fredag 11. april 2014

Om å ha klasserommet som arbeidsplass

Nei, eg snakkar ikkje om lærarane nå. Eg tenker faktisk på dei som er i fleirtal på skulen: elevane. Eg sat og snakka med ein relativt ung person ein dag, og vi kom inn på det med at skulen var hennar arbeidsplass, slik mamma hadde sin og pappa sin. Først hadde vi vore inne på ting som denne personen hadde opplevd på skulen, som det å ikkje få vere med i leiken, det å få nedsettande kommentarar, det å bli gløymt og oversett og det å faktisk oppleve kvardagen som ganske skummel. Eg sa at det finst reglar for korleis ein skal oppføre seg mot andre, og det finst reglar og lover som seier at vi har rett til å oppleve arbeidsplassen vår som ein god og trygg stad å vere. Denne vesle personen ville ikkje heilt tru meg når eg forklarte dette, for vedkomande hadde opplevd å ikkje bli trudd av dei vaksne når ho prøvde å beskrive det vonde som skjedde.

Etter å ha jobba ei stund med barn og unge må eg seie at eg ser for meg ei endelaus rekke av barn og ungdom som har fortalt liknande historier. Den eine beretninga etter den andre kjem fram i minnet, om utestenging, sinte lærarar, plaging og hatefull håning, slag, spark og skjellsord. Ofte har ikkje dei vaksne klart å oppdage eller gjere noko særleg med dette, trass i at eg veit at dei fleste verkeleg har prøvd.

I opplæringslova §9A står det at står det at "Så lenge eleven har en subjektiv oppfatning av at det psykososiale miljøet ikke fremmer hans/hennes helse, trivsel eller læring, har skolen en plikt til å rette dette".

Hmmm, her er det ein diskrepans så vidt eg forstår. Ut frå dette kan ikkje læraren slå seg til ro med at alt egentleg er greit, så lenge eleven si subjektive oppleving seier noko anna.

Da trur eg vi må ta ein runde til med lærarane til denne eleven, og enda ein gong gå gjennom kva tiltak som kan vere til hjelp. Eg tenker også på at eg ved neste høve skal prøve å formidle til dei noko av den stille, triste fortvilinga eg har sett så mykje av. Om den kjem frå ein hybelbuande 17-åring som har bruk for å bearbeide ting som skjedde for lenge sidan, eller det er nokon som sit midt oppi det nå, og som det framleis er muleg å skåne for nokre sår og skrammer.

Eg tenker også på at vi aldri må gløyme at for den utstøtte og sårbare vil også små teikn på avvising og forakt såre veldig, og at det er himmelvid skilnad på korleis den robuste og trygge eleven oppfattar desse ofte subtile signala, og korleis dei blir tolka og oppfatta av den som er utanfor frå før .

Da er det godt at Opplæringslova faktisk tek vare på denne skilnaden, og held fram kor individuelt det faktisk er om ein opplever skulekvardagen som god eller farleg.

2 kommentarer:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Herdis sa...

Her ser det ut som om eg har sletta ein kritisk kommentar, men det har eg ikkje. Trur det var nokon som ville selge noko, og dermed temmeleg uinteressant her i bloggen.