onsdag 19. november 2008

Ein lege eg beundrar!


Mandag og tirsdag denne veka vart den årlege haustkonferansen i R-BUP sin regi arrangert i Bergen. Temaet denne gongen var "Hva er virksom praksis?", og i går sat eg i salen da Edvin Schei hadde eit innlegg som heitte "Fire spørsmål og fire fiender - refleksjoner om terapeuten som menneske".

Eg var fjetra. Han snakka med vanlege, forståelege ord, og han las dikt av Olav H. Hauge og Hans Børli innimellom. Han sa slike ting som at: "Å være menneske fullt og helt er nødvendig for å være en god hjelper. Det er mennesket som gir form til faget, ikke omvendt". Og: ""Meining" påvirker kroppen vår: setter i gang både subtile og åpenbare prosesser som er målbare."

Eg er ikkje heilt sikker, men meiner det var Schumacher han siterte da han lanserte fire grunnleggande spørsmål i livet:

- Hvem er jeg?
- Hvem er du?
- Hvem er jeg for deg?
- Hva finnes i den ytre verden?

Hans poeng var at det er liten tvil om at det er spørsmål fire som får mest merksemd i våre fag. Likevel kan rein fagkunnskap vere fullstendig vekkasta og ubrukeleg om ikkje dei tre andre spørsmåla har fått litt plass.

Eg har jobba mykje med ungdomsterapiar i jobben min, og veit at dersom eg ikkje hadde ei rimeleg velutvikla evne til å oppfatte kvar den andre er, til å snakke med nokon med respekt, og ikkje minst: høg toleranse for å ikkje forstå, og til og med kjenne meg temmeleg dum - så hadde eg ikkje fått mange av ungdommane i tale. Evna til å tåle å kjenne deg dum er uvurderleg om du er terapeut! Eg vil gå så langt som å seie at dersom du kjenner deg for trygg på deg sjølv, står du i fare for å miste kontakten med pasienten.....

Eg kjem sikkert til å skrive meir om denne karen her, og kanskje om dei filosofane han refererer til. Fekk veldig lyst til å lese av denne opplevinga!

Til slutt må eg nevne at Schei har starta noko som heiter Filosofisk poliklinikk. Eg veit ikkje så mykje om det, men du kan sjølv lese om det HER.

onsdag 12. november 2008

Bloggevits!!!

Her er ei lita bloggestripe (klikkbar) medan du ventar på neste vektige innlegg....

fredag 7. november 2008

Psykologmøte på Eid

I kveld var det psykologmøte i regi av Norsk psykologforening på Eid, og så mange som 10 psykologar møtte fram! Eg trur det er rekord i tal psykologar samla i eit rom i Nordfjord. Over ser du frå venstre: Mattias, Peter, Margaretha og Herdis.

Det var underteikna og Mattias Victor som inviterte til møtet. Vi sit i styret for NPF i Sogn og Fjordane, Mattias som leiar og eg som styremedlem. Det vart ein kjempekoseleg kveld som vi vart enige om å gjenta over nyttår. Etter over to timar med intense fagdiskusjonar var vi rimeleg sultne, og seks av oss hadde tid til å gå og ete i lag på Kinarestauranten - det var også vellykka! Takk for ein triveleg kveld, og vel møtt i januar 09.

Her ser du frå venstre: Sigrid, Mary-Ann, Mattias, Peter og Margaretha.
Frå venstre: Torill, Karen-Merete, Hans Georg, Sigrid og Mary-Ann.