mandag 13. september 2010

Arbeidsforvirra helsearbeidar

Nå har eg strevd så med å finne ny mal for bloggen at eg har nesten mista inspirasjonen for det eg hadde tenkt å skrive. Får streve vidare ein annan gong.

Ellers er dette ein både plutseleg og sporadisk oppdatert blogg som det heiter. Det må de leve med...

Noko eg ikkje kan leve med lenger er jobben min. Eg har ikkje tenkt å gjere som ho Pia i Østlandssendingen og annonsere min avgang på bloggen, men eg har sagt til sjefen min at eg kjem til å seie opp.... Kvifor det? Har bra jobb på hyggeleg arbeidsplass, det er ikkje der det ligg.

Denne avgjerda handlar om mange ulike ting, nokre har med meg å gjere og nokre har med andre ting å gjere. EIT av dei mange momenta handlar om dagens psykologrolle.

Eg høyrer til ei yrkesgruppe som seilar i medvind, og har gjort det ei stund. Det er etterspørsel etter oss, og faget vårt. Folk har stor tru på at psykologar kan og veit ting som er viktig, og delvis skjult for andre? Dette fell også saman med behandlings-samfunnet som vi lever i, der vi trur at det aller aller meste av problem og plager kan behandlast vekk. I denne tidsånda er det eg dei siste sytten åra har vore psykolog i psykisk helsevern for barn og unge.

Kva så? Jo, eg merkar ein slitasje. Ein ganske stor slitasje i høve til dei forventningane samarbeidspartnarar, kollegaer, pasientane sine foreldre og kanskje også eg sjølv har til kva eg kan klare å få til! Det blir jo forventa at ein psykolog med seks års tung fagutdanning skal kunne utrette under. Vi bør kunne trylle, vi bør ha ein poste med magisk pulver som vi kan drysse rundt oss. Ikkje minst når du jobbar i "BUP" blir desse uuttalte forventningane merkbare. Vi jobbar hovudsakleg med klientar i dei tyngste gruppene. Dn støste leverandøren til oss av pasientar er barnevernet. Kven havnar først i barnevernet og så på BUP? Jo, dei aller mest skadeskotne og skada ungane, dei med alkoholiserte foreldre, fem flyttingar før dei var ti og oftast fysisk og psykisk omsorgssvikt. Vi har brotne relasjonar svært tidleg, vi har med andre ord tilknytningsskader på alle mulege nivå og alvorsgradar. Kve GJER ein med desse pasientane? Hjelper det med dei gode gamle behandlingsmetodane som leiketerapi og samtaleterapi? Hjelper det med kognitiv terapi som er så anbefalt for tida? Hjelper det med Marte Meo, FNT, ART eller flipovermetoden? NEI! Eg har lyst til å rope det ut: NEI det gjer dessverre ikkje det. Synd å seie det, eg trur ikkje på under eller magi! Kva hjelper da? Jo, igjen ber eg om unnskyldning for å seie noko så formasteleg, men det er

1. Grunnleggande endringar i miljøet rundt barnet (er det endringspotensiale?)
2. Tett samarbeid mellom miljø (foreldre etc.), skule, barnevern og BUP og andre (må ha nok tid!)
3. Langvarige tiltak (dyre!)
4. Tunge nok tiltak (dyre!)
5. Fleire tiltak samtidig (treng kompetente folk!)
5. Ei felles forståing av alvoret og vanskegraden, og ingen lefling med kjappe lettvinte løysingar. (Krever stor sjølvdisiplin og evne til å halde ut!)

Dette er det eg meiner trengs. Beklageligvis er dette upopulært i dag. Kommunane, som er forventa å skulle stille med ressursar i form av pengar og folk er fattige. Barnevernet er for tida prega av en "kjapp og lettvint"-tankegang, og er ofte i utakt med seg sjølv. Da tenker eg på det kommunale nivået på den eine sida, og dei som styrer institusjonar og ungdomsheimar og ulike heimebaserte behandlingsformer på den andre. (BUF-etat, staten). Samfunnet, og BUP, fløymer over av hjelpetrengande barn og ungdom, truleg mykje på grunn av moderne livsstil med lite stabilitet og kontinuitet, og stort ønske om umiddelbar behovstilfredsstillelse hos foreldregenerasjonen.

Vi druknar i arbeid, og blir frista av amerikanske sertifiseringsmetodar der du kan blir ekspert på å løyse alle slags problem berre du går på kurs i to år, filmar alt du gjer på video, går i veiledning, tek eksamen og svergar på bibelen at du aldri aldri skal gjere eit einaste avvik frå den strenge behandlingsprosedyra du har lært. For å behalde sertifiseringa di må du også følge opp med ei viss mengde rettleiing og kursing. Alt til ein ublu pris, sjølvsagt (dette er ein eigen industri), og sjefen din må reikne med at du ikkje får gjort meir enn 30% av arbeidet ditt dei to åra du driv med dette.

Eg har ikkje ei einaste sertifisering. Ikkje vil eg ha det heller. Det er sjølvsagt ein stor mangel ved meg som psykolog. Eg trur heller ikkje på under. DET er ein om muleg enda større mangel ved meg som psykolog. Eg burde har trudd at eg var ein par steg under gud, og levd opp til dei store og ganske infantile forventningane eg blir møtt med i jobben min. Det er mykje legedom i sterk tru og håp, blir det sagt. Jo da, eg veit det. Det er berre det at det finst visse grenser for både bedrag og sjølvbedrag. Eg sel ikkje sjela mi, og eg går ikkje på akkord med det eg VEIT om menneske og kva dei treng etter desse sytten åra. Difor er eg nå i ferd med å seie opp jonbben min på Nordfjord-BUP, og finne på noko anna. Fortsettelse følger...

6 kommentarer:

Maria sa...

Åååå, dette var godt å lese!

Men samtidig vondt at det blir skrevet av en som tar faget sitt på alvor og er på nippet til å gi opp etter mange år i arbeid med unger som trenger mye. Jeg venter på fortsettelsen, og leser nedover i denne for meg helt ukjente bloggen. Noe sier meg at jeg har lyst til å sette meg godt tilrette inni her en stund!

Tusen takk for at du deler disse ordene - og en stor klem til deg!

Herdis sa...

Takk for det! Ser i ettertid at eg nok har skreve det i oppgitthet og frustrasjon, og set ting på spissen. Hadde kanskje valgt å moderere meg litt om eg hadde skreve det nå. Står likevel for det eg seier, men innlegget må lesast som eit hjertesukk også! Eg seier altså ikkje at det ikkje er håp for dei som slit, men prøver å sette ord på noko eg oppfattar som uheldige sider ved tidsånda. Må ikkje takast personleg av nokon....

krepsemor sa...

Men akk så sant alt du skriver! Jeg tror det er viktig at noen TØR å sette ord på det. Er dette et stadig økende problem? Er vi foreldre blitt så egoistiske at vi "ofrer" barna i vår egen selvopptatthet? Dårlig samvittighet er jo noe alle foreldre kjenner på, og sånn skal det vel være? For da er vi vàr for endringer rundt barna våre =) Jeg vet at samarbeid mellom de forskjellige aktører: Barnevern-skole-mor eller far, virker og i beste fall fører til endring i miljøet rundt barnet/barna! Vit at for noen ender det veldig godt! Vi har ikke bare håpløse tilfeller! Stå på, det er ingen som tror at dere kan trylle, men dere kan sette viktige tanker i sving!
Takk for at dere finnes =)

Herdis sa...

Tusen, tusen takk for støtte og fint innspel, Krepsemor! Eg veit jo at det går bra i mange tilfeller, og det er det verkeleg godt å få vere med på. Ein henger seg kanskje dessverre for mykje opp i dei sakene der ein strever med å få det til. Kjennest ofte så sårbart ut, det er gjerne tilfeldigheter som avgjer om ein lykkast eller ikkje.

Melinda Henriksen sa...

Håper du leser og finner støtte i tidsskriftet for psykologforeningen for tiden, som handler mye om alle som føler seg klemt mellom systemkrav og behandlingsbehovet de ser! Jeg syns det snart bør bli en skikkelig mønstring av psykologer som ikke ønsker gå på bekostining av integriteten som behandler og sin omsorg for andre, for å etterkomme de stadig snevere definisjonene av behandling.

Herdis sa...

Takk for det. Enig med deg Melinda:-)
Det må seiast frå, for nå går utviklinga i feil retning.