som er der" er sterk fortviling, angst eller raseri er det jo ein anelse meir vanskeleg sjølvsagt. Eg seier ikkje at det er lett.... Likevel: her ligg det ei løysing faktisk. Ein slags veg ut, ein liten mulighet for kontroll. Litt fridom?

Eg vurderer av og til å prøve å få til å meditere regelmessig. Dessverre trur eg ikkje at eg vil få det til nå heller. Eg har ikkje blitt mykje meir sjølvdisiplinert sia 80-talet. Eg må nok nøye meg med små stunder i kvardagen med den mentale øvinga "nullstilling", men eg har blitt flinkare til det i det minste. Eg kjenner av og til fysisk korleis stresset slepper taket, og eg får ein liten fornemmelse av eit stort hav av fridom og glede ein stad, som eg ein dag skal svømme i....

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg har ikke prøvd så mye meditasjon, og jeg tror jeg også synes det blir litt kjedelig i lengden. Derimot har jeg stor glede av qigong. Det funker max mot stress. Love it! :-)

hildegoghagen sa...

Du skriver bra :-). Meditasjon, eller andre teknikker for å "lande" i seg selv har utvilsomt en plass. Jeg har antagelig heller ikke nok tålmodighet til sånt. For meg funker det bedre med en joggetur - også en god metode for å få fokuset der det hører hjemme. Men i det siste har jeg opplevd et nytt problem: søvnvansker. Det er det jo mange som sliter med, og det er ikke alltid så lett å hjelpe dem. Når man våkner i tre-firetiden på morgenen, da er det mentale fokuset på det mest katastrofale sted uansett... og ikke lett å flytte på. Har nok noe med hormoner å gjøre. Ikke rart dette er et vanlig tidspunkt å dø på. Min løsning er å finne fram pc'n - og heller ta en middagslur for å ta igjen tapt søvn. Men jeg kan sannelig skjønne at sånt kan bli et problem for folk. Kanskje en godt innøvd meditasjonsteknikk kan hjelpe...