lørdag 24. november 2007

Nytt avisinnlegg sendt!

I dag har eg sendt dette innlegget til alle dei fire lokalavisene i Nordfjord:

PSYKOLOGEN SIN PLASS I PSYKISK HELSEVERN I NORDFJORD

I lovverket som regulerer Psykisk helsevern i landet vårt er det sagt at alle behandlingsinstitusjonar MÅ ha tilgang til kunnskapane til både legespesialistar (psykiatrar) og psykologspesialistar. Det er lagt vekt på tverrfaglighet, fordi helsestyresmaktene meiner det er nødvendig å sikre at vi kjem pasientane i møte med størst mogleg fagleg breidde. Dette har som mål å sikre pasientane ei best mogleg vurdering og behandling, og skal fungere som ei kvalitetssikring.

Det er mange som lurer på kva som er skilnaden på ein psykiater og ein psykolog. Eg skal prøve å kome med ei forklaring.

For å ta psykologen først: Det er ein person med seks års universitetsutdanning i psykologi. Han må ha autorisasjon for å få praktisere, og er den einaste ved sida av legen som har eit sjølvstendig behandlingsansvar. Det tyder at dersom legen eller psykologen gjer noko ulovleg i jobben sin, så har dei sjølve juridisk ansvar for det. Dei kan med andre ord for eksempel ikkje dekke seg bak at dei handla på ordre frå sine overordna.

Psykologi da, kva er det? Det er ikkje det same som psykiatri. Psykologi er læra om normale menneskelege mentale prosessar og eigenskapar. Psykologar kan mykje om ting som tankeprosessar, minne, evner, kjensler og korleis omgivnader og hendingar påverkar oss. Utviklingsspykologi handlar mellom anna om korleis mennesket utviklar seg på desse områda.

Når ein psykolog blir tilsett i psykisk helsevern må han spesialisere seg i klinisk psykologi, og lære seg å behandle menneske med psykiske lidingar. Ei slik spesialistutdanning tek om lag fem år, og krev mellom anna praksis frå fleire andre arbeidsområde enn der ein er tilsett. Ein barne- og ungdomspsykolog må mellom anna ha røynsle med vaksne pasientar, og frå sengepost.

Kva er ein psykiater da? Jo, han har ei seks år lang medisinsk utdanning bak seg (er ”doktor”), og har deretter valgt å spesialisere seg i psykiatri, altså læra om psykiske sjukdomar. Eg veit ikkje så mykje om denne spesialiseringa anna enn at den er temmeleg omfattande, inneber mykje og variert praksis, og tek minst fem år.

Når det gjeld Psykisk helsevern på spesialist-nivå har vi i Nordfjord i dag Nordfjord psykiatrisenter(NPS), og Psykisk helsevern for barn og unge (”BUP”). NPS omfattar to sengepostar og ein poliklinikk, og målgruppa er dei frå 18 år og oppover. BUP er ein poliklinikk for barn og ungdom. (Ein poliklinikk er ein stad der du får behandling på dagtid medan du bur heime, ein sengepost er ein stad der du får behandling medan du bur på staden. Det er ikkje lenger så skarpe skiller mellom desse behandlingsmåtane, fordi ein del behandling også kan gå føre seg i eller nær heimen til pasienten)

NPS gir som eg sa eit tilbod til dei i aldersgruppa 18 og oppover, og har både poliklinikk og sengepostar. Det seier seg sjølv at dei har eit mykje større pasientgrunnlag enn BUP. Spørsmålet eg vil fram til er: burde det ikkje vere atskilleg fleire psykologar ved NPS enn ved BUP, og kvifor er det ikkje det?

Eg vart tilsett som relativt nyutdanna psykolog ved Nordfjord-BUP i 93. Det er på grunnlag av mi etter kvart lange fartstid i Psykisk helsevern i Nordfjord at eg dristar meg til å ta opp desse problemstillingane. Eg vil nå lufte nokre tankar eg har gjort meg om psykologen sin posisjon og rolle i institusjonane våre.

Eg oppfattar det slik at den faglege filosofien som ligg bak alt pasientarbeidet som blir gjort av dei leiande psykiatrane ved NPS er basert på følgande:

-Trua på at psykiske sjukdomar i all hovudsak har med genetikk å gjere, er altså arvelege
-Trua på at oppveksttilhøve, nære relasjonar og sosiale faktorar ikkje er avgjerande for utvikling av eventuelle psykiske sjukdomar
-Trua på at det berre er medisinsk behandling (tablettar), kognitiv (tankemessig) behandling eller ECT (elektrosjokk), som hjelper mot psykiske sjukdomar

Det viktige er med andre ord:

a) Å sette rett diagnose
b) Å finne rett medisin - i rett dose
c) Å eventuelt nytte kognitive teknikkar og ulike treningsprogram etter strenge prosedyrer, for å lære pasienten korleis han skal/ikkje skal tenke og handle for å halde seg frisk.

Ut frå dette meiner ein truleg at å snakke med pasientar om kjensler, opplevingar og tankane dei har om livet, andre og seg sjølv, ikkje har noko for seg som ein del av ei behandling. Å ha ”barndommen” som tema i samtalebehandling blir truleg på bakgrunn av dette oppfatta som direkte latterleg.

Det er grunn til å tru at når leiarane står for ein slik tenkemåte, så fargar det det meste av arbeidet ved institusjonen, sjølv om det skulle finnast andre der som tenker annleis.

Korleis er det å vere psykolog på ein arbeidsplass der denne forståinga er innarbeidd? Eg vil tru at det er vanskeleg å nå fram med argumentasjon tufta på psykologisk fagkunnskap, og det er jo det ein psykolog først og fremst har å bidra med. Truleg vil ikkje dette opplevest som fagleg tilfredsstillande etter seks års universitetsutdanning. Vi må også hugse at psykologen står fullt ut ansvarleg for si eiga verksemd, og kan kome i vanskelege dilemma om han blir underlagt for snevre føringar definert av nokon med eit heilt anna fagsyn. Det er stor etterspørsel etter psykologisk kunnskap over heile landet, og ein kan som psykolog velge og vrake i jobbar. Ingen treng å bli på ein arbeidsplass ein ikkje trivst på.

I Nordfjord er vi i dag åtte psykologar i det offentlege systemet, og fem som driv privatpraksis. Av desse åtte er fire tilsett ved BUP. Dei har til saman 32 års fartstid på denne arbeidsplassen.(Høvesvis 14, 8, 6 og 4 år). Tre av dei fire er spesialistar, og det er tilsett nokon i alle stillingane. NPS har tre psykologar. Dei har samanlagt ca.12 års fartstid på NPS. (Høvesvis 3, 3 og 6 år). Ein er spesialist. NPS har fleire ledige stillingar. Fire av dei fem privatpraktiserande er spesialistar. Ein psykologspesialist arbeider i Familievernet.

Nå er det jo også slik at det er planlagt bygging av ny ruspost på Eid. Den er tenkt lagt til NPS, og kjem i tillegg til dei to dei har frå før. Det blir det første eigne rusbehandlingstiltaket i Sogn og Fjordane, og det er vi svært glade for. Likevel har eg nokre spørsmål i samband med denne nyetableringa. Korleis vil for eksempel dei nevnte vanskane med å rekruttere og behalde psykologar på NPS verke inn her?

Gjennom den store rusreforma i 2004 vart ansvaret for ruspasientar lagt til dei regionale helseforetaka, og forankra i spesialisthelseteneste-lovgjevinga. Dette skjedde mellom anna fordi ein tok på alvor at rusmisbruk og psykiske vanskar ofte heng saman. I moderne rusbehandling erkjenner ein at rusrelaterte problem er samansette, og at behandlinga må møtast med både psykologiske, sosiale og medisinske forståingsmåtar. Omgrepet tverrfagleg, spesialisert rusbehandling blir brukt. Korleis skal ein få til gode, tverrfaglege team på Eid om ei svært sentral yrkesgruppe på langt nær ikkje er til stades?

Det eg har skreve om her er mine private oppfatningar og refleksjonar, og eg er åpen for at eg kan ta feil. Skulle det likevel vere slik som eg trur, eller om det berre er slik til ein viss grad, så er eg svært bekymra for kva slags tilbod pasientane i Nordfjord får, og vil få framover. Eg er også oppteken av at vi må ha dette som eit åpent tema, slik at brukarane våre kan få eit innblikk i kva tenester vi kan (og ikkje kan) tilby, og slik at retten til fritt sjukehusval kan bli meir enn ein fin tanke på papiret.

For at vi i psykisk helsevern best mogleg skal kunne ta vare på det enkelte mennesket som kjem til oss for å få hjelp, må vi legge stor vekt på at alle relevante yrkesgrupper får gje sitt bidrag. Dette handlar ikkje først og fremst om å ta psykologane på alvor, men om å ta pasientane på alvor.


Herdis Bergset
Spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
nordfjordpsykolog.blogspot.com

2 kommentarer:

Reidunn sa...

Jamen er du modig som tek opp diskusjonen - eg er redd for at du blir tidd ihel. Håper at nokon av kolegaene dine kjem med innspel.
Helsing helsestellskonsulent Reidunn

tilskodar sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.