torsdag 4. oktober 2007

Psykisk helsevern er viktig

Eg hadde i dag eit innlegg i Fjordabladet om manglande samarbeid og faglege motsetnader i Psykisk helsevern i Nordfjord. Dette er ei lita avis som stort sett dekker Eid kommune i Nordfjord.

Fordi eg meiner at dette avisinnlegget bør vere tilgjengeleg for fleire enn dei som les Fjordabladet, legg eg det ut her.

Etter kvart får vi sjå om det blir fleire innlegg frå meg, og om det kjem ein debatt i kjølvatnet av innlegget mitt.

Her kan du lese det som stod i avisa i dag:
PSYKISK HELSEVERN I NORDFJORD – SAMARBEID?

Eg har snart jobba 14 år som psykolog på BUP-Nordfjord. (Pykisk helsevern for barn og unge). Eg har i desse åra utdanna meg som spesialist, og har i tillegg ei treåring psykoterapiutdanning. Eg meiner eg har såpass oversikt over fagfeltet både her i Nordfjord og ellers i landet at eg kan stå for det eg vil skrive om her.

For å hjelpe klientane best muleg er det ofte nødvendig å samarbeide med vaksenpsykiatrien (Psykisk helsevern for vaksne) og andre delar av helsevesenet. Dette samarbeidet er ofte svært vanskeleg å få til, noko som sjølvsagt gjer at behandlingstilbodet blir dårlegare enn det skulle vore!

Kvifor er det slik?

Eg vil gjerne få kome med eit eksempel som er oppdikta, men kunne vore verkeleg: Ein ung, deprimert mann på 18 år gjekk i behandling hos ein psykolog på BUP, men måtte etter kvart overførast til vaksenpsykiatrien på grunn av alderen, og fordi ein såg at han ville ha bruk for oppfølging over lengre tid. (BUP har ansvar for dei mellom 0 og 18). Om han var medisinert eller ikkje er ikkje poenget her. I første samtalen med psykiateren slo vedkomande fast at guten leid av ein genetisk arveleg tendens til å reagere på belastningar i livet med depresjon. Fleire i familien var nemleg også plaga med depresjon. Det låg i korta at det ikkje hadde noko hensikt å forsette behandlinga hos psykologen. Guten hadde hatt store psykososiale belastningar i oppveksten, mellom annna hadde han i mange år vore dregen mellom to foreldre i ei bitter parkonflikt før og etter eit samlivsbrot. Psykologen hadde i samråd med guten jobba med desse temaene i samtaleterapi, og det var tilhøvet til foreldre og søsken og hans rolle i det som hadde skjedd, som var det denne plaga og forvirra ungdommen ville snakke om.

For å gjere ei lang historie kort, så endte det med at pasienten ikkje greide å få desse to forklaringsmodellane til å henge saman. Var det biologisk uflaks som var årsaken til all smerten, og var løysinga på problemet å ta medisin – kanskje resten av livet? Vedkomande fekk beskjed om å lære seg teknikkar for å kunne leve med problemet sitt. Psykologen si tilnærming innebar kanskje ei meir strevsam løysing for guten, men tok sikte på å gje ein ungdom ved starten av sitt vaksne liv ei større oppleving av ansvar for eigen lagnad, ein tryggare identitet og større grad av forståing av eigen situasjon. Alternativet er ei fatalistisk tru på at genene styrer alt, og at det berre er medisin som kan vere til hjelp. I den samanhengen er opplevingar, kjensler og identitet ikkje reikna som viktig. Eg meiner dei er det.

Korleis skal vi fagfolk greie å få til ein dialog rundt dette? Korleis skal vi greie å unngå at våre ulike perspektiv øydelegg for pasientane våre? Eg meiner det skillet eg her har beskreve representerer ein fagleg ”avgrunn”. Teoretiske motsetnader kan bli så store i enkeltsaker at vi står i fare for å la pasientane våre forsvinne i denne avgrunnen, og at ingen av dei tauendane vi har å tilby frå kvar vår kant er lange nok til å redde nokon opp igjen om vi ikkje samarbeider.

Eg er ingen motstandar av medisin. Poenget mitt er ikkje å setje psykologisk behandling og medisinsk behandling opp mot kvarandre som to uforenlege vegar mot same mål. Eg utelukkar heller ikkje at det ofte også ligg genetisk sårbarhet bak sjukdomsutvikling.

Eg stiller berre spørsmålet om det er rett å sjå fullstendig vekk frå psykologiske, kjenslemessige og miljømessige faktorar? Eg lurer også på korleis vi etisk sett kan leve med å ta frå unge menneske utan livserfaring og mulighet til å vurdere alternativa, ansvaret for si eiga mentale helse? Det skjer om vi ikkje greier å formidle nyansane i ulike forståingsmodellar, og bidra til auka refleksjon og forståing i staden for det motsette. Eg opplever at det av og til blir nytta overforenkla og til tider fordummande og banale faglege forståingsmodellar som kanskje gir medisinaren større suksessrate der og da, men som ikkje fremmer psykisk helse på lengre sikt.

Dette seier eg ut frå snart 14 års fartstid i Psykisk helsevern for barn og unge, og utallige forsøk på å få til eit samarbeid med enkelte legar både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i Nordfjord. Eg vil her gjerne tilføye at dei aller fleste heldigvis har evna til eit nyansert og reflektert syn på psykiske lidingar, men dessverre ikkje alle.

Etter å ha ”bøygd nakken” i alle desse åra, i trua på at brukarane våre i det minste evnar å skille mellom skitt og kanel, har eg nå kome fram til at grensa er nådd. Det er på høg tid at nokon tek til motmæle mot det eg oppfattar som ei for snever tilnærming til psykiske lidingar. Dette handlar ikkje om at eg etter kvart byrjar å få litt vondt i nakken, men om hundrevis av menneske som har bruk for hjelp frå Psykisk helsevern kvart år, og korleis dei faktisk har krav på å bli møtt.

Herdis Bergset
Psykologspesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi

Ingen kommentarer: