søndag 7. mars 2010

Rapping mot vald i familiar






Denne veka hadde Eid besøk av rapparane Hakan og Kenneth som gutta bak rappeduoen Tonna Brix heiter. Dei hadde tre foredrag/konsertar i kinosalen på Operahuset, og det var eit klassetrinn på Eid ungdomsskule og eit frå Måløy ungdomsskule som fekk tilbod om å høre dei.

Musikkvideoen Vendepunkt

Eg var der på siste konserten på fredag, og må innrømme at eg sat med klump i halsen medan desse modige gutane fortalde kvar si historie frå sitt eige liv. Kenneth hadde frå han var fødd til han var seks år levd i lag med ein far som var rusmisbrukar, og brukte både piller og alkohol. Han heldt den vesle familien i eit jerngrep av terror og psykisk vald. Til slutt greide mora å rømme ut av det. Hakan sin biologiske far kom frå Tyrkia, medan mora er norsk. Da ekteskapet rauk flytta han tilbake til Tyrkia, og mora fekk ein ny mann som vart stefar for Hakan og broren hans frå han var 7 til han var 17. Han drakk, og brukte alle midlar for å straffe og plage og kontrollere stesønen og kona si på den mest sadistiske måten du kan tenke deg. Det er rett og slett vanskeleg både å forstå at folk kan oppføre seg så hjartelaust mot barn, men også vanskeleg å begripe at ein forlder som er ved sine fulle fem let ungane sine vekse opp i noko slikt. Likevel veit vi jo at dette ikkje er lett, og at det er mange sterke krefter som bidreg til at slike relasjonar varer.

Kenneth var den einaste med psykiske vanskar av dei, i alle fall som han har fått behandling for. Han hadde sosial angst, fortalde han - noko som hadde gjort livet hans temmeleg vanskeleg fram til han fekk hjelp.

Det er nærliggande for meg å reflektere litt over fenomenet resiliens, særleg fordi eg tirsdag 2.3. var på Aasen-tunet i Volda og hørte psykolog Anne Inger Helmen Borge halde eit dagsseminar om akkurat dette. Ho er professor på universitetet i Oslo, og forskar på nettopp resiliens. Ho sa mellom anna at det å overleve, eller fungere rimeleg bra, etter å ha opplevd ting som kan få andre til å bukke under har med mange ulike faktorar å gjere. Noko av det ho drog fram var spesielle evner, f.eks. kreativitet og fantasi. Det å ha noko du meistrar, som gir deg glede og meining, kan vere viktig i slike marginale situasjonar. Hakan fortalde om alle gongene han fekk innestraff: nemleg vart straffa for dei mest bagatellmessige ting ved å bli nekta å gå ut. Han sat da på rommet sitt og hørte på musikk, og etter kvart skreiv rappetekstar. Han beskreiv den store gleda han opplevde ved dette, og kor viktig det var for han. Kenneth maler bilder, og det vart vist nokre eksempel på bileta hans under foredraget.

I tilleg har det sikkert hatt veldig mykje å seie at begge gutane høyrdest ut til å ha oppegåande mødre som ga god omsorg når dei hadde sjansen til det. All resiliens handlar til sjuande og sist om relasjonar, sa Anne Inger..... (som er Granasokning, og gamal togpendlar til Blindern som meg, samt gift med min gamle tannlege:-))

Til slutt vil eg berre nevne (med ein anelse falsk beskjedenhet) at det var underteikna og Nordfjord-BUP som tok initiativet til å få Tonna Brix til Nordfjord. Tanken kom etter at eg hadde lese om dei i Magasinet her i fjor haust, og eg såg for meg at vi kanskje kunne "treffe" nokon av dei tause gutane med dette. Nokre gutar som lever med grov mishandling, psykisk og fysisk vald og anna omsorgssvikt blir ofte litt rufsete og aggressive i stilen, og får dermed stort sett kjeft og lite forståing og hjelp..... Det å snakke om slike problem, det å "vere eit offer", er tabubelagt for gutar. Det er liksom ikkje forenleg med rolla som (tøff) mann. Dermed kan det av og til ende med sjølvmord for enkelte - svært, svært ofte når vi på BUP får høyre om ein ung mann som har teke livet sitt, så har vi aldri hatt han som pasient. Dette er for meg tankevekkande. Å teie stille kan for nokre vere det som fører dei i døden.

Da er det faktisk LIVSVIKTIG at desse tause gutane kan ha forbilder og rollemodellar som Kenneth og Hakan. Flott levert - og musikken er ikkje så aller verst den heller!

Kikk innom heimesida deira!

4 kommentarer:

Anonym denne gang sa...

En ting jeg har tenkt på når det gjelder vold og overgrep mot barn og resiliens, er at forskere neppe klarer å fange opp "alt".

La meg gi et eksempel:
Jeg vokste opp i en familie hvor både jeg og mitt søsken jevnlig ble utsatt for grusomme ting. Jeg har store psykiske vansker, mens mitt søsken tilsynelatende ikke har fått mén (nå var jeg riktignok den som var mest hatet, mens det andre barnet var litt mors gullunge). Mitt søsken har imidlertid ført volden videre til sitt barn, mens jeg aldri har lagt hånd på ungen min.
Så hvem har egentlig "tålt" volden best?

Herdis sa...

Enig med deg i at resiliens-omgrepet er litt vagt og vanskeleg å forstå - og gir kanskje eit forenkla bilde av virkeligheta av og til. Det går jo ikkje i "djubda" slik eg forstår det, men det er nok med ei tilsynelatande tilpassa og god fungering for at ein skal kunne snakke om resiliens. Ein kan jo lure på kva det kosta å vere "gullunge" også. Kanskje fulgte det med krav eller forventning om at gullungen skulle vere på ein bestemt måte? Undertrykke seg sjølv, for å oppnå gunst? Ikkje veit eg, men det er interessant det spørsmålet du stiller. Kven har "tålt" valden best....

Anonym sa...

Nei, vedkommnede var "gullunge" pga "riktig" kjønn. Det fulgte ingen andre krav eller forventninger med.

Herdis sa...

OK. Ikkje godt å vete alltid kvifor ting blir som dei blir. Likevel seier historia noko om det å vekse opp I EIN VALDELEG ATMOSFÆRE. Å vere vitne til vald kan vere like skadeleg som å bli slått, seier dei?