mandag 9. februar 2009

Vintersol



Det er mange som slit tungt med depresjon og motløyse på denne tida av året. Mange unge strever med liva sine, med relasjonane til sine næraste og med det å finne sin plass og sin veg i livet. Da trengs det noko som kan gje håp, og som kan gje ei kjensle av at nokon bryr seg og set pris på akkurat DEG. Du er unik, og du har verdi! Sola er eit symbol på desse gode, livgjevande kreftene i eit menneskeliv.

For oss på den nordlege halvkule står sola symbolsk for liv, kjærleik, glede, nærleik og menneskeleg varme. Da kjennest det ekstra meiningsfylt å kjenne dei første varmande strålene frå Februarsola i fjeset. Det er som om livet får ny glans, og opplevinga av meininga med alt kjem gradvis tilbake. Ta deg ein tur ut i sola, og kjenn etter kor levande og glad du blir. Gå deretter heim og gje nokon du er glad i ein god klem. Finn du ingen å klemme, så skal du GJE DEG SJØLV ein klem i tankane dine. Fordi du fortener det:-)

3 kommentarer:

Sine sa...

Det er helt fantastisk hva en sol faktisk får til.

Merete sa...

Hei! Aldri lest bloggen din, men fant den idag. Og må jammen meg følge den. Utrolig bra skrevet. Jeg liker at en som jobber i systemet kan sette seg på sidelinja å se hvilke feil og mangler systemet har her i dag.
I min by er det så stor utskifting av psykologer at få i det heletatt får noe ut av det tilbudet som blir gitt. Er man ikke super anorektisk med en BMI på under 16 eller super psykotisk, får man rett og slett ikke hjelp.

Følger med videre på hva du skriver.

Herdis sa...

Tusen takk for kommentarar Sine og Merete! Eg blir oppgitt og trist når eg hører at det er sånn etterspørsel etter psykologar, og at folk ikkje kjem til og får hjelp. Eg jobbar i BUP, og føler nok at eg av og til må "jakte" på klientane mine, minne på timar etc. Ofte kjem dei ikkje.... Ja ja. I dei fleste tilfelle er det ein del av problemet deira, og alderen dei er i. Håper du lykkast til slutt, Merete.