fredag 31. oktober 2008

Gleder du deg til skuleturen...?

Veit du kva "Hvite busser" er for noko? Etter krigen har hundrevis av norske ungdommar reist til Polen og Tyskland for å besøke konsentrasjonsleirar frå 2. verdskrig. Målet med desse turane har ikkje berre vore å ha det moro. Ein har tenkt at dersom ungdom får sjå spora etter den bestialiteten som tyskarane viste jødane og dei som opponerte mot nazismen, så vil det verke oppdragande og haldningsdannande. Vi vil sikre oss mot at den oppveksande slekt gjer liknande ting som nazistane gjorde.

Eg er inderleg imot nazisme og alle former for vald og tortur, berre så det er sagt. Likevel har eg to innvendingar mot desse reisene til redselskabinetta i Auschwitz og andre stader. For det første trur eg ikkje vi har tenkt godt nok gjennom kva ei slik oppleving tyder for den enkelte ungdommen. "Ungdom" er ikkje ei homogen gruppe slik vi ofte vil ha det til, men enkeltindivid. Av desse individa finst det nokre som strever med ulike ting; depresjon, angst, traumer, gryande psykose eller rett og slett er uvanleg sensitive. Å seie nei til å bli med inn, når alle dei andre skal, er ikkje lett. Det ligg vel eit lite moralsk "press" her også vil eg tru? Det blir liksom litt suspekt å bli igjen ute; kva politiske haldningar er det du har eigentleg, eller er du ei pyse? Av dei som blir meir eller mindre pressa til å delta, kjem nokre heim med intrykk dei gjerne må streve med i lang tid etterpå. For ein vanleg norsk ungdomsskuleelev kan det vere tøft nok, men ikkje skadeleg. For ein ungdom med problem, kan det faktisk vere skadeleg.

Kunne vi vore sikre på at desse besøka verkeleg hadde ein preventiv effekt, var det nå så. Nynazisme er det få som synest er positivt, og vi reagerer med avsky på haldningane dei står for. Men: det er her eg meiner den logiske svikten kjem inn: kva får oss til å tru at NY-nazisme er uttrykk for det same i dag som det nazismen stod for på 30 og 40-talet?

Eg meiner at fordi vi lever i to ulike historiske epoker, så kan ein ikkje samanlikne desse ideologiske og politiske rørslene direkte. Greit nok at nynazistane stel oppfatningar, symbol og retorikk frå nazistane, men kven er dei? Sosialt mistilpassa unge menn som av ulike årsaker ikkje finn seg til rette i samfunnet. Dei er fulle av opprør, raseri og valdsromantisering, og treng ei utgruppe å identifisere seg med for å sleppe å ta inn over seg at dei eigentleg ikkje fiksar livet sitt. Kva var typisk for ein ung nazi-sympatisør på 30-talet? Jo, han var både vellykka, veltilpassa, full av sjølvtillit, og kom gjerne frå eit "møblert hjem". Litt "Unge Høyre" vil eg seie - ikkje den gruppa vi finn att som nynazistar i dag akkurat.

Det er ikkje rart at vi har tenkt slik vi har gjort. Det forferdelege som skjedde i Europa før og under 2. verdskrig har sett djupe spor i enkeltmenneske og familiar og samfunn, frå den minste bygd til heile nasjonar. Nå er det likevel på tide å nyansere kjenslene våre litt meir. Vi må våge å tenke litt, ikkje berre la emosjonane styre. Eg meiner det er på tide å la ungdomsskuleelevane våre få reise på skuletur utan å risikere å kome heim fulle av angst og fortviling. Dei som vil besøke konsentrasjonsleirane må endeleg gjere det, men som vaksne, og på eige initiativ!

torsdag 23. oktober 2008

Nytt inlegg i leksedebatten

I nettutgåva av Aftenposten kan du i dag lese dette om lekser. Eg er enig med mor i artikkelen, som meiner at leksene bør avskaffast og at ungane heller kan vere lenger på skulen og gjere skulearbeidet ferdig der.

Utdanningsforbundet meiner at leksene er viktige for at foreldra skal kunne følge med på skulearbeidet til ungane. Ja, det kan nok hende dei har eit poeng der. Men dei foreldra som er genuint opptekne av å følge med på læringa til ungane sine greier nok det uavhengig av leksene. Den eine fordelen med lekser veg ikkje opp for all familie-fritid som nå blir brukt på masing og ulystbetont lekselesing etter fotballtreninga, korpsøvinga og alt det andre dagens ungar er med på. Når mor og far er i full jobb, er det ikkje mykje tid dei får i lag med ungane sine på kvardagar. Denne tida skal brukast til samvær, men også nødvendig husarbeid, handling og alt det folk flest opplever som viktig å delta i: korøvingar, kommunestyremøter og utallige andre ting. Det blir ikkje mykje tid att, og leksene stel verdfull familietid.

Mange familiar har også vanskar med å ha det hyggeleg i lag, og det har utvikla seg negative samhandlingsmønster mellom ungar og vaksne. I ein slik setting er leksene nesten alltid eit betent tema som kvar dag fører til store konflikter.

Eg meiner lekser er ein forelda måte å lære på, og eit system som er overmodent for modernisering.

fredag 10. oktober 2008

Verdsdagen for psykisk helse: BLOGG

Her kan du lese innlegg om psykisk helse, av folk som er opptekne av det! Bloggen eg har linka til er oppretta i samband med verdsdagen for psykisk helse, SOM ER I DAG!

Haustbukett



Ein liten haustbukett til oppmuntring ein sur oktoberdag.

onsdag 1. oktober 2008

Psykologer - foren eder!

OK, da. Eg får vel berre innrømme det:
  • ja - eg er på facebook

  • ja - eg er oppe i tre (3) bloggar


  • ja - kjøkkenet mitt er bomba, og skittentøykorga er full (!)

For to år sia var det ikkje slik. Da tenkte eg at "facebook er noko tull for folk som har for lite innhald i livet sitt!" og "blogging er noko som notoriske kverulantar driv med, sånne som absolutt må meine noko om abslutt alt, og som plagar vettet av dei dei bur i lag med slik at dei må skrive det på internett i staden, fordi ingen gidd å høre på dei meir!"

Nå tenker eg ikkje slik lenger, men kva er det egentleg som har skjedd? Jo, når eg tenker meg om, så er det noko som har endra seg: før var eg på eit vis "aleine" på internett. Nå har eg utallige venner, kjente og sjelefrender der ute som eg utvekslar kommentarar med, diskuterer hobbyar med og deler nokre av livets opp- og nedturar med. DET gjer den store skilnaden for meg. Nettet har blitt sosialt i tillegg til at eg kan hente informasjon der.

Eg har til og med nyleg funne diverse grupper på facebook der psykologar kan melde seg inn. Nyleg fekk ein ny facebook-venn frå Harstad. Ho er psykolog, og ville bli vennen min av den grunn. Ho kalte det "nettverksbygging" visst...

Vi psykologar er litt rare (det er jo mange som skuldar oss for det, og som oftast protesterer eg heftig og indignert på den påstanden!). Men, eg må vel inrømme det: vi ER litt rare på enkelte område. Det er liksom ikkje slik akkurat, at vi søker saman i yr glede over å ha same fagbakgrunn og tilhøyre same profesjon. Nei, det må vi vel innrømme at vi ikkje gjer. Her i fylket er det vel heller sånn at vi lurer på kven er det nå som er psykologar på Førde BUP, sist eg helste på nokon der var for tre år sia...

Det er litt synd at det er slik, tenker eg. For min del hadde eg i alle fall hatt bruk for eit psykolognettverk. Eg hadde hatt bruk for å høyre til i ei faggruppe som eg identifiserer meg med, og der eg kjenner andre personleg som jobbar med det same som meg. Identiteten min som fagperson hadde hatt godt av det! EG hadde hatt godt av det! Det hadde kjentes tryggare og hyggelegare ut liksom. Eg hadde hatt fleire å søke råd hos, fleire å dele erfaringar med, fleire å diskutere med og fleire å ha det kjekt i lag med.

Nokre psykologar bloggar også. Det er fint! Psykologar er kloke folk, det skal vere sikkert! (men, mellom oss sagt: treng alt å vere så inderleg kjedeleg for det???). Det går an å bli overseriøs og. Er det det som er problemet tru? At vi er så redde for å ikkje vere faglege nok, kloke nok og vitskapelege nok, at vi rett og slett blir alt, alt for kjedelege? (både for oss sjølv og andre) Desse bloggarane som du finn på tenke.no-bloggen, har problem med motivasjonen. Dei analyserer sine eigne vanskar med å følge opp bloggen sin, og begrunnar det med at dei har gått over frå å vere sisteårs-studentar, til å bli førsteårs-klinikarar, og at dei følgeleg har mista den faglege oversikten dei hadde. Og som eit resultat av det skulle det bli mindre interessant å blogge???!!

Det der var litt rart, altså. Kunne dei ikkje stille alle spørsmåla sine på bloggen da? Neeei, for da står du i fare for å røpe at det er ting her i verda du ikkje forstår...... hyyyysj!!

Kjære kolleger: eg har eit stort ønske, og det er at vi skal bli litt mindre redde for å verke dumme, for å gje uttrykk for kjensler, vere meir spontane, og ikkje minst: bli meir (psyko)sosiale!






torsdag 25. september 2008

Softgun-hysteri

Hørte i radioen i dag at ein ungdomsskuleelev frå Florø hadde vore så uheldig å ta med seg ein softgun på skulen. Det skulle han aldri ha gjort, og truleg angrar han veldig på det nå! Du veit vel kva ein softgun er? Eit leikeskytevåpen av plast, som rett nok ser ut som eit skikkeleg våpen, men som berre kan skyte bittesmå plastkuler. Dei fleste unge gutar som kjenner nokon som har vore i syden, eller som har vore der sjølv, har ein slik liggande.

Det at han tok med seg softgunen sin på skulen dagen etter skytetragedia i Finland var truleg der den verste uflaksen kom inn i bildet. For nå skal jo alle vere obs. på, og "slå hardt ned på", tendensar til vald, og skyting, i skulen sjølvsagt. Og skal ein slå hardt ned på noko, så kan ein vel ikkje samtidig tenke fornuftig - eller?

Eg synest synd på han som truleg heilt uvitande om ulykka i Finland, bestemte seg for å ta med våpenet sitt og vise fram til kameratane akkurat den dagen. Han sit sikkert igjen nå (etter å ha blitt "slått hardt ned på") og er både forvirra og sint. Dei som tok med seg rollerblades eller skateboard på skulen, fekk sikkert berre ein advarsel og ei påminning om at dette er det ikkje lov å ha på skulen. Kanskje det hadde vore greit nok her også?

Avvergar vi skytetragediar som den i Finland med å ringe politiet når vi ser ein leikepistol? Trur ikkje det, nei! EG trur derimot, at ungdom, oftast gutar, som endar med å skyte klassekameratar, lærarar og vanlegvis seg sjølv, ikkje er kven som helst. Skal vi avverge at slike ting skjer, må vi faktisk SJÅ kven ungane er. Vi må prøve å oppfatte kva dei strever med, og korleis dei opplever skulekvardagen, kontakten med kamaratar og tilhøvet til foreldra. EG trur nemleg at desse gutane

  • har opplevd mange nederlag på skulen
  • har opplevd at dei blir avvist av venner
  • har opplevd ein eller annan form for omsorgssvikt heime, kanskje blitt slått
  • har ikkje blitt "sett" av nokon på veldig, veldig lenge, om dei nokon gong har blitt det
  • har eit lenge oppdemt raseri i høve til omverda

Når ein slik avvist, einsam og truleg i eigne auger mislykka gut, byrjar å bli ekstremt våpeninteressert (da snakkar eg ekstremt altså, ikkje normal unggutt-interesse, som også kan vere stor), og han har liten eller ingen kontakt med jevnaldrande, men sit heime og spelar valdelege data/TVspel, ser valdsfilmar og legg ut valdsforherligande videoar og anna stoff på nettet. Når dei vaksne som har omsorgen for han eigentleg ikkje veit eller bryr seg om kva han driv med, og når lærarane kjenner at dette er ein kar som ikkje trivst eller utfaldar seg slik dei andre gjer, ja DA kan vi byrje å reagere. Men vi spring ikkje til politiet det første vi gjer. Tru det eller ei, det er kanskje det som er til minst hjelp i ein slik situasjon.

Autoritetar som truar med straff, oppfører seg aggressivt og utøver makt overfor ein slik kar heller truleg berre bensin på bålet.

I vårt land har vi, som Atle Dyregrov så klokt sa det på frokostTV i dag, ein varmare og meir omsorgsfull skule enn i Finland. Akkurat det skal vi vere glade for. Akkurat det er kanskje ein kvalitet som vi skulle verdsette meir, og hugse på kvar gong vi fell for freistinga å hylle dei fantastiske skuleprestasjonane i Finland. Skal vi nå slutte å gremme oss over kor "dårleg og ubrukeleg" den norske skulen er samanlikna med den finske og så vidare? Det er muleg at det ikkje berre er skuleprestasjonar som tel, når alt kjem til alt. La oss berre unngå å rote det til for oss før det er for seint, og vi har ofra dei kvalitetane vi har i skulen i dag, til fordel for ein "flinkare" elite.

tirsdag 16. september 2008

Eg blir sint


- når eg treffer på kollegaer som tråkkar over etiske, moralske og faglege grenser, og som gjer det gong på gong! Ja, nå skyt eg på eiga yrkesgruppe her, det får våge seg. Som notorisk hissigpropp må eg få lufte ut litt frustrasjon når eg gong på gong ser spora etter andre psykologar ute i verda som ikkje berre har vore over gjerdet, men langt inn på naboen sitt jorde......

I dag hørte eg igjen referert at ein sakkyndig psykolog skal ha uttalt seg om den faglege gehalten av andres arbeid.... -til klienten. Det er jammen ikkje første gongen eg høyrer om slikt, og eg blir ikkje berre sjokkert, eg blir sint! I og for seg er det greit å uttale seg kritisk, det må vi tåle, og ofte er vi for utydelege når vi er uenige med kollegaer. Det er greit dersom

a) den som kritiserer har belegg for at det kollegaen har gjort/skreve/sagt er faktisk feil, og ikkje berre er fagleg uenig med han

b) den som uttaler seg er nøytral i saka, slik at han eller ho ikkje sjølv har ei rolle som faktisk krev nøytralitet (sakkyndige psykologar i rettssystemet eller barnevernet for eksempel)

c) den som blir kritisert får sjansen til å korrigere påstandane, forklare samanhengen, syne til vitskapeleg grunnlag osv.

Psykisk helsevern for barn og unge og barnevern er to faglege landskap som kan vere noko utfordrande å ferdast i. Dei er fulle av bratte bakkar, krokete stiar og skumle skogar der GPS-en ikkje verkar..... For å seie det mindre kryptisk: når ein arbeider med barn, har ein mange personar å forhalde seg til, og klienten og oppdragsgjevaren din (foreldra) kan ha motstridande interesser. Som oftast går dette heilt greit, foreldra tek ansvar for ungen, og er rimeleg bra i stand til å syte for det barnet treng. Det er ikkje desse sakene eg snakkar om nå. Eg snakkar om dei sakene der barnet sitt beste ikkje samsvarer med det dei vaksne meiner er viktig, eller greier å syte for. Dette kan, men treng ikkje vere, barnevernssaker, det er alvorsgraden som avgjer det.

Dersom vi nå sender desse til BUP, og psykologen der kritiserer dei vaksne og stiller krav til dei om å endre seg, vil det raskt opplevast som ubehageleg for dei vaksne. Da er det vi ser at ønsket om å shoppe fagleg bistand dukkar opp. "Ja, psykologen på BUP har jo ikkje forstått nokon ting, men du er sjølvsagt mykje flinkare og snillare". Dei fleste av oss som har vore ute ei vinternatt før, gjennomskuar dette. Det er sjølvsagt behageleg å bli sett på som den store guruen ei stund, men det behaget er oftast på linje med å tisse i buksa for å halde varmen. Det varer nemleg berre heilt til du set ord på noko ubehageleg overfor klienten, eller stiller krav til han. Da er ofte tida moden for vidare psykolog(s)hopping, og denne gongen sit du att som "den dumme psykologen".

Er du i ei rolle der du "droppar innom" saker i avgrensa oppdrag (les: sakkyndig, eller av og til privatpraktiserande) blir du sett på ei prøve her. Du har ofte ikkje full oversikt over saka; du manglar informasjon, du har ikkje fulgt saka over tid og du har ikkje tilgang på komparentopplysningar frå for eksempel skule eller barnehage. Men: du møter eit intenst ønske om støtte og medhald, og devaluering av kollegaen som var så dum er alltid kjærkome..... Skulle det slumpe til at du faktisk ikkje likar denne kollegaen, eller er rivande uenig med han fagleg, er freistinga enda større. For ei lita stund kan du kjenne deg som verdsmeister - og det beste av alt: ingen kan ta deg for det! Du er fullstendig beskytta, og kan i praksis seie kva du vil! At du samtidig undergrev tilliten til ein kollega, di eiga faggruppe og til hjelpeapparatet generelt er kanskje ikkje så lett å sjå der og da?

Eg vil sette søkelyset på dette, fordi eg meiner det er på høg tid at vi snakkar om det. Det er IKKJE til klientane sitt beste at vi driv på slik, og eg meiner det bør reagerast på med inderleg og sterk fordømming.