onsdag 24. november 2010

Bør psykologar uttrykke frustrasjon?

I dag har eg fått vite at det er nokon som har reagert på bloggen min. Eg veit ikkje kven. Først vil eg difor be om unnskyldning dersom eg uforvarande skulle ha kome til å skrive noko som kan takast ille opp. Det har ikkje vore mi meining. Forrige innlegg handla om min frustrasjon som psykolog i BUP etter snart 18 års virke. Eg vil presisere at dette IKKJE handlar om nokon enkelt sak, pasient eller familie, men om kjensler og tankar som er ein sum av alt som har føregått desse 18 åra. Det handlar heller ikkje om at eg har ei negativ oppfatning av nokon av samarbeidspartnarane våre i kommunane, eller kritiserer nokon som arbeider der. Eg opplever å ha fått mange venner gjennom samarbeidet mitt med dykk, og tenker at det i alle kommunar finst mengdevis med flinke og oppriktige og iherdige menneske som eg har hatt stor glede av å bli kjent med. Igjen handlar det om summen av mange erfaringar, og tankar eg i etterkant har gjort meg om tida vi lever i, og uuttalte idear og oppfatningar som er så implisitte i alt vi les, hører og tenker at vi ikkje legg merke til det. Mange av desse tankane kjende eg berre som eit ordlaust ubehag heilt til eg hadde bestemt meg for å slutte i jobben. Da greide eg omsider å få nok avstand til det til å sette ord på noko av det.

Å skrive ned tankane mine har også ein mentalhygienisk funksjon for meg. Det er slik at til og med psykologar kjenner på eiga dugløyse i jobben av og til, og kan gå i den fella at ein tenker at alt negativt som skjer tyder på at eg ikkje er flink nok. Å sette ord på kjenslene og tankane mine i bloggen har fungert som ein måte å sortere på, slik at eg skal sleppe å ta ansvar for alt som har gått skeis, og alt som eg ikkje har lykkast med. Sjølvsagt er det ting eg skulle ha gjort betre, som det er med dei fleste, men både eg og mine komande pasientar har best av at eg greier å finne att min eigen kompetanse midt oppi alt dette. Eg har samtidig prøvd å halde meg på eit generelt plan, og meiner eg peikar på idear og prinsipp som gjeld for alle, men har muligens ikkje lykkast heilt med det?

Så til tittelen på blogginnlegget. Mitt svar på spørsmålet er ja. Det avgjerande er sjølvsagt kva slags frustrasjon det er snakk om. Eg prøver å halde meg innanfor rammene av det som er etisk forsvarleg ved å sette ord på frustrasjon i høve til system og samfunn, og ikkje i høve personar. Det å skrive denne bloggen er viktig for meg personleg, men eg vil også vere så ubeskjeden å hevde at ei stemme frå ein behandlarkvardag kanskje kan vere nyttig for andre også? Vi er ikkje så mange i mi yrkesgruppe som driv med slikt. Forrige blogginnlegg har eg i alle fall fått positiv respons på frå kollegaer som seier dei kjenner seg igjen i det eg skriv, men at dei ikkje har tenkt på det før... Da har det kanskje vore til litt nytte likevel da?