onsdag 19. november 2008

Ein lege eg beundrar!


Mandag og tirsdag denne veka vart den årlege haustkonferansen i R-BUP sin regi arrangert i Bergen. Temaet denne gongen var "Hva er virksom praksis?", og i går sat eg i salen da Edvin Schei hadde eit innlegg som heitte "Fire spørsmål og fire fiender - refleksjoner om terapeuten som menneske".

Eg var fjetra. Han snakka med vanlege, forståelege ord, og han las dikt av Olav H. Hauge og Hans Børli innimellom. Han sa slike ting som at: "Å være menneske fullt og helt er nødvendig for å være en god hjelper. Det er mennesket som gir form til faget, ikke omvendt". Og: ""Meining" påvirker kroppen vår: setter i gang både subtile og åpenbare prosesser som er målbare."

Eg er ikkje heilt sikker, men meiner det var Schumacher han siterte da han lanserte fire grunnleggande spørsmål i livet:

- Hvem er jeg?
- Hvem er du?
- Hvem er jeg for deg?
- Hva finnes i den ytre verden?

Hans poeng var at det er liten tvil om at det er spørsmål fire som får mest merksemd i våre fag. Likevel kan rein fagkunnskap vere fullstendig vekkasta og ubrukeleg om ikkje dei tre andre spørsmåla har fått litt plass.

Eg har jobba mykje med ungdomsterapiar i jobben min, og veit at dersom eg ikkje hadde ei rimeleg velutvikla evne til å oppfatte kvar den andre er, til å snakke med nokon med respekt, og ikkje minst: høg toleranse for å ikkje forstå, og til og med kjenne meg temmeleg dum - så hadde eg ikkje fått mange av ungdommane i tale. Evna til å tåle å kjenne deg dum er uvurderleg om du er terapeut! Eg vil gå så langt som å seie at dersom du kjenner deg for trygg på deg sjølv, står du i fare for å miste kontakten med pasienten.....

Eg kjem sikkert til å skrive meir om denne karen her, og kanskje om dei filosofane han refererer til. Fekk veldig lyst til å lese av denne opplevinga!

Til slutt må eg nevne at Schei har starta noko som heiter Filosofisk poliklinikk. Eg veit ikkje så mykje om det, men du kan sjølv lese om det HER.

5 kommentarer:

Sine sa...

Jeg har nettopp oppdagen denne bloggen din, og synes den er spennende. Jeg leser også gjerne mer av det du skriver. Interessant!

Herdis sa...

Tusen takk skal du ha, Sine! Veldig hyggeleg med slike positive tilbakemeldingar:-)

Sigrun sa...

Har veldig sans for Edvin Schei, jeg også (selv om jeg leser ham med "pasientbriller").

En annen lege jeg liker veldig godt, er Pål Gulbrandsen. Se denne og denne artikkelen.

Når man har mye dårlige erfaringer med helsevesenet - som jeg har - er det mye TRØST i å høre eller lese slike fagfolk.

Anonym sa...

Så spennande, Herdis! Eg skal tipse ei eg kjenner om det du skriv her...

Herdis sa...

Tusen takk for hyggelege kommentarar, Sigrun og Alt godt! Er flau fordi eg ikkje har klart å oppdage og godkjenne kommentarane før nå (rødme...). Har dessverre vore bloggtørke her ei stund:-(

Men, kjenner at det gir skrivelyst med litt hyggeleg oppmerksomhet!!