tirsdag 31. mars 2009

Skam deg (ikkje!)

Det var ei jente på fire år som nyleg hadde flytta med familien sin til ein ny stad. På denne nye staden var det mange ungdomar og vaksne, og ein kveld skulle det vere stor fest. Nokon hadde planlagt ein sketsj, med det var eit problem: det mangla ein aktør, ein liten aktør: eit barn som kunne sprette fram av "tidsmaskina" og liksom vere den gamle kona etter at mannen hadde sveiva litt for mange gonger for å få henne yngre.... Barnet som nettopp hadde flytta dit kunne brukast til dette! God ide - det er jo så enkelt og greit, det klarer ho fint. Barnet gjorde som ho fekk beskjed om, og kom fram frå ein sekk og stod plutseleg overfor eit hav av ansikt som alle var snudd mot henne - og alle lo! Sjokket var stort, og det sårbare barnet forsto ikkje kva dei lo av. Ingen hadde forklart henne dette. Ingen hadde fortalt om alle menneska, alle blikka og den rungande latteren.

I dag klemte fysioterapeuten min til på eit skikkeleg ømt punkt på leggen, og så sa ho at: "du undertrykker impulsen til å si fra når noe gjør vondt, du!" Seier du det, sa den middelaldrande psykologen og tenkte etter på kva som nettopp hadde skjedd. Jo - ho hadde kanskje rett? Eg hadde først følt den brå smerten, og så ein slags lammelse, ein følelse av å vere fanga, og av å vere både energilaus og stum. Det kjendest pinleg å vere i ein situasjon der nokon gjorde meg vondt, og å ikkje "kunne"seie noko.

Nå må eg berre nevne - for ordens skuld - at mange nok ikkje vil kalle meg "stum" når det er noko eg meiner bør seiast frå om, både mannen min og ungane mine vil for eksempel kunne uttale seg her! Eg kan synge ut med brask og bram, og gjer det av og til når eg meiner det er på sin plass. Kva handlar denne "lammelsen" om da?

Det eg trur er at det er den intuitive impulsen til å skrike ut som er hemma. "Eg er veldig impulsiv, berre eg får tenkt meg om", sa mannen. Slik trur eg det er med meg og. Mi evne til å skrike ut, seie frå, markere at nok er nok, må først stansast, så tenkast gjennom - og SÅ kan eg kanskje handle/skrike/reagere, gjerne etter gjentekne smerteopplevingar. Eg snakkar nå ikkje om fysisk smerte, men om psykisk smerte søm følger av andres krenking av mine grenser, dominans eller kjenslemessige utnytting og manipulering. Den naturlege impulsen kjem frå kroppen, og er der uansett om smerten er mental eller fysisk. Fysioterapeuten meiner tydelegvis at det er noko gale med meg som ikkje lar den få sleppe fram. Kva skjer?

Eg trur dette skuldast SKAM, i mitt tilfelle. Dette ordet som er så ekkelt, så fråstøtande og avskyeleg og illeluktande at det vekker avsky berre å skrive det. Denne kjensla som er så smertefull å ha men som er så lite legal å snakke om. Det kjennest skammeleg berre å snakke om skam... Gøym den, ikkje la andre oppdage at du har den. Den er som herpesviruset, som kan ligge latent i kroppen eit heilt liv, og som "kastar seg over deg" med verkande blemmer i eit ubevokta øyeblikk, når du er som mest sårbar. Skammen er den mest invalidiserande kjensla vi har. Er du grundig infisert med skam, kan du få livet ditt øydelagt, og evna til å ta det tilbake er vekke - evna til å gjere opprør er vekke. Det er jo DEG det er noko gale med. Best å ikkje seie noko, best å ikkje skrike. Nokon kunne oppdage at du er så ubrukeleg som du fryktar.....

På slutten av Sigrid Undset si bok "Olav Audunssøn i Hestviken" skildrar ho eit slag som den ellers sympatiske Olav er med i. Han har brynje, skjold og sverd - og viser seg å vere ein drapsmaskin. Han er ein "terminator"! Dette er skjulte sider av han, men han er plutseleg i sitt ess. Han handlar som i transe, han har ein rytme i kroppen der han ikkje tenker men berre handlar. Han sansar alt som skjer, tolkar små rørsler, - han drep gong på gong, og overlever slaget.

Her må vi sjå vekk frå alt det forferdelege krigen står for, og som eg absolutt ikkje vil rettferdiggjere. Det eg vil fram til er kva "krig" står for på eit symbolsk plan. Olav har bevart den eigenskapen eg har mista ein plass på vegen: evna til instinktivt å handle når ein blir påført smerte. Det ironiske er at nokon må jobbe med å få utageringa si innom hjernen før dei handlar, og da snakkar eg om valdsutøvarar som slår før dei oppdagar kva som har skjedd, medan nokon forsyne meg må jobbe med å få naturlege impulsar rett over i handling!

Altså må eg vanlegvis koble inn hjernen før eg handlar, og det er vel eigentleg bra? Kvifor ikkje i tilfelle? Eg trur at det er skilnad på å la kroppen sine naturlege impulsar til spontan reaksjon få fritt utlaup, og det å slå og skade andre. Å stadig hemme dei naturlege impulsane, som vi truleg har for å beskytte oss, er skadeleg på sikt. For min del trur eg det tappar meg for energi. Kvar gong dette skjer kjem eg dessutan borti den smertefulle skammen min, og eg blir effektivt knebla.

Eg leitar etter min indre Olav. Eg vil slåss. Eg vil slåss mot demonane mine som fortel meg at eg ikkje har nokon verdi, og at mine spontane og naturlege responsar må stansast fordi dei kan røpe dette for andre. Eg vil slåss mot Jantelova utanfor meg sjølv og inni meg sjølv. Den siste er aller verst; den lammar meg og hindrar meg i å oppdage at eg tek feil.....

Dersom DU skulle streve med skammen din, og sit tålmodig og ventar på at den ein dag skal forsvinne slik at du endeleg kan våge deg ut i verda og byrje å leve litt; til deg vil eg seie ein ting: IKKJE VENT LENGER. Du må nok dessverre vasse uti den stinkande gjørma og kome deg gjennom og over på den andre sida. Du må slåss. Desse demonane er fulle av gift og svart magi, så slåss må du, og det for livet ditt.

Og ja, om du lurte: den vesle jenta var meg.

torsdag 12. mars 2009

Ytringsfridom på internett

Amnesty har bestemt at 12. mars er dagen for markering av ytringsfridom på nettet. Dei ber bloggarar om å bli med på denne markeringa si ved å lage innlegg om temaet ytringsfridom.

Eg er oppteken av alle former for ytringsfridom; frå retten til å sette ord på kritiske meiningar om måten eit land blir styrt på, til vanlege familiar og arbeidsplassar sine uuttalte reglar for kva som er "lov" å seie høgt, og kva slags erfaringar du må halde for deg sjølv.

Eg har tidlegare blogga om ytringsfridom, i samband med Muhammed-karikaturane, og i samband med leiarar som nyttar maktstrategiar for å kontrollere medarbeidarane sine.

På ein måte kan psykoterapi fungere som ein systematisk metode for å finne ord for det som ingen før har sett ord på. Det er ei fantastisk, frigjerande kraft som ligg i det å først finne orda, og så få seie dei til nokon som prøver å forstå.

Eg har saksa to setningar frå ein artikkel som Christian Moltu og Marius Weseth har skreve. Artikkelen heiter "Fra det fastlåste til det forløsende - om å skape rom for endring i terapi":

"Tohet er en måte å være sammen på hvor begge deltakere er fanget i et samspill der den ene gjør noe og den andre blir gjort noe med."

"Når man møtes i toheten kan deltakernes subjektivitet ikke anerkjennes samtidig. Man tvinges inn mot et enten/eller der man har to valg: å underkaste seg den andres virkelighetsoppfatning eller å kjempe frem sin egen.

(Det er Jessica Benjamin desse tankane opprinneleg kjem frå)

All samhandling der det berre er plass til den eine parten sine opplevingar, meiningar, tankar, haldningar, verdiar og behov kan karakteriserast som undertrykking.

At alle skal ha fridom til å snakke fritt er ein grunnverdi som er absolutt, og som må ligge til grunn for all menneskeleg samhandling: frå parforholdet, til familien, til arbeidsplassen, til nasjonen og verdssamfunnet.


onsdag 11. mars 2009

Hage er moro, sunt og sosialt

I dag vil eg slå eit slag for ein av hobbiane mine: HAGING.

Les HER kva ein hagekollega har skreve om dette;-)

Å arbeide med jord, frø og plantar gir ro i sjela, kvile for tankane og små glimt av lykke....

tirsdag 3. mars 2009

Psykoterapi; akseptert behandlingsform, eller "berre prat"?

I siste nummer av Tidsskrift for norsk psykologforening (Februar 09, vol. 46, s. 168) skriv Hanne Weie Oddli og Peder Kjøs om psykoterapi. Dei har kalt artikkelen "7 løgner om psykoterapi". (Dessverre kan eg ikkje lenke til den, for den er ikkje frigitt enda).

Dei prøver å analysere kvifor psykologar ikkje har fått den innflytelsen i psykisk helsevern som dei burde, og peikar mellom anna på at vi ikkje eig språket som blir brukt for å beskrive vår eigen verksemd. Det er den medisinske (og økonomiske) retorikken som rår grunnen, og den høver ikkje så godt på psykoterapi, meiner dei. Dersom du vil lese noko ein annan psykolog har skreve om dette temaet, så kikk på
Jan Smedslund sin artikkel om det problematiske med bruk av evidensbaserte metodar i psykologisk praksis.

Hanne Weie Oddli og Peder Kjøs har vist stort mot ved å skrive denne artikkelen. Dei har turt å beskrive fenomen og opplevingar eg trur svært mange psykologar i psykisk helsevern for vaksne kjenner igjen, men som det ikkje er heilt stuereint å seie høgt! Det gir ikkje status i det medisinske miljøet å vedkjenne seg dette. Det gir heller ikkje status å erkjenne at du ikkje nyttar reine "forskingsfunderte" behandingsmetodar, men modifiserer dei, og tilpassar dei den individuelle virkeligheta du møter ved kvar samtale du har.

I same nummer av Tidsskriftet (s. 196) svarer Leif Edward Ottesen Kennair på denne artikkelen. Han kallar innlegget sitt "7 grunnleggende, profesjonshemmende misforståelser". I innleiinga seier han at "Dessverre er det nettopp det de står for i innlegget sitt som hindrer psykologene i å bli mer innflytelsesrike".

Leif er ein kjenning av meg frå den tida han jobba ved det lokale DPS-et her i Nordfjord, og vi har hatt faglege diskusjonar før. Han er ein klarttenkande og svært kunnskapsrik kar, som det slett ikkje er lett å ta nokon disputt med. Likevel tek eg nå mot til meg og prøver å forklare kvifor eg er både enig OG uenig med han.

Kort sagt meiner Leif at:

  • Psykologar må halde seg til metodar som verkar, altså vitskapeleg dokumentert behandling.
  • Dei fleste arbeider ikkje systematisk og målretta som terapeutar
  • Terapi kan kvalitetssikrast gjennom bruk av standardiserte manualar
  • Opplæring i nye behandlingsteknikkar er viktigare enn "klinisk erfaring"

Han tek utgangspunkt i angst- og tvangslidingar, og hevdar at desse pasientgruppene i dag oftast ikkje får effektiv diagnostisering og behandling, men meiner at dette også gjeld for andre typer psykiske lidingar. Før vi psykologar lærer oss å behandle dei ulike lidingane med dokumentert effektive metodar bør vi ikkje FÅ meir innflytelse i Psykisk helsevern seier han.

Går det an å vere uenig i dette da? Nei, tru meg eller ei, Leif: eg er langt på veg enig med deg! Du er ein god retorikar, og så lenge vi godtek premissa du fører argumentasjonen din på, så er det fullstendig sant og logisk det du seier. Og det ER sant at vi bør bruke effektive teknikkar, at vi bør oppdatere oss på den nyaste forskingskunnskapen og forståinga. Vi ER ofte for dårlege på dette.

Nå kjem det berømte "men"-et. Du lagar eit for enkelt bilete av verda. Du hoppar over mange aspekt av virkeligheta. Det er noko som blir for enkelt her!

Eg jobbar i BUP, og med klientar som ikkje har ansvar for seg sjølv og si eiga helse. I mi verd er det slik at dersom eg får inn ein klient med noko så enkelt som tvang eller angst, så er eg veldig letta og glad. Det er jo avgrensbart, det er jo "rein psykiatri", det er jo relativt lett å behandle med kognitiv terapi! Dessverre er det ikkje ofte vi får inn slike lette, greie saker. Nei, multiproblemsakene dominerer; det er for eksempel åtferdsvanskar kombinert med ADHD, kombinert med rusbruk hos far og eit kommunalt hjelpeapparat som om lag ikkje eksisterer. Det er den hybelbuande eleven på vidaregåande som ikkje for nokon pris vil at du skal snakke med mor og far, men som er djupt deprimert og som rusar seg kraftig. Det er den personlegdomsforstyrra ungdommen med alvorleg sjølvskading, og som ikkje har omsorgsbase som fungerer og der barnevernet seier at "dette er psykiatri!", det er treåringen med mykje uforståeleg uro i barnehagen, der den purunge mora sjølv er fosterbarn, og er utan nettverk.

Kvar er dei dokumentert effektive og manualiserte metodene for desse sakene? Eg har til gode å finne dei, og eg har til gode å lære noko som helst av verdi om korleis behandle slike klientar. Takk og pris for at eg etter kvart har opparbeidd meg litt erfaring. Utan den veit eg ikkje korleis eg skulle ha greidd jobben min.

I vaksenverda finst det og andre slags pasientar enn dei med angst, depresjon og tvang: det er dei multitraumatiserte, dei tilknytningsskadde eller dei med så store identitetsvanskar at dei er om lag hudlause i møte med andre menneske. Vi har også dei kriseramma, såra, mishandla og misbrukte - og dei som opplever sterke eksistensielle kriser. Alle desse finn du faktisk i psykiatrien, og dei må møtast som individ, ikkje med ei ferdig oppskrift. Jo, kanskje med ei oppskrift, men den må i tilfelle brukast med fagleg skjønn, med finfølelse og med klokskap, i møte mellom eit levande menneske og ein terapeut som kan nytte både formalisert kunnskap OG erfaring.

Du snakkar ein del på vegne av "de som lider" i innlegget ditt. All terapeutisk erfaring, og all livserfaring, har lært meg kor viktig det er å åpne seg for nye innsikter, nye sanningar og skjulte nyansar. Å insistere på at verda er svart og kvit er antiterapeutisk, og absolutt ikkje til hjelp for "de som lider".