onsdag 24. november 2010

Bør psykologar uttrykke frustrasjon?

I dag har eg fått vite at det er nokon som har reagert på bloggen min. Eg veit ikkje kven. Først vil eg difor be om unnskyldning dersom eg uforvarande skulle ha kome til å skrive noko som kan takast ille opp. Det har ikkje vore mi meining. Forrige innlegg handla om min frustrasjon som psykolog i BUP etter snart 18 års virke. Eg vil presisere at dette IKKJE handlar om nokon enkelt sak, pasient eller familie, men om kjensler og tankar som er ein sum av alt som har føregått desse 18 åra. Det handlar heller ikkje om at eg har ei negativ oppfatning av nokon av samarbeidspartnarane våre i kommunane, eller kritiserer nokon som arbeider der. Eg opplever å ha fått mange venner gjennom samarbeidet mitt med dykk, og tenker at det i alle kommunar finst mengdevis med flinke og oppriktige og iherdige menneske som eg har hatt stor glede av å bli kjent med. Igjen handlar det om summen av mange erfaringar, og tankar eg i etterkant har gjort meg om tida vi lever i, og uuttalte idear og oppfatningar som er så implisitte i alt vi les, hører og tenker at vi ikkje legg merke til det. Mange av desse tankane kjende eg berre som eit ordlaust ubehag heilt til eg hadde bestemt meg for å slutte i jobben. Da greide eg omsider å få nok avstand til det til å sette ord på noko av det.

Å skrive ned tankane mine har også ein mentalhygienisk funksjon for meg. Det er slik at til og med psykologar kjenner på eiga dugløyse i jobben av og til, og kan gå i den fella at ein tenker at alt negativt som skjer tyder på at eg ikkje er flink nok. Å sette ord på kjenslene og tankane mine i bloggen har fungert som ein måte å sortere på, slik at eg skal sleppe å ta ansvar for alt som har gått skeis, og alt som eg ikkje har lykkast med. Sjølvsagt er det ting eg skulle ha gjort betre, som det er med dei fleste, men både eg og mine komande pasientar har best av at eg greier å finne att min eigen kompetanse midt oppi alt dette. Eg har samtidig prøvd å halde meg på eit generelt plan, og meiner eg peikar på idear og prinsipp som gjeld for alle, men har muligens ikkje lykkast heilt med det?

Så til tittelen på blogginnlegget. Mitt svar på spørsmålet er ja. Det avgjerande er sjølvsagt kva slags frustrasjon det er snakk om. Eg prøver å halde meg innanfor rammene av det som er etisk forsvarleg ved å sette ord på frustrasjon i høve til system og samfunn, og ikkje i høve personar. Det å skrive denne bloggen er viktig for meg personleg, men eg vil også vere så ubeskjeden å hevde at ei stemme frå ein behandlarkvardag kanskje kan vere nyttig for andre også? Vi er ikkje så mange i mi yrkesgruppe som driv med slikt. Forrige blogginnlegg har eg i alle fall fått positiv respons på frå kollegaer som seier dei kjenner seg igjen i det eg skriv, men at dei ikkje har tenkt på det før... Da har det kanskje vore til litt nytte likevel da?

mandag 13. september 2010

Arbeidsforvirra helsearbeidar

Nå har eg strevd så med å finne ny mal for bloggen at eg har nesten mista inspirasjonen for det eg hadde tenkt å skrive. Får streve vidare ein annan gong.

Ellers er dette ein både plutseleg og sporadisk oppdatert blogg som det heiter. Det må de leve med...

Noko eg ikkje kan leve med lenger er jobben min. Eg har ikkje tenkt å gjere som ho Pia i Østlandssendingen og annonsere min avgang på bloggen, men eg har sagt til sjefen min at eg kjem til å seie opp.... Kvifor det? Har bra jobb på hyggeleg arbeidsplass, det er ikkje der det ligg.

Denne avgjerda handlar om mange ulike ting, nokre har med meg å gjere og nokre har med andre ting å gjere. EIT av dei mange momenta handlar om dagens psykologrolle.

Eg høyrer til ei yrkesgruppe som seilar i medvind, og har gjort det ei stund. Det er etterspørsel etter oss, og faget vårt. Folk har stor tru på at psykologar kan og veit ting som er viktig, og delvis skjult for andre? Dette fell også saman med behandlings-samfunnet som vi lever i, der vi trur at det aller aller meste av problem og plager kan behandlast vekk. I denne tidsånda er det eg dei siste sytten åra har vore psykolog i psykisk helsevern for barn og unge.

Kva så? Jo, eg merkar ein slitasje. Ein ganske stor slitasje i høve til dei forventningane samarbeidspartnarar, kollegaer, pasientane sine foreldre og kanskje også eg sjølv har til kva eg kan klare å få til! Det blir jo forventa at ein psykolog med seks års tung fagutdanning skal kunne utrette under. Vi bør kunne trylle, vi bør ha ein poste med magisk pulver som vi kan drysse rundt oss. Ikkje minst når du jobbar i "BUP" blir desse uuttalte forventningane merkbare. Vi jobbar hovudsakleg med klientar i dei tyngste gruppene. Dn støste leverandøren til oss av pasientar er barnevernet. Kven havnar først i barnevernet og så på BUP? Jo, dei aller mest skadeskotne og skada ungane, dei med alkoholiserte foreldre, fem flyttingar før dei var ti og oftast fysisk og psykisk omsorgssvikt. Vi har brotne relasjonar svært tidleg, vi har med andre ord tilknytningsskader på alle mulege nivå og alvorsgradar. Kve GJER ein med desse pasientane? Hjelper det med dei gode gamle behandlingsmetodane som leiketerapi og samtaleterapi? Hjelper det med kognitiv terapi som er så anbefalt for tida? Hjelper det med Marte Meo, FNT, ART eller flipovermetoden? NEI! Eg har lyst til å rope det ut: NEI det gjer dessverre ikkje det. Synd å seie det, eg trur ikkje på under eller magi! Kva hjelper da? Jo, igjen ber eg om unnskyldning for å seie noko så formasteleg, men det er

1. Grunnleggande endringar i miljøet rundt barnet (er det endringspotensiale?)
2. Tett samarbeid mellom miljø (foreldre etc.), skule, barnevern og BUP og andre (må ha nok tid!)
3. Langvarige tiltak (dyre!)
4. Tunge nok tiltak (dyre!)
5. Fleire tiltak samtidig (treng kompetente folk!)
5. Ei felles forståing av alvoret og vanskegraden, og ingen lefling med kjappe lettvinte løysingar. (Krever stor sjølvdisiplin og evne til å halde ut!)

Dette er det eg meiner trengs. Beklageligvis er dette upopulært i dag. Kommunane, som er forventa å skulle stille med ressursar i form av pengar og folk er fattige. Barnevernet er for tida prega av en "kjapp og lettvint"-tankegang, og er ofte i utakt med seg sjølv. Da tenker eg på det kommunale nivået på den eine sida, og dei som styrer institusjonar og ungdomsheimar og ulike heimebaserte behandlingsformer på den andre. (BUF-etat, staten). Samfunnet, og BUP, fløymer over av hjelpetrengande barn og ungdom, truleg mykje på grunn av moderne livsstil med lite stabilitet og kontinuitet, og stort ønske om umiddelbar behovstilfredsstillelse hos foreldregenerasjonen.

Vi druknar i arbeid, og blir frista av amerikanske sertifiseringsmetodar der du kan blir ekspert på å løyse alle slags problem berre du går på kurs i to år, filmar alt du gjer på video, går i veiledning, tek eksamen og svergar på bibelen at du aldri aldri skal gjere eit einaste avvik frå den strenge behandlingsprosedyra du har lært. For å behalde sertifiseringa di må du også følge opp med ei viss mengde rettleiing og kursing. Alt til ein ublu pris, sjølvsagt (dette er ein eigen industri), og sjefen din må reikne med at du ikkje får gjort meir enn 30% av arbeidet ditt dei to åra du driv med dette.

Eg har ikkje ei einaste sertifisering. Ikkje vil eg ha det heller. Det er sjølvsagt ein stor mangel ved meg som psykolog. Eg trur heller ikkje på under. DET er ein om muleg enda større mangel ved meg som psykolog. Eg burde har trudd at eg var ein par steg under gud, og levd opp til dei store og ganske infantile forventningane eg blir møtt med i jobben min. Det er mykje legedom i sterk tru og håp, blir det sagt. Jo da, eg veit det. Det er berre det at det finst visse grenser for både bedrag og sjølvbedrag. Eg sel ikkje sjela mi, og eg går ikkje på akkord med det eg VEIT om menneske og kva dei treng etter desse sytten åra. Difor er eg nå i ferd med å seie opp jonbben min på Nordfjord-BUP, og finne på noko anna. Fortsettelse følger...

onsdag 18. august 2010

Mange+barn+blir+feildiagnostisert+med+ADHD

Ja, her i Nordfjord har det vore veldig mange som har fått diagnosen tidlegare, vi har nok vore godt over landsgjennomsnittet. Nå har det nok avteke litt, etter at det vart Nordfjord-BUP som fekk ansvaret for å utgreie desse ungane. Der veit eg ein prøver å følge gjeldande diagnosekrav, og brukar mykje tid på utgreiing.

Det "nye" nå, er at også vaksne gjerne vil ha sjekka om dei har ADHD. Det er det sjølvsagt psykisk helsevern for vaksne som må gjere. Kva statistikken seier om forekomst her, og evt. auke i tal diagnoser veit eg ikkje, men eg vil tippe det er råd å sjå ein kraftig auke om ein set seg ned om studerer tala. Så får vi berre håpe da, at vi ikkje får eit liknande problem med desse vaksne ADHD-arane om nokre år. Da kan det kanskje bli rettssystemet som må belage seg på å gjere ein jobb? Barn er som kjent ikkje så flinke til å klage på feilbehandling dei....

Mange+barn+blir+feildiagnostisert+med+ADHD

søndag 25. april 2010

Å google navnet sitt.....

I går kveld googla eg navnet mitt for moro skuld. Eg fekk opp ting som hadde med kommunestyrevalget i 07, og frivillige organisasjonar eg er med i. Og litt til:

Lenke 1
Lenke 2

Har saksa litt av teksten frå heimesida til Huskeberta, med link til "Svartelista", der mitt navn står:
"Personer med tilknytning til barnevern og andre aktører som medvirker til psykisk terror mot familier som der igjen fører at barn blir tvangsfjernet fra sin biologiske familie, vil få sitt navn oppført på denne eksklusive hjemmesiden.

Melding av navn som en ønsker inn på disse listene forutsetter medlemsskap i Gruppen til Familiens Selvstendige Rett (GFSR).

Navn som er meldt inn til listene og er blitt antatt, vil under ingen omstendigheter bli fjernet igjen.

Sagt av Immanuel Kant:

Alle handlinger relatert til andre menneskers rettigheter, hvis maksime ikke lar seg forene med publisitet, er urettmessige."


Det er "Gruppen Til Familiens Selvstendige Rett" som har laga denne lista. Dei skriv på sine sider: "Oversikt over fagfolk vi og våre medlemmer ikke kan anbefale grunnet selvopplevde negative erfaringer. Varslingslisten er et redskap for mennesker som utsettes for det de opplever som overgrep fra ulike instanser.


At eg kjem i selskap med folk som Magne Raundalen, lærebokforfattar Hilchen Sommerschild og barneombud Reidar Hjermann er jo ei lita trøst. Likevel må eg seie at eg blir ganske sint, oppgitt og lei meg. Eg forstår at folk som har opplevd harde rundar med barnevernet og avgjerder dei ikkje har vore enige i, blir fortvila og sinte. Eg forstår at desse menneska kanskje ikkje føler at dei har så mange kanalar dei kan bruke for å slå tilbake på det dei opplever som eit overgrep. Det som gjer meg bekymra er at menneske som faktisk treng barnevernet og psykologar til å hjelpe seg, blir unødig skeptiske og mistenksomme av dette. Det å ikkje greie å bruke den hjelparen du faktisk har tilgjengeleg kan også bli eit problem for nokon. Det trur eg ikkje dei som har laga desse listene har tenkt nøye nok igjennom.


I samband med kva slags sak eller saker eg har havna på denne lista anar eg ikkje. Eg har prøvd å gjere jobben min til barnets beste i 17 år nå. Det at det er barnet vi skal sjå, og ikkje først og fremst dei vaksne, gjer at vi av og til kjem i konflikt. Å jobbe med barnevernssaker er noko av det vanskelegaste og mest fagleg utfordrande du kan drive med som psykolog. Eg er ofte i opposisjon til både foreldre og barnevernstilsette i dei sakene der temperaturen er høgast. Det er ikkje ein einaste alvorleg barnevernssak som er slik at du kan velge den optimale løysinga eller tiltaket. Ofte har du berre nokre få valg på nederste hylle å forhalde deg til. Det finst ikkje nokon alternativ igjen på dei øverste hyllene! Det er smertefullt å ta inn over seg dette, og lite å gjere med det. Heldigvis gjer alder og erfaring noko med ein slik at ein kan klare å romme andre, med andre meiningar, andre forståingar og andre haldningar enn ein sjølv. Det er ofte heilt avgjerande og nødvendig for i det heile å få til noko som helst av betydning for ungen eller ungdommen.


Når konfliktene er prega av svart/kvitt-tenkning og ein deler folk inn i djevlar eller englar, da er det på tide å ta fram dei psykologbrillene ein møysommeleg har skaffa seg opp gjennom åra; dei som syner nyansane og gråsjatteringane i verda...... Det viser seg at desse brillene rett og slett er til forveksling like menneskebriller med same effekt. Altså: det å vere "ein klok, gamal psykolog" er om lag det same som å vere "ei klok, (litt) gamal dame" - pluss dei faglege kunnskapane og erfaringane sjølvsagt. Men det forunderlege er at det er den menneskelege erfaringa som er den viktigaste når alt kjem til alt.









søndag 7. mars 2010

Rapping mot vald i familiar






Denne veka hadde Eid besøk av rapparane Hakan og Kenneth som gutta bak rappeduoen Tonna Brix heiter. Dei hadde tre foredrag/konsertar i kinosalen på Operahuset, og det var eit klassetrinn på Eid ungdomsskule og eit frå Måløy ungdomsskule som fekk tilbod om å høre dei.

Musikkvideoen Vendepunkt

Eg var der på siste konserten på fredag, og må innrømme at eg sat med klump i halsen medan desse modige gutane fortalde kvar si historie frå sitt eige liv. Kenneth hadde frå han var fødd til han var seks år levd i lag med ein far som var rusmisbrukar, og brukte både piller og alkohol. Han heldt den vesle familien i eit jerngrep av terror og psykisk vald. Til slutt greide mora å rømme ut av det. Hakan sin biologiske far kom frå Tyrkia, medan mora er norsk. Da ekteskapet rauk flytta han tilbake til Tyrkia, og mora fekk ein ny mann som vart stefar for Hakan og broren hans frå han var 7 til han var 17. Han drakk, og brukte alle midlar for å straffe og plage og kontrollere stesønen og kona si på den mest sadistiske måten du kan tenke deg. Det er rett og slett vanskeleg både å forstå at folk kan oppføre seg så hjartelaust mot barn, men også vanskeleg å begripe at ein forlder som er ved sine fulle fem let ungane sine vekse opp i noko slikt. Likevel veit vi jo at dette ikkje er lett, og at det er mange sterke krefter som bidreg til at slike relasjonar varer.

Kenneth var den einaste med psykiske vanskar av dei, i alle fall som han har fått behandling for. Han hadde sosial angst, fortalde han - noko som hadde gjort livet hans temmeleg vanskeleg fram til han fekk hjelp.

Det er nærliggande for meg å reflektere litt over fenomenet resiliens, særleg fordi eg tirsdag 2.3. var på Aasen-tunet i Volda og hørte psykolog Anne Inger Helmen Borge halde eit dagsseminar om akkurat dette. Ho er professor på universitetet i Oslo, og forskar på nettopp resiliens. Ho sa mellom anna at det å overleve, eller fungere rimeleg bra, etter å ha opplevd ting som kan få andre til å bukke under har med mange ulike faktorar å gjere. Noko av det ho drog fram var spesielle evner, f.eks. kreativitet og fantasi. Det å ha noko du meistrar, som gir deg glede og meining, kan vere viktig i slike marginale situasjonar. Hakan fortalde om alle gongene han fekk innestraff: nemleg vart straffa for dei mest bagatellmessige ting ved å bli nekta å gå ut. Han sat da på rommet sitt og hørte på musikk, og etter kvart skreiv rappetekstar. Han beskreiv den store gleda han opplevde ved dette, og kor viktig det var for han. Kenneth maler bilder, og det vart vist nokre eksempel på bileta hans under foredraget.

I tilleg har det sikkert hatt veldig mykje å seie at begge gutane høyrdest ut til å ha oppegåande mødre som ga god omsorg når dei hadde sjansen til det. All resiliens handlar til sjuande og sist om relasjonar, sa Anne Inger..... (som er Granasokning, og gamal togpendlar til Blindern som meg, samt gift med min gamle tannlege:-))

Til slutt vil eg berre nevne (med ein anelse falsk beskjedenhet) at det var underteikna og Nordfjord-BUP som tok initiativet til å få Tonna Brix til Nordfjord. Tanken kom etter at eg hadde lese om dei i Magasinet her i fjor haust, og eg såg for meg at vi kanskje kunne "treffe" nokon av dei tause gutane med dette. Nokre gutar som lever med grov mishandling, psykisk og fysisk vald og anna omsorgssvikt blir ofte litt rufsete og aggressive i stilen, og får dermed stort sett kjeft og lite forståing og hjelp..... Det å snakke om slike problem, det å "vere eit offer", er tabubelagt for gutar. Det er liksom ikkje forenleg med rolla som (tøff) mann. Dermed kan det av og til ende med sjølvmord for enkelte - svært, svært ofte når vi på BUP får høyre om ein ung mann som har teke livet sitt, så har vi aldri hatt han som pasient. Dette er for meg tankevekkande. Å teie stille kan for nokre vere det som fører dei i døden.

Da er det faktisk LIVSVIKTIG at desse tause gutane kan ha forbilder og rollemodellar som Kenneth og Hakan. Flott levert - og musikken er ikkje så aller verst den heller!

Kikk innom heimesida deira!