tirsdag 18. august 2009

Ekstrem bloggtørke

Nei, dette går ikkje an! Ein blir neppe teken seriøst som bloggar med pauser på over tre månader! Eg skammar meg, og prøver meg med å definere denne ekstreme glippen som sommarferie.....

Eg har tenkt på bloggen i det minste. Med ein viss porsjon ulyst, dessverre. Eg har prøvd å analysere dette fenomenet, og har funne ut at eg igjen har lagt lista for høgt. Dette har eg sjølv skreve om tidlegare, og til dels flirt litt av andre som eg har meint har gjort akkurat det, nemleg lagt lista for høgt. Hmmmm - det ER lettare å sjå flisa i den andre sitt auge enn bjelken i sitt eige, hermed er det bevist, og denne gongen bør eg ikkje gløyme det, synest eg....

Å legge lista for høgt - så høgt at ein aldri får hoppa, er typisk meg. Eg øver meg og øver meg på å få den ned nokre hakk, men det er ikkje lett. Som Nordfjordpsykolog vil eg jo gjerne bli oppfatta som seriøs, forstår de vel. Å berre skrive i veg om små, daglegdagse trivialitetar går vel ikkje an da? Det bør vere høg fagleg kvalitet, gjerne skulle ein ha lese ein artikkel eller to først, eller kanskje ei bok? Jo, helst ei bok eller to. Men, kor ofte skulle eg ha fått blogga da? Og så er det den hersens ULYSTA.

Eg trur eg etter eit langt (psykolog)liv har opparbeidd meg allergi mot mine eigne forventningar om å vere så inderleg og irriterande seriøs heile tida! Er livet seriøst? Ikkje alltid, det veit da vel alle. Dessutan kjem ein ikkje unna slike inderleg trivielle ting som oppvask, tannpuss eller "mamma, eg er ferdig - kom og tørk"! Livet har vi jo kjært dei fleste av oss, men ofte tenker vi vel på dei "store" hendingane i liva våre når vi tenker på kva livet eigentleg er. Den dagen vi gifta oss, eller den dagen da vi lærte å sykle eller fekk vårt første barnebarn? Men så er det alt det andre som skjer da, det kvardagslege og ubetydelege...

Nokon hevdar at livslykke mellom anna handlar om å vere glad i dei små tinga: kaffekoppen om morgonen eller den flotte soloppgangen. Det er berre det at vi ikkje alltid SER ting. Ikkje eg i alle fall. Eg hastar i tankane mine, til det eg gjorde i går, eller burde ha gjort i går (!!), eller det eg skal gjere ein gong, eller evt. i dag. Akkurat NÅ verkar liksom så stakkarsleg og ubetydeleg, sjølv om det er godt med kaffe.

Når eg skal vere ærleg har eg gjort ein oppdagelse: mi livsglede ligg gøymt inni opplevinga av "akkurat NÅ". Eg er nok litt treg, for sjølv om eg alltid har visst dette i teorien, har eg egentleg aldri før skjønt det med kjenslene mine. Eg har liksom aldri før følt inni kroppen at det er sant. Det gjer eg nå, i alle fall av og til. Noko har skjedd med meg omsider, det var omtrent som å sleppe ein mynt på ein automat. Truleg har du som les dette funne det ut for lenge sidan. Eg er nok litt treg, men kjenner ei stor glede over å omsider ha gjort denne store oppdaginga! Dessutan forstår eg noko anna nå, som eg aldri skikkeleg har forstått før: det der med "å ha eit stille punkt inni seg". Det har tidlegare berre vore tomme ord når eg har lese om det, og eg har tenkt at så heldig for dei som har det slik, og det høyrest fint ut, men eg forstår det ikkje skikkeleg. NÅ forstår eg det, og det følest akkurat slik: som å ha eit stille punkt inni seg, sjølv om det er kaos rundt!

Eg trur at i det punktet er det ikkje berre stille, men det er trygt der, ingen ting kan true meg der - og eg kan sjå og høyre og oppfatte alt som skjer; musikk, soloppgangar og koppar med nytrekt kaffe. Dessutan kan eg oppfatte DEG der. Du som er medmennesket mitt, og som er så viktig for meg som også er eit menneske, og difor grunnleggande sosial.

Hmm - dermed skal lista senkast for kva som er viktig å blogge om, og heretter skal det bloggast om både små og store ting. Skal i alle fall love å prøve.

P.S. Leif Kennair har skreve ein kjempelang og bra kommentar på eit tidlegare innlegg. Les det gjerne! Eg ber deg vere tålmodig med meg, Leif - du skal få svar ein dag!




4 kommentarer:

grenselandet sa...

Jippi!! Du har begynt å blogge igjen! :) Kjempe flott!
Gleder meg til å lese mer.

"å ha eit stille punkt inni seg"
Tenker du da på hva som oppleves som stabilt og trygt? Jeg lurer på dette for jeg vet livet mitt er litt tøft nå, og jeg forsøker å tenke etter om jeg har et stille punkt inni meg, et trygt punkt... og jeg blir usikker på det; kanskje det er derfor livet er vondt å leve nå.

Du bor et stykke unna, men jeg sier det i alle kommentarer jeg skriver i blogger idag: Har du sett Therese Misje? Hun er 14 år gammel og har vært savnet fra Haugesund siden mandag 17.august.09, bilder kan sees her:
http://grenselandet.wordpress.com/2009/08/19/savnet-missing-therese-misje

Hilsen fra Merete på www.grenselandet.wordpress.com

Galinn sa...

Hei hei slenger med med på det grenselandet skriver. Godt å se at du har begynt å blogge igjen da jeg syntes at det skriver er bra:)

Herdis sa...

Tusen takk for hyggelege ord, grenselandet og Galinn!
Du spør om eg meiner kva som kjennest stabilt og trygt? Ja, det er det eg meiner. Trur for meg at det handlar om å kjenne meg så trygg på at eg er "god nok", at eg kan kvile i det, uansett kva som skjer rundt meg. Blir vel noko av det same ein prøver å få til når ein mediterer? Da skal ein halde fast på noko stabilt og nøytralt i form av ein metodelyd eller mantra, og så la kjensler og tankar kome og gå utan å styre eller stanse det. Trur det også er ideen i "mindfullness", nemleg å vere her og nå, og sanse det som skjer i øyeblikket utan å tenke noko om det. Det er det eg trur i alle fall, og det gir meining for meg....

Herdis sa...

Uhyggeleg det med forsvinninga av den 14-åringen du skriv om, grenselandet. Håper ho er funne nå.