torsdag 12. mars 2009

Ytringsfridom på internett

Amnesty har bestemt at 12. mars er dagen for markering av ytringsfridom på nettet. Dei ber bloggarar om å bli med på denne markeringa si ved å lage innlegg om temaet ytringsfridom.

Eg er oppteken av alle former for ytringsfridom; frå retten til å sette ord på kritiske meiningar om måten eit land blir styrt på, til vanlege familiar og arbeidsplassar sine uuttalte reglar for kva som er "lov" å seie høgt, og kva slags erfaringar du må halde for deg sjølv.

Eg har tidlegare blogga om ytringsfridom, i samband med Muhammed-karikaturane, og i samband med leiarar som nyttar maktstrategiar for å kontrollere medarbeidarane sine.

På ein måte kan psykoterapi fungere som ein systematisk metode for å finne ord for det som ingen før har sett ord på. Det er ei fantastisk, frigjerande kraft som ligg i det å først finne orda, og så få seie dei til nokon som prøver å forstå.

Eg har saksa to setningar frå ein artikkel som Christian Moltu og Marius Weseth har skreve. Artikkelen heiter "Fra det fastlåste til det forløsende - om å skape rom for endring i terapi":

"Tohet er en måte å være sammen på hvor begge deltakere er fanget i et samspill der den ene gjør noe og den andre blir gjort noe med."

"Når man møtes i toheten kan deltakernes subjektivitet ikke anerkjennes samtidig. Man tvinges inn mot et enten/eller der man har to valg: å underkaste seg den andres virkelighetsoppfatning eller å kjempe frem sin egen.

(Det er Jessica Benjamin desse tankane opprinneleg kjem frå)

All samhandling der det berre er plass til den eine parten sine opplevingar, meiningar, tankar, haldningar, verdiar og behov kan karakteriserast som undertrykking.

At alle skal ha fridom til å snakke fritt er ein grunnverdi som er absolutt, og som må ligge til grunn for all menneskeleg samhandling: frå parforholdet, til familien, til arbeidsplassen, til nasjonen og verdssamfunnet.


Ingen kommentarer: