torsdag 25. september 2008

Softgun-hysteri

Hørte i radioen i dag at ein ungdomsskuleelev frå Florø hadde vore så uheldig å ta med seg ein softgun på skulen. Det skulle han aldri ha gjort, og truleg angrar han veldig på det nå! Du veit vel kva ein softgun er? Eit leikeskytevåpen av plast, som rett nok ser ut som eit skikkeleg våpen, men som berre kan skyte bittesmå plastkuler. Dei fleste unge gutar som kjenner nokon som har vore i syden, eller som har vore der sjølv, har ein slik liggande.

Det at han tok med seg softgunen sin på skulen dagen etter skytetragedia i Finland var truleg der den verste uflaksen kom inn i bildet. For nå skal jo alle vere obs. på, og "slå hardt ned på", tendensar til vald, og skyting, i skulen sjølvsagt. Og skal ein slå hardt ned på noko, så kan ein vel ikkje samtidig tenke fornuftig - eller?

Eg synest synd på han som truleg heilt uvitande om ulykka i Finland, bestemte seg for å ta med våpenet sitt og vise fram til kameratane akkurat den dagen. Han sit sikkert igjen nå (etter å ha blitt "slått hardt ned på") og er både forvirra og sint. Dei som tok med seg rollerblades eller skateboard på skulen, fekk sikkert berre ein advarsel og ei påminning om at dette er det ikkje lov å ha på skulen. Kanskje det hadde vore greit nok her også?

Avvergar vi skytetragediar som den i Finland med å ringe politiet når vi ser ein leikepistol? Trur ikkje det, nei! EG trur derimot, at ungdom, oftast gutar, som endar med å skyte klassekameratar, lærarar og vanlegvis seg sjølv, ikkje er kven som helst. Skal vi avverge at slike ting skjer, må vi faktisk SJÅ kven ungane er. Vi må prøve å oppfatte kva dei strever med, og korleis dei opplever skulekvardagen, kontakten med kamaratar og tilhøvet til foreldra. EG trur nemleg at desse gutane

  • har opplevd mange nederlag på skulen
  • har opplevd at dei blir avvist av venner
  • har opplevd ein eller annan form for omsorgssvikt heime, kanskje blitt slått
  • har ikkje blitt "sett" av nokon på veldig, veldig lenge, om dei nokon gong har blitt det
  • har eit lenge oppdemt raseri i høve til omverda

Når ein slik avvist, einsam og truleg i eigne auger mislykka gut, byrjar å bli ekstremt våpeninteressert (da snakkar eg ekstremt altså, ikkje normal unggutt-interesse, som også kan vere stor), og han har liten eller ingen kontakt med jevnaldrande, men sit heime og spelar valdelege data/TVspel, ser valdsfilmar og legg ut valdsforherligande videoar og anna stoff på nettet. Når dei vaksne som har omsorgen for han eigentleg ikkje veit eller bryr seg om kva han driv med, og når lærarane kjenner at dette er ein kar som ikkje trivst eller utfaldar seg slik dei andre gjer, ja DA kan vi byrje å reagere. Men vi spring ikkje til politiet det første vi gjer. Tru det eller ei, det er kanskje det som er til minst hjelp i ein slik situasjon.

Autoritetar som truar med straff, oppfører seg aggressivt og utøver makt overfor ein slik kar heller truleg berre bensin på bålet.

I vårt land har vi, som Atle Dyregrov så klokt sa det på frokostTV i dag, ein varmare og meir omsorgsfull skule enn i Finland. Akkurat det skal vi vere glade for. Akkurat det er kanskje ein kvalitet som vi skulle verdsette meir, og hugse på kvar gong vi fell for freistinga å hylle dei fantastiske skuleprestasjonane i Finland. Skal vi nå slutte å gremme oss over kor "dårleg og ubrukeleg" den norske skulen er samanlikna med den finske og så vidare? Det er muleg at det ikkje berre er skuleprestasjonar som tel, når alt kjem til alt. La oss berre unngå å rote det til for oss før det er for seint, og vi har ofra dei kvalitetane vi har i skulen i dag, til fordel for ein "flinkare" elite.

tirsdag 16. september 2008

Eg blir sint


- når eg treffer på kollegaer som tråkkar over etiske, moralske og faglege grenser, og som gjer det gong på gong! Ja, nå skyt eg på eiga yrkesgruppe her, det får våge seg. Som notorisk hissigpropp må eg få lufte ut litt frustrasjon når eg gong på gong ser spora etter andre psykologar ute i verda som ikkje berre har vore over gjerdet, men langt inn på naboen sitt jorde......

I dag hørte eg igjen referert at ein sakkyndig psykolog skal ha uttalt seg om den faglege gehalten av andres arbeid.... -til klienten. Det er jammen ikkje første gongen eg høyrer om slikt, og eg blir ikkje berre sjokkert, eg blir sint! I og for seg er det greit å uttale seg kritisk, det må vi tåle, og ofte er vi for utydelege når vi er uenige med kollegaer. Det er greit dersom

a) den som kritiserer har belegg for at det kollegaen har gjort/skreve/sagt er faktisk feil, og ikkje berre er fagleg uenig med han

b) den som uttaler seg er nøytral i saka, slik at han eller ho ikkje sjølv har ei rolle som faktisk krev nøytralitet (sakkyndige psykologar i rettssystemet eller barnevernet for eksempel)

c) den som blir kritisert får sjansen til å korrigere påstandane, forklare samanhengen, syne til vitskapeleg grunnlag osv.

Psykisk helsevern for barn og unge og barnevern er to faglege landskap som kan vere noko utfordrande å ferdast i. Dei er fulle av bratte bakkar, krokete stiar og skumle skogar der GPS-en ikkje verkar..... For å seie det mindre kryptisk: når ein arbeider med barn, har ein mange personar å forhalde seg til, og klienten og oppdragsgjevaren din (foreldra) kan ha motstridande interesser. Som oftast går dette heilt greit, foreldra tek ansvar for ungen, og er rimeleg bra i stand til å syte for det barnet treng. Det er ikkje desse sakene eg snakkar om nå. Eg snakkar om dei sakene der barnet sitt beste ikkje samsvarer med det dei vaksne meiner er viktig, eller greier å syte for. Dette kan, men treng ikkje vere, barnevernssaker, det er alvorsgraden som avgjer det.

Dersom vi nå sender desse til BUP, og psykologen der kritiserer dei vaksne og stiller krav til dei om å endre seg, vil det raskt opplevast som ubehageleg for dei vaksne. Da er det vi ser at ønsket om å shoppe fagleg bistand dukkar opp. "Ja, psykologen på BUP har jo ikkje forstått nokon ting, men du er sjølvsagt mykje flinkare og snillare". Dei fleste av oss som har vore ute ei vinternatt før, gjennomskuar dette. Det er sjølvsagt behageleg å bli sett på som den store guruen ei stund, men det behaget er oftast på linje med å tisse i buksa for å halde varmen. Det varer nemleg berre heilt til du set ord på noko ubehageleg overfor klienten, eller stiller krav til han. Da er ofte tida moden for vidare psykolog(s)hopping, og denne gongen sit du att som "den dumme psykologen".

Er du i ei rolle der du "droppar innom" saker i avgrensa oppdrag (les: sakkyndig, eller av og til privatpraktiserande) blir du sett på ei prøve her. Du har ofte ikkje full oversikt over saka; du manglar informasjon, du har ikkje fulgt saka over tid og du har ikkje tilgang på komparentopplysningar frå for eksempel skule eller barnehage. Men: du møter eit intenst ønske om støtte og medhald, og devaluering av kollegaen som var så dum er alltid kjærkome..... Skulle det slumpe til at du faktisk ikkje likar denne kollegaen, eller er rivande uenig med han fagleg, er freistinga enda større. For ei lita stund kan du kjenne deg som verdsmeister - og det beste av alt: ingen kan ta deg for det! Du er fullstendig beskytta, og kan i praksis seie kva du vil! At du samtidig undergrev tilliten til ein kollega, di eiga faggruppe og til hjelpeapparatet generelt er kanskje ikkje så lett å sjå der og da?

Eg vil sette søkelyset på dette, fordi eg meiner det er på høg tid at vi snakkar om det. Det er IKKJE til klientane sitt beste at vi driv på slik, og eg meiner det bør reagerast på med inderleg og sterk fordømming.